...

Ei rose til Johannes

Sjørose.jpg

 Foto: Terje Marøy

Eg møtte aldri Johannes Buø, men eg kjende godt far hans. I eit lite land skal ein ikkje flytte seg mange ledd før Utøya kjem nær.

Av Terje Marøy 

Med vare kjensler slo eg hin dagen opp namn og bilete over ofra frå Utøya. Der fann eg biletet av Johannes, med klåre andletdrag etter far sin. Ein gut på 14 år, døydde meiningslaust hin dagen.

Eg googla han, og finn fleire oppslag om ein aktiv gut med aktivitets- og utforskartrang. Alt no kunne ein sjå fotefara hans i ymse samanhangar. Tydeleg ein gut med apetitt på og undring over livet.

Ein som kanhende skulle vera med å byggje det samfunnet eg sjølv skal møte på mine gamle dagar. For det er politikk Utøya først og fremst handlar om. Medan ungdomar flest fær med lått og løye i feriane sine, er det nokre som stoggar opp ved samfunnet dei er ein del av. I staden for å hengje seg på eit samfunn skapt av andre, vil dei sjølve gjera dette samfunnet til ein betre plass for alle.

Det er slikt politisk ungdomsarbeid handlar om, utført av aktive menneske med tanke for meir enn seg sjøl og sitt eige beste.

 
Johannes Buø (Foto: Privat)

 Johannes Buø vart 14 år

 

Johannes og meir enn 60 av hans kameratar fekk starte, men aldri fullføre livsverket dei var i ferd med å byggje.

Det er ein del av lagnaden at nokre skal døy unge. Både sjukdom og ulukker riv alt for mange bort før livet har sett seg. Slik og på Utøya, med den skilnaden at her blei livet stole frå dei, av ein mann med eit forkvakla menneskesyn, som sette seg sjølv til domar over liv og daude.

Drap på uvæpna born og unge, inga handling er meir ille. Drapsmannen kallar seg riddar, men inga handling er feigare.

Att sit dei nære - mange familiar sørgjer over sine. Dei skal finne meining i det meiningslause, og dei finn henne aldri. Sorga blir heller ikkje borte, med tida blir ho kanskje til å leve med, men aldri borte. Korkje eg eller andre kan gje desse foreldra styrke til å bera sorga, den styrken må dei finne i seg sjølv, i timen dei er på sitt såraste.

Vi andre kan berre heidre desse unge ved sjølve å ta tak i samfunnet. Ved å sjå livet attmed oss, ved å gjera livet rundt oss til ein betre plass å leva. Ingen av oss kan frelse verda, men gjer vi livet litt lettare for ein person som treng det, så er ikkje vårt eige liv bortkasta.

Menneske kan ikkje målast i mengde. Kvar einskild av oss er unik, med sin eigen verdi. Vondskapen ligg ikkje i mengda daude på Utøya, men at eitt ungt menneske vart drept. Så ein til - og ein til. Kvar ein unik og umisteleg.

Dei overlevande ber med seg røynsler ingen ungdom burde ha. Mi von er at røynsla vil gjera dei til meir tenkjande menneske, og slik bidra til å gjera landet vårt til ein betre stad ein dei sjølve har erfart.

Med diktet Av Jord vil eg lyse fred over Johannes og dei andre unge sine minne!


Av jord

Av jord er du komen
Or jord livnar alt
Den var, er og kjem
Ein ring utan byrjing
Ein ring utan ende

Svart ligg ho der
Somme stader raud
Ikkje vakker, heller stygg
Men utan den
ligg verda daud.

I den svarte mold
ei spire grøn kjem fram
Eit lite frø veks til
eit aks med tjuge fold
Mot svolt, naud og skam
blir brød eit varleg skjold

Jorda si mogne grøde
blir borna si rike føde
Av jord får dei sitt
Både store og små
Og dyr som spring fritt

I den mjuke jord
ein skog slær rot
Eit tre - ei kjempe flott
blir hus, eit anna slott
Det siste smuldrar bort

Alle vaks dei fram
Alle fall dei ned
I jordas mørke djup
Vil vi alle finne fred

Sol, vatn, jord
Eit lite frø,
og det nye livet gror
Det som døydde
vart det nye livets mor

So har kan hende
alt ei meining
som kan sorg
til lukke vende
Som ei hand med ring
Når den kjærleg
stryk deg over kinn

Av Terje Marøy

(Frå syklusen Element) 

 


 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no