...

Høgdehus: Diskriminering står for fall?

Eit særnorsk forbod mot høgdehus er utfordra av det norske toppidrettsmiljøet. Forbodet blir etisk grunngitt, men er rein diskriminering av idrettsfolk.

Av Terje Marøy

Høgdehus var svært omdiskutert på 90-talet. Mange meinte at dette var ein kunstig måte å auke talet på raude blodlekamar, som på si side aukar oksygenmengda til musklane. Ein heldt ut meir pina før ein kroknar. Slikt blir det sekund og minutt av i kondisjonsidrett.

Om huset har effekt, blir diskutert. Sjølv meiner eg det, sidan idrettsprestasjon kan splittast slik, om dei ytre tilhøva elles er like: Fysisk kapasitet, teknikk i sportsgreina, mental kapasitet. Tilhengjarane meiner altså at den fysiske kapasiteten blir betre ved å bu periodevis i høgdehus. Like viktig er kanhende den mentale biten. Du trur at du har same nytte av å bu i kunstig høgde, som dei ressurrike utøvarane på landslaga, som førebur seg i treningsleirar i stor naturleg høgde. Med denne trua er du ikkje slegen alt på startstreken.

Faksimile VG: Emil Hegle Svendsen er blant dem som mener forbudet er latterlig
KREVER NY DEBATT: Flere store forbund, deriblant skiskytterforbundet hvor Emil Hegle Svendsen hører hjemme, ønsker en ny debatt om bruken av høydehus i Norge. Foto: Frode Hansen, VG

 

Kort tenkt

At høgdetrening er viktig, særleg om ein skal prestere i stor høgde, er det no brei semje om. Det gir rike Norge ein føremon i høve til utøvarar frå flatbygdene i Baltikum og store deler av aust-europa. Utøvarane derifrå har ikkje same økonomiske musklar.

Kan hende det er ein av grunnane til at så mange derifrå dopar seg, for å utjamne skilnaden mellom fattig og rik i idretten? Ikkje veit eg, men forbodet kan vera kontraproduktivt i kampen mot doping.

Eit av dei sære utspela den gongen forbodet skulle innførast, kom frå ein kappgangtrenar. - Høgdehus er kunstig prestasjonsfremjande og jamngodt med doping, forkynte han frå 4000 meters høgde i Andesfjella. Konsekvensen av slike haldningar er at fattige miljø ikkje skal få nytte tilsvarande fysiologiske reidskap som rike.

 

Tvilsam etikk

Dette er klassetenking og diskriminering.

Etisk gråsone, seier motstandarane av høgdehus. Etisk heilsvart og diskriminerande seier eg, om eit forbod som hindrar lik konkurranse i idretten.

Etikk handlar om jamnstelling og likehandsaming av menneske. Avgjerder som sikrar ein sjølv fordelar som konkurrenten ikkje har, er ikkje god etikk. Innan idrett er slik etikk forkasteleg.

 

Utvikling

Kor god ein utøvar kan bli, veit ingen før den vaksne kroppen har sett seg og blitt underkasta knallhard trening gjennom fleire år. Ofte ser ein at talenta frå ungdomsåra ikkje blir dei beste i vaksen alder. Fleire grunnar avgjer slikt. Dei såkalla talenta dreg gjerne nytte av ein tidleg utvikla kropp. Dermed får dei tilgang til beste treningsmiljøa og reiser ute.

Slik får dei føremonar som ein fattig student ikkje har. Det naturgitte gapet mellom like gamle utøvarar blir større, av økonomiske og ikkje treningsmessige grunnar. Kan hende mister vi nokre på vegen. Innanlands har vi altså same skilnaden som mellom norske og moldoviske utøvarar.

Rein diskriminering.

 

Økonomisk doping

Dette omgrepet har vakse fram dei seinare åra, og ein får kanhende aldri gjort noko med det. Derein langrennar frå eit fattig miljø, heime eller ute, har eit par ski til ulik stilart, har kvar einaste ein på landslaget ski for ulike føre og sdtilart, kan hende eit dusin og vel så det. Der den fattige må smøre og teste sjølv, har Norge ein stab av smøreekspertar og skitestarar.

I åtte av ti konkurransar vil dette vera ein føremon. Så skal denne føremonen forsterkast med fysiologiske grep som den fattige ikkje har.

 

Særnorsk

Noko av dette må antidpoingsrørsla WADA ha fått med seg. Vi fekk ikkje resten av verda med på forbodet, som altså berre gjeld i Norge. Dermed er og norske idrettsmenn og kvinner diskriminert i høve til utanlandske.

Så dette blir berre kaos ut av. Elles er eit forbod uråd å kontrollere, som nok har spelt inn på WADAs haldning. Ein kan ikkje skilje om blodverdiane kjem frå naturleg eller kunstig høgde. Her er ingen kunstige eller skadelege medikament tilført kroppen. Og konkurransane blir gjennomført på meir like vilkår.

Så mitt råd er; kvitt dykk med forbodet, jau før dess betre!

 

Avgrensing

I den nye debatten blir grensetjinga diskutert. Trening, mykje trening, er suksessfaktor nummer ein. Korkje i høgdehus eller naturleg høgde kan ein trene så hardt som naudsynt for å bggje ein idrettskropp. Difor er debatt om aldersgrense relevant. I den debatten må ein akte seg for ikkje å reise nye skiljer. Er du gamal nok for høgdetrening i Sveits, skal du ha same rett til høgdehus i Trysil.

Einskilde meiner at utøvarar må halde eit visst nivå for å få lov til å nytte høgdehus. Dropp den tabnken. Meininga er å skape likskapt, ikkje å sementere skilnader.

Sidan toppidrett og er yrke, handlar debatten om like arbeidstilhøve og jamnstelling mellom arbeidsfolk. Kven vil då skilje mellom folk?

***

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no