...

Leiar 04 november 2010

Ulovleg overvaking trugar vanlege folk

Under den kalde krigen fekk skuldlause nordmenn lagt sine yrkesval i grus. Denne gongen kan ulovleg overvaking trua tryggleiken til skuldlause. Har TV2 rett i avsløringane sine, må dei skuldige av allmenpreventive omsyn straffast.

Av Terje Marøy - tidlegare fallskjermejeger og major

 TV 2 har identifisert sju av dei
15-20 mistenkte for spionasje til føremon for framand makt.

Jusprofessor Ståle Eskeland var raskt ute med å stemple denne virksomheten som ulovlig. Likeiens leiaren for datatilsynet. Det kjennest som ein gufs frå den kalde krigen si tid.

 

Personleg tryggleik truga?

Den gong vart store delar av venstresida i norsk politikk overvaka i periodar. Fangsten var dårleg, men mange fekke sine yrkesval øydelagte. No er me i krig. USA har i denne krigen utsett mistenkte for tortur. Mange er avretta utan rettsprøving, fordi våre framste allierte har vore overtygd om skuld.

Mykje skal til for at dette skjer med nordmenn, men etter sviket frå hødståande tidlegare tenestemenn i politiet, ligg lagnaden til desse personane i hendene på ei framand makt.

Dette omsynet er skjerpande når straff skal utmålast. Her ser det som om tenestemennene og eventuelt kvinner, har gjort lovbrot og fått betalt for det. Truleg erinntektspotensialet i USAs hemmelege tenester monaleg høgre enn det norske statsregulativet.

Lat meg likevel minne om at ingen er dømd. det kan vera omsyn som fritek for skuld, som at dette spionprosjektet er kjend og godteke av norske styresmakter.

 

Uro

Eg kjenner uro over handlingslaminga vi har sett i denne saka, ikkje minst frå PST si side. Kan den henge saman med at dei mistenkte har gode vener i politiets hemmelege tenster?

I slike saker er det viktig å hindre at prov blir øydelagt.

Mine spørsmål til justisminister Knut Stortinget og PST-sjef Janne Kristensen er desse:

1. Har de pågripe dei mistenkte til innleidande avhøyr?

2. Vil de kreve varetekt for å hindre øydelegging av prov?

3. Er det slik at desse personanes solide kontakter i dei hemmelege tenestene skal gi dei særbehandling i strid med normale prosedyrer; det vi tidlegare kalla klassejus?

Etterforskning må så avgjere om broysverk har blitt utført, eller om det finnes underliggjande element som sikrar dei involverte mot straff. Det kan ikke gjelde ei lov for Arne Treholt og ei anna for tidliegare PST- og Delta-tilsette (politiets antiterror-styrke).

Vi har ein strafferett som skal virke allmenpreventiv. Da må ein og nytte den for å hindre at statstenestemenn sel sin høgt graderte kompetanse for å selge seg inn til andre stater. Det er viktig å stenge for slike freistingar for potensielt utru statstenestemenn og kvinner. Det kan ein berre gjere gjennom tillitvekkjande etterforsking ogeventuelt straffe dei straffbare handlingane.

 

USAs praksis

Siden denne spionasjen er gjort på oppdrag frå USA, kjem eit alvorleg tilleggsmoment som må vurderast strafferettslig med omsyn til eventuell straffeutmåling. USA er kjent for kidnapping og tortur av mistenkte. Når dei kjenner seg trygge på skuld uten rettslig prøving, har dei og tradisjon for likvidering.

Dette har og hendt i den såkalla krigen mot terror.

Slikt gjer de ikkje mot norske borgere? Neivel. Sikkert ikke. Men slik misbruk av personinformasjon er desse mistenkte personane vel kjent med, slik at det skjerpar alvoret i deira brotsverk. Så gjør USA som dei selv vil med informasjonen, misbruk ligg utanfor spionane sin kontroll.

Sjølv skuldlause born kidnappa i denne krigen for å presse foreldre for informasjon, som tilfellet var med to mindreårige søøner av Mohammed Sheik Khaled for seks-sju år sidan. Dei var den gongen åtte og ti år gamle. Når USA oppfører seg slik mot mindreårige, har ulovleg overvaka personar grunn til å frykte kva amerikanarane finn på når dei har studert infomasjonen.

 

Saka har og ...

ei anna side. Når eit kontor blir etablert, er det alle tilsette sitt ynskje å levere resultat. Manglar resultata, er det fort gjort å senke terskelen for det ein innhentar, og pynte på relevansen.

 

Uskuld?

Men før vi utpeikar folk til quislingar, må vi ta høgde for at dette kan vera klarert med norske styresmakter. Det er ikkje noko nytt at politiske og byråkratiske maktmiljø fyk rundt kvarandre som vettskremte høns så fort nokon pirkar borti dei.

Hvis dei mistenkte har fått godkjenning av føresette til ulovleg overvaking, er ikkje dette i seg sjølv frigjerande. Ein kvar har eit sjølvstendig ansvar for ikkje å late seg bruke til straffbare handlingar. I ei slik sak har dei og varslingsplikt.

***

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no