...

Prolog

Ansvarleg redaktør John Arne Markussen, politisk redaktør Marie Simonsen, journalist GunnarThorenfeldt

Ski 5. okt 2014

Sjøv om eg er inkjevetta i det pressepolitiske ordskiftet, er skuldingane mine mot dykk i denne artikkelen så harde at eg lyt senda den til dykkar informasjon. Den blir publisert på stigmavakta.no. Om andre vil prenta han, veit eg ikkje no.

Eg vil og åtvare PST om å gi dykk innsyn i mappene til dei personane de skuldar for grove brotsverk, og som ikkje kan forsvara seg

Dagbladets artiklar utfordrar grunnleggjande verdiar i vårt demokrati, som rettstryggleik og presseetiske grenser.

Med helsing

Terje Marøy

 

 

Leiar 4.10.2014
 

Dagbladet mot nye djupner


Fleire politikarar og embetsmenn blir skulda for spionasje i Dagbladet. Dei siste åra har Dagbladet slått nedover, no slær dei djupare - seks fot djupare. Soga skulle lært oss at frå Stalin-tida og dei svartaste åra av den kalde krigen er ikkje KGB dei ein skal stola mest på.

Av Terje Marøy

Eg ringeaktar sjefredaktør John Arne Markussen si avgjerd om å skulde kjente nordmenn for spionasje på grunnlag av Mitrokhin-notata, som misvisanda kallast arkiv. Dette er ikkje eit arkiv, men notat som avhopparen Vasilij Mitrokhin skreiv medan han var arkivar i KGB.

Ofte slær Dagbladet, med si pressegigantiske makt, nedover. Helst mot personar og miljø som ikkje kan eller vil forsvare seg. Etter at eitt av ofra, Erik Schjenken, slo tilbake og knuste Dagbladet i tre domstolar, har Dagbladet denne gongen trygga seg betre. Dei slær no enno lågare, nærare seks fot under bakken. Statsråd Gunnar Bøe og dei andre som Dagbladet skuldar for grove brotsverk, kan ikkje slå tilbake.

 

Gunnar Thorenfeldt

Saka blir driven fram av den frykrta journalisten Gunnar Thorenfeldt. Han er ikkje mest frykta for avsløringane sine, men for kva han faktisk skriv trass i kjeldematerialet han sit på. Eg har tidlegare teke dette opp med han i annan samanhang.

I mange saker har han synt ei uærleg tilnærming til journalistikken. Teknikken hans er å finne ein knagg. På denne heng han likt og ulikt. Han trekkjer fram skuldingar som kan størtte sensasjonen han vil skape, og løyner opplysningar som dreg motsett - eller balanserar - som det fint heiter i Vær Varsom-plakaten. I denne sensasjonsrøra blandar han inn kommentarar frå kjende menn og kvinner, som ikkje kjenner saken, for slik å gi truverde til sitt eige produkt. I enden av prosessen ligg gjerne eit vrengebilete av soga. Slik blir og kjeldene hans mishandla, dei står att som sanningsvitne for ei heilt anna bilete enn dei uttalear seg om.

Denne arbeidsmåten er velkjendt frå propaganda og reklame, men har inkje med god journalistikk å gjera

Arbeidsmåten er feig, når journalistar må fuske for ikkje å la balansen påvirke sensasjonen. Ikkje berre det, med skylappane sine kan han og gå glipp av dei verkelege godbitane i ei samasett sak. Sidan journalistar er ei gruppe med særleg vern, i verna verksemder, kan han fritt ture fram i skjørtekanten på redaktøren, novel, gøymd bak buksebaken på skiftande redaktørar.

 

Vasilij Mitrokhin ...

... kan godt ha vore ein ærleg mann, men notata hans har ein strukturell mangel som burde få Dagbladet til å visa varsemd.

