...

Liten siger, godt prinsipp

Sidan eg fyrste gongen tok opp teksting av norsk film har det gått seks år. Når endeleg løysinga kom, blei ho slik eg vil ha den. Prisippet bør nyttast og på andre område.

Ordskifte om saka HER

Av Terje Marøy

 

 

Anniken Huitfeldts løysing i tekstesaka kan nyttast på andre område. Foto Berit Rald/Scanpix

 

Neidå. Eg kan ikkje ta æra for forskriftsendringane som nyss kom. Andre har ført kampen både før og etter at eg ytra meg i saka. Men løysinga blei god. Når reformar knyttast til vilkår, blir dei eit sams lyft. Vi lever saman i samfunnet vårt, vi skal og byggje det saman. Dette er vår ære, og i vår makt. Om nokon blir stilt utanfor, skal utestenginga ikkje vera finansiert av skattepengar.

Då dei raudgrøne kom til makta i 2005 var eg meir knytt til SV enn i dag. Eg hevda den gongen at støtteordninga til teksting av film var kontraproduktiv. Øyremerka støtte opna for at filmbransjen hadde lov til å diskriminere, om dei gav avkall på nokre tusenlappar i tekstingsvederlag. I staden burde ein fylgje det amerikanske ADA-prinsippet, ingen offentleg støtte til diskriminerande verksemd. Slik burde sjølve produksjonstøtta vore knytt til universell utforming, altså tilgjengeleg for alle. - Det skal vi fikse i regjering, sa SV den gongen - men det har teke si tid.

No har omsider og Kulturdepartementet sett lyset. Produksjonsstøtte forutset teksting. Det er eit vilkår som er uråd å kome forbi i eit land der privatfinansiering av film førebels ligg etter statlege ordningar.

Privat diskriminering

Påbudet skal gjelde for film vist i offentlege lokale. Framleis skal det vera lov å syne uteksta film i private klubbar. Så både filmklubbar og Vigrid skal kunne diskriminere framover, berre dei gjer det privat.

For det er diskriminering dette har handla om. Nokre titall tusen døve har ikkje sett anna enn stumfilm når dei har forvilla seg inn på uteksta filmframsyning. Slike som eg, med lett nedsett hørsel, mister dialogen i bakgrunnsstøyen. Dermed kan vi rekne med at omlag ti prosent av det norske folket har vore diskriminert av haldningane i det norske filmmiljøet.

Overlagt diskriminering

Denne diskrimineringa har vore overlagt. Filmprodusent Dag Alveberg sa dette til Aftenposten 3.3.2006. - Jeg synes det vil være trist å tekste alle norske filmer for noen hørselshemmedes skyld. Vi må også tenke på resten av publikumet, som er størstedelen.

Altså, det er greit å diskriminere dersom berre mindretallet blir diskriminert. Oftast handlar diskriminering akkurat om det. I samband med regelendringa no, har fleire i filmbransjen uttrykt same haldninga.

Men desse som er så opptekne av at tekst skuggar for det kunstneriske uttrykket, har likevel ingen problem med at filmane deira blir teksta i utlandet. Diskrimineringa av tunghøyrde skal berre foregå i Noreg. Heil Mammon! 

Smart løysing

Her til lands er vi van med at pålegg skal koste noko, helst skal stat og kommune betale. Dette synet gjer at vi stadig er i bakleksa når det inkluderande samfunnet skal byggjast. Her har vi faktisk noko å lære av den amerikanske ADA-lovgjevinga, (Americans with Disabilities Act). Den forbyr diskriminerande løysingar i all verksemd som krev offentleg løyve, finansiering eller subsidiar.

Eg var i Chicago då Donald Trumph bygde sitt 400 m høge Trumph Tower i byen. Ikkje eingong grunnsteinen kunne leggjast før han hadde fått ADA-godkjenning av Karen Tamley ved borgarmeisterens antidiskrimineringsseksjon.

Det er nett slik tenking Kulturdepartementet opnar for gjennom nyordninga. Lat oss vone at tenkinga inspirerer andre departement.

Rimeleg

Om ikkje eit inkluderandee samfunn skal kosta ut or kvitauget, må reformer knyttast til lov og forskrift. Det er ikkje dyrare å tilretteleggje om ein tenkjer smartare.

  • TT-ordninga er dyr og dårleg. Tilgjengelege drosjar er i produksjon verda over. Nye løyve kan krevje tilgjengelege bilar. I gamle løyve kan reforma knyttast til bilskifte. Etter kort tid er poblemet løyst.
  • Same konsesjonskrav vil gi tilgjengeleg kollektivtrafikk; buss, båt, bane.
  • Flytrafikk har fått lov til å bli ein flaskehals i Noreg. I USA får ikkje flyselskap nytte flyplassane om dei ekskluderer funksjonshindra passasjerar.
  • Skjenkeløyve, same sak.
  • Trussamfunn får pengar, men skal dei med diskriminerande haldningar delfinansierast av oss andre?
  • Osv.

 

Alle skal med

Bøygen blir når prinsippet skal overførast til varer og tenester. Produksjonsliner bør leggjast om, slik at ein fjernkontroll kan nyttast av alle. Minitastar på ymse minidingsar øydelegg moroa for ein med giktbrotne tømmerhoggarnevar. I forretningar må det finnast ei hjelpande hand, tilgjengeleg for både gåande og køyrande, sjåande og blinde. Då må ein hugse at tilpassing ikkje berre er for funksjonshindra, tvertom. Tanken bak eit ope samfunn er at alle skal med, ingen skal apartherast. I det skeivbygde samfunnet, som har vore malen til no, blir ein del stengt ute. Dette er problemet og utfordinga som skal løysast.

Helst ved å tenkje smart. Stortinget krev eit tilrettelagt samfunn i 2025. Det gamle maktsenteret Mainz var tilrettelagt halvanna år etter at bystyret opna eit kontor for slikt, med eit par tilsette.

***

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no