...

Erna blir dolka av Høgre-bastion

Medan Erna Solberg og Bent Høie har vore klippefast på å frigjere funksjonshindra, har mektige høgrefolk i Vestregionen jobba fram isolasjonsvedtak. Funksjonshindra mister retten til samfunnsdeltaking. I eit virvar av feilinformasjon og informasjonsmanipulering har regionen synt låge ambisjonar på verdiar som fridom, likestilling og samfunnsdeltaking for den funksjonshindra delen av innbyggjarane sine.

Debatt HER

Tekst Terje Marøy

Dokumentaren Brevet til Jens som vart synt på TV2 31.august d.å, fekk både medieverksemder, politikarar og folk flest til å forstå ein flik av verste velferdsskilnaden i Norge. Funksjonshindra med assistansebehov blir i mange kommunar isolerte og stuva bort. Medan Erna Solberg på Stortinget har vore pådrivar for ordninga med sjølvstyrt (brukarstyrt) personleg assistanse - BPA, har ordførarane i Vestregionen drive eit spel bak ryggen hennar som bryt med partiets politikk.

I Vestregionen finn ein sterke høgrekommunar som Asker, Bærum, Drammen, Lier med fleire. Ordføraren Ulla Nævestad i Lier er blant dei som gir sterk støtte til innskrenka livsvilkår for funksjonshindra gjennom ein ny tjenestekonsesjon for BPA-verksemd.

Faksimile fra lier.kommune.no

Ordførerens side

Velkommen til ordførerkrakken!

Ordfører Ulla Nævestad på krakken
En ordfører skal fylle mange roller. Lovverket sier mye om de formelle oppgavene som følger med vervet, men resten av ordførerrollen er det opp til hver enkelt ordfører selv å forme. Som folkets ombud er det av stor betydning å kjenne til hva som rører seg i bygda, slik at liungenes problemer og synspunkter kan komme til syne og bli tatt hensyn til når avgjørelser skal tas. Kjennskap til ”folkesjela” gir i tillegg et solid grunnlag for å kunne representere kommunen utad.

 

Erna Solberg - ein bauta

Utan omsyn til eigen politiske ståstad, kan ingen seie anna enn at Erna Solberg er ein bauta i spørsmål om borgarrettar for funksjonshindra. Med rette skuldar ho den noverande regjeringa for å ha trenert saka. (Konkret er det statsrådane B.H. Hansen og E-G. Strøm Erichsen som la bort Sylvia Brustads framlegg om rettsfesting av BPA etter 2006).

Solberg har ei sterk tru på at menneske både skal og kan prioritere sine eigne liv. Ho er klippesterk i synet på at det einskilde menneske har rett til og skal utfordrast på evner og interesser, og alle har same rett til å styre sine eigne liv. Bent Høie som har vore saksordførar i BPA-sakasiste året, seier det slik: "Ein funksjonshindra skal og vera sjef i sitt eige liv."

Adolf Ratzka, kåra av Time til ein av Europas mest visjonære og grunnleggjar av European Network on Independent Living - ENIL, uttrykkjer sama tanken slik: "Eg er den største eksperten på korleis eg vil leva mitt eige liv." Ratzka får æra for at BPA vart ein lovfesta rett i Sverige alt i 1994. (ENIL som han grunnla, der norske Vibeke M. Melstrøm no er president, er ein viktig premissleverandør for lovreformer i EU og utvikling av BPA i Europa. Siste framgang var lovfesta rett til BPA i Serbia, eit gjennombrot ser og ut til å kome i Bulgaria).

Erna Solberg har vore ein garantist i kampen for lovfesta rett til BPA i Noreg, og initierte denne retten då ho var kommunalminister. Sidan har ho fylgt opp dette i alle fora der spørsmålet har vore på dagsorden. Ho har og ei stor ære for at eit samrøystes storting, og dei raudgrøne partia, gjekk mot regjeringas BPA-framlegg i samhandlingsreforma. Arbeiderpartiet har og snudd i saka, truleg etter ihuga arbeid frå Martin Kolberg og Tove Linnea Brandvik.