  • Det er kjent at KGB-offiserar gjerne pynta på rapportane sine for å auke eigen posisjon i systemet. Å huke ein statsråd, sjølv vona om å huke ein slik, ville vera eit varp i den flokken. Difor kan det stillast spørsmål ved arkivarens kjeldegrunnlag. Vi veit ikkje om han skreiv om fakta eller fiksjon. Dagbladet skriv sjølv at notata hans er usanne der KGB skuldar kjende norske journalistar, frå mellom anna Dagbladet. Same tvil burde kome daude politikarar og embetsmenn til gode.
  • Førebels har ikkje Dagbladet vist til originaldokument eller kopi av desse. Mitrokhin sjølv er ei sekundærkjelde, som ikkje var nær hendingane han har skrive om. Han er daud, og kan ikkje konfronterast, som dei uthengde er daude og ikkje kan forsvare seg.
  • Personane som Dagbladet trekkjer ned i søla er daude, og har ingen til å verne sine interesser. Sakene blir aldri ført for ein domstol, der sanninga kan prøvast.
  • Mitrokhin har heller ikkje vore i stand til å sklle skuldige, uskuldige - og kan hende kontraspionar som infiltrerte KGB med planta informasjon etter oppdrag frå Norge og allierte.
  • Fleire skal ha vore overvaka, utan at det er funne grunnlag for påtale, disiplinære tiltak, omplassering eller avskil frå stilling. Det fins heller ikkje no prov på at dei har gjort dei grove brotsverka som Dagbladet skuldar dei for. Altså, overvaking og etterforsking har ikkje ført fram. Likevel set Dagbladet sitt stempel "Avslørt" på saka, like sterkt som ein fellande dom i freistnad på å skape ei folkemeining og kollektiv fordøming.

 

Utanforståande gir sensasjonen tyngde

Gunnar Thorenfeldt nyttar sin velprøvde taktikk. Kjende nordmenn, som ikkje kjenner saka, blir trekt inn. Dei uttalar seg med atterhald, eit atterhald som blir overkøyrd av tittel, ingress og mellomtitlar.

Truls Gerhardsen har aldri hatt leiande posisjonar i norsk politikk, slik faren Einar hadde. Han hevdar at faren ville kasta statsråden om han visste at han var spion. Atterhaldet er knytt til om Dagbladets opplsysningar er rette. Ser ein bak Dagbladets oppslag, så har altså ikkje Thorenfeldt og teamet hans tilført saka noko som helst nytt eller av verdi ved å skuve Gerharsen framfor seg. Alle regjeringssjefar vil sparka ein utru statsråd, om det kan provast eller mistenkjast at han tener framand makt.

Alf R Jacobsen har skrive bøker om dei hemmelege tenestene. Med atterhald (om at avisa er sannferdig), meiner han at opplysningane kunne ført til tiltale. Akkurat, om opplysningane saman med anna materiale stemmer. Og det kan ikkje etterprøvast.

Kåre Willoch vil opne akiva for å kaste lys over den kalde krigen. Hans atterhald er personvern, ingen einskildpersonar skal hengjast i ei heksejakt. Dagbladet får dette til å sjå ut som om han støttar reportasjane, men han uttaler seg prinsipielt, som den gamle statsmannen oftast gjer. Dagbladets agenda er motsett. Dei vil skape sensasjon ved å hengje ut personar på mistanke og knapt nok det.

 

Rimeleg tvil

For levande, og truleg for daude, gjeld den såkalla skuldfri-presumsjonen. Til brotsverk er provd utanfor rimeleg tvil, er ein person skuldlaus. Moderne Dagbladet bryr seg lite om dette, dei skulda er uskuldige til tvil er rydda bort. Dei lærer heller ikkje av sine eigne feil.

