...


 

Leif Grung

 

Ein bauta - på liste nr 1

Av Terje Marøy

Forlagssjef Finn Jørgen Solberg i Vega Forlag gir ut Liste nr 1, fordi han meiner dette er eit unikt samtidsdokument. Lista kastar ljos over krig og rettsoppgjer, meiner han.

Leiarskribentar, som sjølve ikkje alltid er så nøye med fakta før dei hengjer ut nokon, har med rette åtvara mot nett denne utgjevinga. Grunnane er klåre. Her er blanda saman krigsbrotsmenn med passive medlemmer av NS. Stripa og uskuldige. Lista er inkje anna enn ei oversikt over folk som bør avhøyrast, fordi dei er namngjevne av folk som har kunnskap om nokon, og rykte om andre.

Lista er i så måte legitim, og var eit grunnlag for påtalemakta til å sjekke folk ut av lista - eller gå vidare mot påtale og dom.

 

På lista fins ...

... og ein annan kategori, dobbeltspelarane, som var på lista fordi dei elles ville risikere livet. Og dei risikerte livet fordi dei sto på slike lister. Korkje listeskrivarane eller meinige i motstandsrørsla visste kven desse var.

På eit nes nær heimstaden min står ein bauta, utan namn, og utan inskripsjon. Dei som kjende sanninga er daude no, bestefar, onkel, far og kan hende ei handfull til. Bestefar og onkelen min reiste bautaen til minne om ein som døydde for eiga hand, kort tid før rettsoppgjeret hans byrja.

- Gjer ikkje eg jobben, vil ein annan gjere han, trudde han seg i fylgje far min. Og han gjorde tyskarjobben, så vel at han truleg ville fått streng straff. Men kvar einaste bokstav, tal og strek i hans ingeniørkunst vart kopiert og sendt til London. Informasjonen var livsviktig om frigjeringa skulle kome i form av strandhogg.

Denne informasjonen, som ville frie mannen, var uråd å hente ut i dei kaotiske etterkrigsmånadene. Han var ein modig mann, men ikkje modig nok til å møte folkedyret som påstått landssvikar. Han tok livet sitt, 2. oktober 1945.

Etterpå kom stadfestinga på hans uskuld.

 

Eg veit ikkje ...

... om namnet hans står på Liste nr 1, eller om det er fjerna. Det kan vera fleire slike namn. Desse - dei beste av oss - skal ikkje stå på ei liste over landssvikarar. Då svikvi dei som gjorde mest og betalte høgste prisen for vår fridom.

Det er nokre år sidan eg såg bautaen, vonleg står den der framleis. Vi brukte den som méd til fleire fiskeplassar. Slik vart minnet hans til matnytte for heller fattige småbruks-fiskarar og guttungar før GPS var påtenkt. For meg vil bautaen alltid syne ein veg framåt, mot oppgåver som må løysast sjølv om dei kostar. For Leif vart prisen for høg.

Takk - og fred over Leif Grungs minne!

***

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no