 

Ingen veit kor haren hoppar

Høgreordførarane i Vestregionen har altså innført ei ordning framlagt av den raudgrøne regjeringa, som alt er forkasta av eit samrøystes storting. Knapt noko anna sak syner spriket mellom vedtatt politikk og kommunar som lever sitt eige liv, med kommunal sjølvråderett. Som Senterpartiet kallar det, når kommunar tek fridom frå dei som har minst av slikt frå før.

BPA-saka fekk denne skribent til å planlegge ein internettaksjon "Sosialistar for regjeringsskifte". Sviket frå høgre-ordførarane i Asker, Bærum, Drammen, Lier med fleire, fekk meg til å leggja aksjonen på is - i alle høve til regjeringas nye framlegg kjem på bordet.

Ordførarane visste om at Norsk Standard ville kome med ein standardkontrakt for BPA, gjort gjeldande frå 1. august i år. Ved å forskuttere tjenestekonsesjonsgrunnlaget, vil dei omgå akseptert standard, komande nasjonale kvalitetskrav og lovendringar i fire år (konsesjonsperioden). Slik legg dei medvite opp til eit dårlegare tilbod for sine funksjonshindra enn det som gjeld i resten av landet.

 

Dokumentaren Brevet til Jens ...

... synte kor godt livet kan vera med BPA. Filmskaparen Mari Storstein kan bevege seg fritt i samfunnet, ta seg utdanning, og jobbe med film og teater. Takk vere sjølstyrt personleg assistanse BPA. Ho er og styremedlem i ULOBA som har utvikla BPA i Norge. Slik har ho god fagleg ballast til å forstå både ordninga og bakgrunnen for elementa i ordninga.

Venninna Stine Machlar har i filmen eit heilt anna liv, der ho i mangel på assistanse må leve delvis på institusjon i Trondheim. Medan Mari feirer nyttår med gode vener i sin eigen heim, sit Stine åleine og hører kongen snakke om at ingen må falle utanfor, eller "Alle skal med", som var APs slagord på siste landsmøte (som vedtok å lovfeste rett til BPA).

Først då ho flytta til Høgre-/FrP-styrte Oslo kommune fekk ho den assistansen som opnar journalist-utdanning for henne.

 

Innskrenka fridom

Det er fridomen i ordninga som Vestregionen no tek bort, i sitt tenestekonsesjonsgrunnlag om BPA.

Det er slik grunnleggjande sprik mellom formålet med BPA og Vestregionens tenestekonsesjonsgrunnlag, at Maris eigen organisasjon ULOBA ikkje vil gå inn på dei nye kontraktane. Dermed avviklar dei 20 prosent av si verksemd. Cirka 1000 arbeidstakarar vil få nye arbeidsgjevarar, som så langt ikkje garanterer same lønsnivå. Det private firmaet Dialogue AS, som dei siste åra har halde kurs i samarbeid med kommunanes eige Ressursenter for omstilling i kommunene (RO) - har ikkje eingong søkt konsesjon. Det same er tilfellet med fleire andre kommersielle BPA-aktørar. Att står seks mindre aktørar, som er bundne av dei innskrenka konsesjonskrava. Eg seier ikkje at dei ikkje kan vera gode på BPA. Eg kjenner nokre av dei, og veit at desse har både greie på og gode haldningar til BPA som fridomsverkty. Men dei får ikkje lov til å videreføre ordningane slik dei er tenkt.

I røynda er opplegget ei privatisering av kommunale heimetenester, som det er uforståeleg at og fleire ordførarar frå Arbeiderpartiet har slutta seg til. Dei har slik brote med både partilina og landsmøtevedtaket.

 

Manipulasjon

Les ein om BPA-opplegget i Vestregionen, ser ein straks at informasjonen er sterkt manipulerande og tidvis direkte feil. "... kommunene er lovpålagt å åpne for fri konkurranse." Det er feil. Kommunene kan sjølv velgje om dei vil ta BPA-ordninga sjølv ellere knytte til seg ideelle verksemder, utan anbod. Dette er og stadfesta av ESA. Anbodsutlysing ligg difor innanfor det kommunale sjølvstyret.

"Denne konsesjonen påvirker ikke innholdet i enkeltvedtak," heiter det vidare. Men dei kommersielle verksemdene seier dei må halde seg innanfor konsesjonen, som avgrensar BPA til sjølvstyring av heimetenester. Det trugar ingen sin fridom om dei ikkje har rådvelde over kor tid golvet skal vaskast, det treng dei ikkje BPA til. Derimot skal BPA sikre utdanning, arbeid og samfunnsdeltaking - som ikkje omfattast av konsesjonen.

