...

Ide = Ikkje dau enno

(Nye tekstar ligg omvendt kronologisk under innleiinga "ikkje dau enno").

Ikkje dau enno

Av Terje Marøy

Dette freske utsagnet er ikkje mitt, men nynorsk omsetjing av Not dead yet, ein amerikansk organisasjon som minner samfunn og styresmakter om at livet skal levast heilt til dagen er inne.

Gjennom eit levd liv har eg fleire gonger sett dauden i kvitauget. Han er ingen fiende, heller ein ven. Som med ein del andre vener; venskapet trivs best på ein armlengdes avstand. Stort sett har det vore eigne val som har sett meg i kontakt med han.

 

Einaste visse ...

... i livet er at vi alle skal døy. Difor lener eg meg trygt attende, og tek dagane som dei kjem, på godt og ilt. Ein treng kanhende ikkje å ta dauden så fordømt personleg, som vår tradisjon har for vane. Men det er artig å leve, så eg ser helst at eg har nokre år att, "før min livbåt blir låra, i seks fot med jord," - utan at eg trur på noko "Tir'na noir" på hi sida.

I januar(2010) vart eg brått sjuk. Hadde eg vore på ei av reisene mine, kunne utfallet blitt;Terje døydde etter kort tids sjukdom. Nokre ville sørgje, fleire ville gle seg. Eg var heime. Ein enkel operasjon med nokre månaders varsam opptrening, eit lite steg attende i mai som eg kom fort over, og så var eg mest same karen at.

Likevel, hendinga fekk meg til å tenkje. Både på det eg har gjort, og det eg ikkje rekk. Det er mest av det siste. Men i åra som kjem, vil denne sida vera mine tankar inn for den einaste hendinga alle kan vera viss på; møtet med dauden - og livet som andre skal leva vidare utan plage frå meg.

Rett festleg blir denne sida hvis demensen i slekta råkar meg. Då kan her kome mykje rart, parallelt med at tabu vert brotne.

"Døden, skal vi danse?"

Slik set Per Fugelli livet i perspektiv i den nye boka si. Dei orda er eit bilete, eit bilete fortel meir enn 1000 ord.

Og jordfestinga?

Vel, er eg klar i toppen og har fått nokre veker til å områ meg, så trur eg at eg vil halde gravøl medan eg framleis heng med. Ikkje minst vil det være moro å høyre alle dei fine orda, dels fakta og dels fiksjon frå eit ferdig levd liv. Mest moro blir det å høyre hendingar om meg sjølv som eg korkje kjenner til eller har høyrt før.

Og siste natta ...

... vil eg mobilisere all kraft mot dette eine - å sjå den nye dagen gry. Og vite at her går livet vidare. Kan hende lever eg sjølv, gjennom ein gneist av inspirasjon til eit anna menneske, som Johan Galtung så vent seier det.

***

På fottøyet skal storfolk kjennast

På morgonfjernsyn i dag var eit innslag om Øyvind Yndestad som forskar på vikingane sitt fottøy. Det tykkjest som ei noko sær oppgåve. Men innslaget var ikkje mange sekund under vegs før eg vart opplyst.

Motane skifta den gongen som no, og dei skifta kjapt. I same tiår kan dei no finne sams fottøy over heile Europa. I utkanten, her oppe, førte vikingane desse motene heim. Snabelskoa var særs populære til finbruk. Det viser tette band mellom Noreg og Europa, meir enn 1000 år før EU og EØS var påtenkt.

Eit trekk er at dei gjevaste vikingane hadde største snabelen, utan samanlikning elles.

Men det må ha vore mykje kalde føter, særleg i vårløysinga. 

Eg minnest ei kone i slutten av min bestemorgenerasjon som ved årtusenskiftet vart spurt om kva største framsteget i førre århundre var. Ette ei kort tenkjetid kom svaret; gummistøvelen.

Den revolusjonerte både helse og bumiljø. Borna heldt seg tørre på føtene. I stova slapp ein å ha hengjandet åtte-ti sokkepar og vadmølsbukser til tørk. Sjukdom fekk dårlegare kår, levealderen auka for alle, og færre born døydde.

No er Viking Askim historie, som mykje anna nyttig. Snart er eg sjølv historie, men i livet mitt har fleire Viking-produkt vore til stor nytte, både over og under vatn. (Dei produserte og svært gode tørrdrakter for dykkarar).

 ***

Livet på vent - om organdonasjon

TV2 har nett synt dokumentarserien "Livet på vent". Der møter vi menneske som ventar på livsviktige organ. Dei ventar på at du og eg skal gi bort organ som våre kjære eller vi sjølve ikkje har bruk for.