Verst gjekk det med Tore Tønne som tok sitt eige liv etter at Dagbladet og saueflokken bak dei dreiv han utfor stupet, på eit grunnlag som smuldra heilt etterpå. Daude får vi ikkje tilbake, sjølv om sanninga endrar soga. Mest like ille gjekk det Erik Schjenken, som vart berga av miljøet kring seg, og som slo attende og vann. Denne saka fylgde eg sjølv på nært hald og har skrive om i tekstboks MediemobbenStigmavakta


Dagbladet har på leiarplass tidlegare teke avstand frå tilsvarande det dei sjølve no lagar sensasjon av. 14.mars 2014 kritiserte dei at folk som var mistenkte for landssvik på Liste nr 1 skulle hengjast ut på mistanke. Eg og problematiserte dette i kommentaren Ein bauta på Liste nr 1. No gjer dei same synda sjølv.

Dette handlar ikkje om skuld eller uskuld, men om skitkasting utan at prov fins, og utan at dei uthengte kan svare for seg. Då er det berre born, borneborn og oldeborn som får svi. Dette er ikkje i tråd med human handtering av medmenneske. Sensasjon utan omsyn til sensasjonens pris er ikkje ein verneverdig del av pressefridomen. Tvert om, det er misbruk av pressemakt.

 

PST avslår

Dagbladet har kontakta PST for å få utlevert materialet mot den eine av to utpeika statsrådar. Kva meir dei har bede om veit eg ikkje.

PST har avvist dei, og bra er det. Kor brei og prinsipiell avvisinga er, veit eg ikkje. Av Dagbladet artiklar kan det sjå ut som om omsynet til samarbeidande tenester er avgjerande.

I tillegg vil eg tlføye at omsynet til demokratiske verdiar vi vl byggje samfunnet på, må vektast tyngre. Det er i strid med i alle høve mi rettsoppfatning at eit mediehus skal få tilgang til hemmelege arkiv for å hengje ut forsvarslause. Korkje folket eller media treng å vite detaljar om einskildpersonar for å forstå soga.

Eg støttar opning på Kåre Willochs premiss, inga heksejakt. Når Dagbladet gjer nett det, er det særleg vitkig at akkurat den avisa ikkje får raljere fritt på grunnlag av til no hemmelege arkiv.

Opning kan gjerast på fleire måtar. Historikarar kan få tilgang, mot identifiseringsforbod av personar. 

Elles skal ein og hugse at heller ikkje PST-arkiva frå den tida er problemfrie. Ulovleg overvaking gjorde at einskildpersonar fekk sjå mappene sine etter Lund-kommisjonens arbeid. Det er eit linjeskifte i Dagbladet at dei no vil inn i arkiva, i von om å finne møkk å spreie.

 

Presseetisk ordskifte manglar

Personfokuset har ingen verdi for korleis ein skal sjå soga. Arbeidsmåten til KGB er velkjent, like eins kva miljø dei ville infiltrera.

Prisen for sensasjonen er det statsrådens og dei andre uthengtes borm og borneborn som må betala, ingen andre. Desse personane er ingen formell part, og kan difor ikkje forsvare personar dei har knytt sin eigen identitet til, ein kjærleg slektsfar.

Presseetikken er klår på balansert journalistikk.

Kor sluttar pressetikken når den skulda er daud og ikkje kan nytte tilsvarsretten? Kva omsyn gjeld for etterslekta?

Fins det grenser for kva brotsverek ein daud mann kan skuldasat for? Her gjeld det brotsverk med strafferamme på livsvarig fengsel (fredstid) og daudsstraff (krigstid) på den tida, altså blant dei grovaste brotsverka som fanst.

Kva med manndrap, valdtekt og anna styggedom. Skal ein daud kunne hengjast ut på rykter eller uetterforska melding til politiet?

Dagbladet heldt ikkje eit etisk nivå som gjer det naturleg at dei skal gå opp slike grenser åleine. I det minste bør pressa gå i seg sjølv og diskutere personvernet breidt i høve til daude personar, omsyn til borna og omsyn til EMKs reglar for privatlivets fred, rettferdig saksgang, osb.

 

***

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no