...

 

Du har ikkje skuld, men rett ligg i di hand, admiral Haakon Stephen Bruun-Hansen.

 

Leiar og ope brev 2 april 2014

Bakom ligg smerte

Eg kjenner deg ikkje admiral Haakon Stephen Bruun-Hanssen. Berre i forbifarten, helste eg på deg på Flesland flyplass i vinter. Eg ynskte deg lukke til og ba deg tene folket på beste vis. No har eg, som ein av folket, ei oppgåve til deg.

For det er tenar du er, om du er vår framste militære leiar. Som tenar vel du ikkje alltid sjølv oppgåvene dine, dei blir lagde framom deg. Nokre lette, nokre tunge. Oppgåva eg no legg fram, som ein av folket du skal tene, er av det lette slaget. Å heidre skal vera ei glede, ei lett bør å bera. Men bakom ligg smerta.

 

Du veit ...

Den tunge del av arbeidet ditt er å føre politikaranes krigar, utan omsyn til kva resten av folket meiner om lovleg fatta vedtak. Til det høyrer og harde førebuingar. Du veit at kvar gong du må gi marsjordre, vil nokre av dine kvinner og menn skadast, andre blir drepne. I heider og ære kjem dei falne i strid på fremste plass. Dei som fell under førebuingane har blitt stuva bort.

 

Sameining

Men det er meir som sameinar enn skil dei to gruppene. Båe hadde dei teke stilling til si oppgåve; dei var villige til å ta eit militært ansvar for landet sitt og politiske vedtak. I det ansvaret var og vissa om at det kunne koste dei livet.

Og smerta, den er den same. Hjå ei mor og ein far som sit att og ser eit ungt liv rykt frå dei, sysken som mista storebror eller veslesyster. Mange får aldri ei grav å gå til. Etterlatne har same smerte, same kva omstende deira nære døydde under. Etterlatne etter 161 unge jagarflygarar i perioden 1950 til 1972 har ikkje ein gong eit minnesmerke, der dei på ein årmålsdag kan sitje og minnast dei gode stundene - og gi sorga uttrykk.

 

Mor

Her stoggar eg eit bel, går utanom saka, og tek lærdom frå mi daude mor. Ho var ihuga pinsevenn heile livet. Under krigen, då kjærasten sigla ut, gjekk ho på ski mellom grisgrendte bygder nordpå og forkynte evangeliet. Ihuga etter å tene det ho såg som si oppgåve. Alle rekna med at forstandaren skulle seie orda over henne i gravferda meir enn 50 år seinare. Ho vlle det annleis. Presten i kyrkja skulle seie orda. Fordi; teologi og kyrkjestrid høyrer til menneskeleg småleg kiv og kav her på jorda. Inn for Gud er me alle like. Gravferda hennar blei siste preika til oss som var att. Sjølv eg, ateisten hennar, vart gripen av hennar storleik i små kår.

 

Likemenn- og kvinner

I dauden er dine menn og kvinner like. Du veit at fleire vil døy i di tid som forsvarssjef, i di tid som folkets tenar. Du veit berre ikkje tida og staden. Kva gir deg rett til å skille dei i verdige og uverdige til offentleg heider? Eit minnesmerke er likevel ikkje fyrst og fremst for å heidre den daude, men å døyve smerta til dei som er att. Som har gitt deg og dine forgjengarar det dyraste og kjæraste dei har, sine eigne born.

 

For oss

Du var sjølv berre guttungen då desse gutane var der i lufta. I Bergen gjorde du sikkert som eg gjorde ute på strileøya Marøy før deg. Du såg opp då dei flaug forbi, og dei tok tankane våre med seg i flukta. Det korkje du eller eg tenkte på, var at dei flaug for din og min tryggleik.

No er det di oppgåve og ditt ansvar å rette opp i gamal urett. I krig og fred har flygarane alltid hatt av dei mest utsette jobbane. Etter at NRK tok opp saka 29. mars, har forsvaret kome etterlatne halvt i møte. Dei får eit minnesmerke, men namna skal framleis løynast. Di oppgåve admiral, er å gjera "fullt og helt, ikke stykkevis og delt." Fyrst då kan eg, som ein av folket, nikke og seie. Du gjorde vel - unge mann.

Det finst ikkje ein einaste sakleg grunn til å løyne namna til dei falne i ettertid. Det er namnet som skal stå ved minnesmerket, ikkje CVen eller oppdraget. Namna skal ripast i stein - til minne om dei som betalte høgste prisen for landet vårt.

I NRK-oppslaget tok dei føre seg perioden 1950-72. Mange jagarflygarar har døydd etter den tida. Æva er tidlaus. Slik bør og minnesmerket vera tidlaust. I sorga treng vi å minnast at også nye tider krev nye offer.

Du har arva dette oppdraget, du bør ikkje gi det vidare til neste forsvarssjef.

Beste helsing

Terje Marøy

Tidlegare offiser, no borgarettsaktivist eremitus

 

 

 

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no