Slik kan vi alle gjere nytte for oss etter dauden. 

Nokre har religiøse innvendingar. Dei ser eg bort frå. Dei fleste andre av oss har ikkje slike. Likevel er det for få organ. Det har med timing å gjere.

Eg kjenner ingen som ikkje vil gje bort organ, når eg snakkar om temaet. Når den kjære ligg dau, stiller saka seg annleis. Vi skal handtere dauden og sorga, vi treng sjølve trøyst og vi skal trøyste. Og der står ein mann i kvit frakk med kniven klar, og spør om å få skjæra!

NEI!

Det svaret er svært vanleg. Med eit fortvila NEI, må lækjaren gå. Han får ikkje berge livet til jenta eller guten borti gangen. Med eit ugjennomtenkt og sorgtungt NEI, har eg avsagt dødsdom over eit anna menneske.

Katten vår

Har tatovert eit lite merke i øyret. Det viser at han har ei databrikke under pelsen med alle relevante data for at ein finnar skal kunne oppspore oss.

Eg seier ikkje at organdonorer skal ha ei databrikke på kroppen, men kan hende ei lita tatovering. Eit lite raudt hjarte bak øyreflippen eller på handbaken, vil syne kva standpunktet til den daude er. Då blir det lettare for dei syrgjande å gi sitt JA!

Tatoveringsmerket kan gjerast med knipetang hjå fastlegen, og vi diskuterer saka med dei nære når tatoveringa er på plass. Enkelt og kjapt.

JA!

Og tenk på jenta som blir utsett for sjekking? - Kva slag fyr er du eigentleg, overflatisk, som ikkje eingong  har donorrmerke på deg? Nei ein slik fyr held eg meg unna.

Merket kan få kultstatus, og bra er det.

***

Tuppetrening - fysj!

Treningsguru Kari Jaquesson, på fjernsyn rett som det  er, kalte feite folk late. LATE! Kva veit ho om det. Når ho seier slikt om slike som eg, kallar eg henne for tuppe og treninga for tuppetrening.

I mitt sjuande ti-år har eg vel komen i kategorien "Vi som bygde landet". Latskap høyrer ikkje vår generasjon til.

La gå at eg har stor vørdnad for Tuppa Jaquesson, og meiner ho gjer både ein framifrå  og nyttig jobb til bate for folkehelsa. Men at eg og andre med meg er LATE!.

Ikkje snakk om!

Men eg er for feit. I dag, 3. mai 2011, har eg ein body Mass Index (BMI) på 35,5, eller feite klasse II, i nærleiken av sjukeleg overvekt. (Vel 110 kilo fordelt på 176 cm).

 Feit, men ikke lat!

Likevel, gjev meg to veker som frisk, slik at eg kan fylgje eige opplegg, så skal eg gruse denne småjenta på sykkel. Ti tusen meteren med enkeltstart kan høve. Eller frå Hverven-bukta til fiskerestauranten i Engelsviken (åtte-ti mil). Då treng eg nok likevel tida fram til Moss for å kome i form, før eg grusar henne dei siste fire mila frå Moss til mål.

Litt arg, javel. Og sidan - eg får vel kalle henne Kari då - ikkje les stigmavakta.no, slepp eg nok å leve ut mine fridlynte ord!.

***

Kroppen min - eit testament

For kvar dag som går blir kroppen min meir sliten og mindre verdt. eg har alltid vore positiv til organdonasjon, men kven kan nytta noko som er i ferd med å gå til grunne. Truleg er eg alt for redusert til at nokon vil bruke organa mine.

Ein lækjar fortalte at dei i Norge har store problem med å få kroppar til lækjarstudiet, medan tyske studentar kunne få omlag ein skrott kva i semesteret. Ikkje veit eg.

Men eitt veit eg. I patologien ligg fasit.

  • Der kan dei lesa om både velluka og mislukka behandling. 
  • Der kan dei finne spor og løysingar etter spesielle påkjenningar
  • For kirurgspirer må det og vera betre å få øve seg på ein dau eldre herre, enn som i dag, på ein dau gris,

Alt dette er med på å betre lækjarhandverket til glede for dei som skal leve vidare.

Så, kjære kone og born. Når eg døyr, skal kroppen min til næraste universitet. Etter forsking og medisinsk testing, skal de ha resten utlvert som oske. I staden for å syte over det makabre, skal de glede dykk over at husbond og far endeleg kom til nytte, om ikkje i live så i dauden.

Sett meg deretter ein stad der de kan finne stille og ettertanke, så blir og sorga grei å ta med seg vidare.

Til nordsjødykkarar og andre som har gjennomgått spesielle lidingar i livet. Tenk over det same. I kroppen dykkar sit løyndomar som andre kan læra av.