"Den (tjenestekonsesjonen -min tilf) rokker ikke ved statlige krav/retningslinjer for innholdet i BPA-tjenesten," veit kommunane å fortelje. Dei teier om at det ikkje fins nokon offentlege krav til BPA. Nasjonale kvalitetskrav er eit hovudspørsmål for funksjonshindra sjølve. Krava er ført i pennen av ULOBA (som har bygd ordninga), Norges Handikapforbund og Norsk Forbund for Utviklingshemmede.

 

Ei felle

Kommunane er juridisk bundne av enskildvedtaka og sine eigne skriftlege lovnader om at konsesjonen ikkje skal føre til endring for den einskilde. Når dei likevel sterkt råder funksjonshindra til å velgje ein av dei seks konsesjonshavarane, som på si side er bundne av avgrensningane, vil endringane tre inn i den augneblinken dei frivillig byter til ein av desse.

Slik saka står i dag, er det difor best at dei funksjonshindra går inn i det kommunale systemet. Der kan dei med jussen i hand kreve at kommunen ikkje endrar ordninga. Dette vil sjølvsagt medføre mange stridsspørsmål, til kommunen har skipa eigen kompetanse på feltet og tilpassa praksisen sin deretter.

 

Perverterer systemet

Lier-ordførar Ulla Nævestad er av dei iuga tilhengjarane av isolasjonslina og har forsvart konsesjonsordninga i lokalpressa. Ho seier at anbod sikrar det frie brukarvalet.

Anbod er og skal vera ein kombinasjon av pris og kvalitet. Her har kommunen avgjort at innhaldet og dermed kvaliteten skal sterkt avgrensast, og prisen er fastsett til 265 kroner per time. Til samanligning kan nemnast at eigebetalinga for BPA i Bærum kommune, som har laga det sams konsesjonsgrunnlaget, er 415 kroner. I Drammen, der ordføraren og går mot Erna Solberg, er eigebetalinga 357 kroner. Når private då skal drive for monaleg mindre enn kommunen sjølv kan klare, må det gå utover innhaldet.

Dermed er både pris og kvalitet lyft ut av anbodet, og det er å pervertere systemet. Funksjonshindra har no fritt brukarvalg på ei teneste som ikkje er BPA.

No opnar regelverket for at dei som ynksjer det, kan skipa si eiga verksemd og drive BPA-ordninga sjølve, med arbeidsgjevaransvar for assistentane. Det fins fleire eksempel på at slikt har vore vellukka andre stader i landet. Men Nævestad har gjennom sin kommunalsjef Bjørn Harry Støle freista forpurre denne retten. Eiga verksemd krev regnskapsføring, løneavrekning og mykje papirarbeid som er særleg utfordrande for småverksemder. Støle meiner at funksjonshindra i Lier ikkje skal kunne kjøpe slike praktiske-administrative tenester billeg gjennom sitt eige ikkje-kommersielle samlag.

Dermed tvingar dei sine innbyggjarar til å kjøpe slike tenester dyrt hjå kommersielle, eller avgrense denne retten til å gjelde funksjonshindra med rekneskapsbakgrunn. Ei slik diskriminerande avgrensning er det ikkje grunnlag for korkje i lov, forskrift eller rundskriv.

Nævestad og Støle diskriminerer og kognitivt funksjonshindra, når dei går mot at desse (gjennom sine foreldre eller andre vergepersonar) skal få sikre velfungerande ordningar gjennom eiga verksemd.

 

Angst

Oppi dette er funksjonshindra sjølve. I Vestregionen har svært mange nytta BPA til å kome seg i arbeid, og livskvaliteten til dei alle og nær slekt har blitt revolusjonert. Siste året har dei opplevd angst, fortviling, handlingslaming, frustrasjon og sinne. Dei har aksjonert for livsinnhaldet og livskvaliteten sin. "Rett til å leve", var eitt av slagorda på demonstrasjonen utanfor Folkets Hus i Oslo under Arbeiderpartiets landsmøte i april.

Dei har opplevd eit press som ingen andre innbygjarar i desse kommunane er påført. I beste fall kan dei som velgjer kommunen framfor sitt eige samvirkelag trasse seg til å halde på dagens innhald i ordningane sine. Men framtidige vedtak vil både gjennom kommunen og kommersielle vera avgrensa til konsesjonsgrunnlaget, som dagens ordningar blir avgrensa om den funksjonshindra går over til dei kommersielle med konsesjon.

Dette opnar for systematisk diskriminering mellom funksjonshindra i same kommune.

 

Forelda menneskesyn

Mellom 1930-70 sto kampen mot såkalla minusvariantar sentralt i Norge. Kriteria for ein minusvariant var at vedkommande skilde seg sosialt, kognitivt eller fysisk frå samfunnsnorma. Før krigen gjekk diskusjonen på om funksjonshindra skulle avlivast eller ikkje. Då nazismen gjorde dette tankegodset til sitt eige, og gjennomførte T-4-aksjonane i Tyskland, kom kampen mot minusvariantar i miskredit. I Noreg tok vi aldri eit oppgjer med dette tankegodset.

Uoffisielt var det eit tilbod om avliving av funksjonshindra born ved norske sjukehus, men det er ikkje forska på omfanget. Truleg vart praksisen avvikla seint på 40-talet eller tidleg på 50-talet.

Minusideologien er at slike menneske korkje kan noko eller skal noko. Dei er ei økonomisk bør på den klassiske arbeidar. Men i humanitetens navn skal dei no takast vare på. Isolasjon i justissektoren er streng straff. Forvaring i kommunal regi kallast omsorg.

Det fortel og litt om menneskesynet til leiande høgrefolk i Vestregionen at dei let eit innkjøpskontor leggje premiss for BPA, det såkalla Anskaffelseskontoret i Bærum kommune. Vi andre har grunnleggjande borgarrettar rotfest i FN, Regjeringa og Stortinget. Rettane våre er sikra gjennom internasjonale konvensjonar og nasjonalt lovverk. I Vestregionen blir fridom, likestilling og samfunnsdeltaking omgjort til eit spørsmål om kjøp og sal på underordna nivå. Fleire kommunar har handtert BPA som ei orienteringssak, uten politisk ordskifte. Innkjøpssjefen i Bærum er sikkert flink på jus og økonomi. Men han har ingen kompetanse om BPA, som han har fått mandat av ordførarane til å avgjere innhaldet i. Innhaldet i konsesjonsgrunnlaget syner det.

 

Triste røter

Forvarings- og isolasjonstanken har lange og triste røter. For fyrste gong i soga om menneskeætta er no kvaliteten på BPA og tekniske hjelpemiddel slik at funksjonshindra kan leve fritt. I staden for å gripe høvet, tviheld ordførarane i Vestregionen på isolasjons- og forvaringstanken. Institusjonstanken er steindaud, då vil dei gjera den private heimen om til institusjon - til og med innskrenka i høve til frigangsordninga i justissektoren. I konsesjonsgrunnlaget er det til og med innarbeid eit overvakingssystem, der funksjonshindras kvardag skal rapporterest i detalj til konsesjonshavar, som blir gjort ansvarleg overfor kommunane på at overvakinga skjer.

Storebror ser deg er daudt for folk flest, men blir systematisert for funksjonshindra, ikkje berre for BPA i Vestregionen men for alle funksjonshindra i kommunal forvaring landet rundt. Det er grunnen til at eg trakk likesæl på akslene av den heite debatten om EUs datalagringsdirektiv, som blir smått i høve til desse overgrepa.

Ein annan høgrepolitikar Inge Lønning seier det slik: "Det verste du kan gjera mot et menneske er å ta frå det ansvar, grunngjeve i omsorg."

Sjølv om eg er sosialist skulle eg gjerne tilrådd Høgre for usikre velgjarar, nettopp på grunn av Erna Solbergs og Bent Høies BPA-arbeid. No må eg beint fram be folk studere det demokratiske sinnelaget til dei som står på listene, før dei stemmer. 

 

Mediesvik?

Lokalmedia kjenner godt til desse innskrenkingane og kva dei innebær. Likevel har dei ikkje kommentert saka, i alle høve ikkje på nettsidene sine. Kvifor ikkje?

***

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no