***

Dagens lærdom

Attgløymde egg som har koka halvannan time smakar ikkje godt.

***

Verdighet?

- Verdighet preger alt vi gjør, sa helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen forleden.

Javelnei. Jeg følte meg ikke akkurat verdig på nyåret, da jeg nyoperert ble beordret på beina på Aker sykehus. Jeg er fan av Aker sykehus, syntes jeg fikk topp behandling, men selv gode venner må minnes på at det ikke skader å tenke seg om.

Slåbroken var grei nok den, for en frisk. Jeg var ikke frisk. På et stativ hang drøppa, greit nok.

Men hvor skulle jeg gjøre av pisseposen, koblet til et kateter fra blæra, ført gjennom pikken, videre i slange til - pisseposen. Hempa til å henge posen i, var plassert på utsida av slåbroka. Hvem synes det er verdig å gå med pisseriet sitt fullt synlig for allmuen, sågar i kafeen hvor folk skal nyte kakestykket sitt? Ikke akkurat en apetittvekker.

Nåvel - en slåbrok kan vrenges. Det ser jo litt dustete når en eldre herre kommer med frakken på vranga. Men jeg følte meg tross alt mer verdig enn med pisset hengende i det fri.

Fanden ligger i detaljene. Verdigheten for en pasient øker betydelig hvis sykehusvesenet sørger for ei lita pisseposehempe på innsida av frakken.

Pokker, no gløymde eg enno ein gong at denne sida skal vera på nynorsk. Hermed endrar eg språkpolitikk. Sida skal ha minst halvparten nynorsk!


***

Snakk med pasienten II

Å bli gammel kan være noe piss. Selv måtte jeg pisse 6-8 ganger per natt på den tiden jeg ble operert. (Slitsomt, men nå har jeg fått tabletter for det). Nåvel. Etter operasjonen hadde jeg djevelsk vondt. Jeg orket ikke tanken på å pisse. Derfor lot jeg meg dehydrere, drakk ikke en milliliter, og ble tørstere og tørstere. Søstrene prøvde å overtale meg. Man kan leie en hest til vannet, men ikke tvinge den til å drikke.

Noen kunne kanskje fortalt meg at de hadde kjørt et plastrør inn i blæra, slik at jeg automatpisset i en pose. Hadde jeg ikke oppdaget dette sjøl etter 8-10 timer, så hadde jeg tørsta ihjel.

***

Snakk med pasienten I

To ganger har jeg knust skallen. Siste gangen (1993) var den verste, med en rekke brudd i kraniet. Selvfølgelig etter fall på sykkel, uten hjelm. Med 100 kilo pluss fordelt på 177 cm ble det et fall med smell i. Gjøvik sykehus fikk stabilisert meg, men jeg ble liggende på intensiven. Det var noe galt, som de ikke kunne sette fingeren på.

Til slutt var dei ei søster som sa. - Vi skjønner ikke hvorfor pulsen din ikke stiger. Den er alt for lav. Hva er egentlig hvilepulsen din?

- Den ligger normalt mellom 36-38 slag i minuttet, svarte jeg som sant var.

20 minutter senere lå jeg på vanlig avdeling. Du skal ikke skue hunden på hårene, eller pulsen på kroppsfasongen.

Perspektiver

Min fireårige attpåklatt, Øyvind Ibrahim, satt bakpå med hjelm, helt uskadet etter fallet.

- Hva tenkte du da du så at pappa blødde og ikke rørte på seg?

- Je trudde du var dau.

- Ble du trist da?

- Næei. For da var det jo bare skallet som lå att, mens du var i himmeln, sammen med bestefar som passe på'n Jesus. Og der er det da fint å væra?

Kanskje bivånet jeg et under, for hvor skal sønn av en ateist ellers få slike ideer fra. Fire år seinere mistet han selv sin barnetro.

- Er det sant pappa, at det står i bibelen om en mann som ble nesten 1000 år gammel?

- Ja, så står skrevet

- Men da er det jo bløff det som står i bibelen.

Slik ble det med den saken.

Flere gullkorn

I en alder der man innser at mesteparten av livet er passert, er det faktisk ganske mye dyp glede i å minnes. Attpåklatten (årgang 1989) har servert en del snurrigheter gjennom oppveksten.

- Pappa, kan en mann væra statsminister?

Undrende konstaterte han at Gro overlot posisjonen til en mann.

Omtrent på samme tid.

- Pappa - je synes det er gæli at kronprinsen skal arve kongejobben.

- Hvordan skal vi ellers få ny konge?

- Dom kunne ha ådisjen med alle som var født på 17. mai.

***

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no