...

07 juni 2011

Krigsnasjonen Noreg: Vi lærer heller ikkje

Debatt om saka her

Av Terje Marøy

(Tidlegare fallskjermjeger og major)

 

 Norske F-16 bomber Libya, foto forsvaret.no

 

Etter den kalde krigen, har Noreg vore aktive pådrivarar i fleire gloheite krigar. Det tykkjest som om styresmaktene trur at drap utan lov og dom er eit sesam-sesam som opnar døra til paradis.

 

Analysane manglar

Ikkje ein einaste av desse krigane har vore vellukka, sett frå ein humistisk ståstad.

  •  Fyrste Irak-krigen var nok i tråd med folkeretten. Kuwait var eit skuldlaust offer for utanlandsk aggresjon. Men avslutningssalutten som drap tusentals menneske på Dødsvegen til Basra, flyktande soldatar og sivile, var eit krigsbrotsverk som kan liknast med Srebrenica. Ingen vart stilt til ansvar. Den påfylgjande blokaden av Irak vart utforma slik at tyranniet fekk leve i verste velgåande, medan sivile lei under mangel på medisin og ein sviktande infrastruktur.
  •  Bosnia-konflikta blei forlenga med fleire år, mellom anna fordi vestmaktene forlenga konflikta ved å satse militært på eine parten i staden for å tvinge gjennom forpliktande tingingar.
  •  Om Kosovo var det fredstingingar, og OSSE skulle setja ut politistyrkar for å trygge sivile. Politifolka vart trekt attende før dei var utplassert, bomber skulle gjera susen. Resultatet veit vi, Kosovo blei dobbeltrensa, først for albanarar, dernest for serbarar. I dag må NATO-styrken nyttast til å verna sivile serbarar, medan utgangspunktet i konflikta var motsett. Etter kvart som ein slapp opp for bombemål, kom spørsmålet. Kor skal vi no bombe? Jau då, ei kinesisk ambassade og ein TV-stasjon på markene utanfor Beograd, og bruene i Novi Sad, lengst vekk frå Kosovo, fekk duge.
  • Afghanistan var eit hemntokt utan analyse, mål og meining. Lidingane, brotsverka - og vore eigne -, og framtida tykkjest dyster. Flyktninghjelpen melde denne veka at dei ikkje såg noko til den framgangen norske styresmakter ser for seg.
  • Irak, ei bløff starta ein krig som har kosta ufattelege lidingar. Norge var ei hårsbreidd frå å hamne i dette helvetet. Kanhende skal stor takk rettast til Ola Kaldagers spiongruppe som kunne gi norske militære styresmakter eit korrektiv til amerikansk propaganda.
  • Og Libya? Same oppskrifta som ikkje fungerte andre stader. Og som i Serbia, TV-stasjonen sprengt. Med barne-tv og det heile?
  • Eg undrast; kan ein knuse aust-europeisk mafia i Norge ved å knekke eit par junkies og den lokale dealaren i Lillesand?

 

Og media?

Dei tauer inn militærekspertar for å svare på spørsmål om hund og hane, men ikkje på det dei kan. Til dømes dette:

  • Verkar ein militær strategi mot terror?
  •  Al Qaida er fyrst og fremst ein ide, dernest ein organisasjon. Kan ein ved å bombe Afghanistan hindre at terroristar frå Saudi-Arabia og Jemen, busett i Tyskland og London, drep i desse byane? Kjenner ein døme på at ein ideologi har blitt fjerna med militær makt? (Ikkje eingong nazismen blei borte etter den rørsla sitt militære nederlag)
  •  Vil bomber kunne verna sivile på bakken?
  •  Og ikkje minst. Kva seier dei militære utrekningane om draps- og skadeprognosen for sivile og militære, og er denne vurdert mot skadene ved uvæpna intervensjon, i landa der vi fører krig?

Neidå, for media er det viktigaste å skrive om sjølve krigen, ikkje argumenta for og mot.

- Krig er for viktig til å overlatast til generalane, heiter det. Resultatet blir ikkje mykje betre av at politikarane brukar krig som eit premiss i den "utanrikspolitiske verktøykassa!, i staden for som ei siste løysing etter grundig analyse av alle alternativ. Ein kan meine kva ein vil om Afghanistan og Libya. Analyse var det smått med, begge stader, før bombene vart sett inn.

 

Alternativet

Mellom krigane skjer lite for å byggje ut uvæpna maktmiddel. Om fred trugar, vil enorme verdiar i krigsindustrien forvitra, til skade for familieformuane til mange politikarar verda over, for ikkje å snakke om valkampbidrag.

Eitt bør dei siste krigane ha lært oss. Sjølv supermakta USA er i ferd med å gå bankerott av desse moderne krigane. Det kunne kan hende motivere til auka innsats for å foredla sivile maktmiddel. Det fins vegar å gå, utan at eg skal gå inn på dei her.

Eg får seie som hin Sigbjørn Obstfelder; eg har vist havna på feil klode.

Sjå desse lenkene:

http://stigmavakta.no/d4WATMZfO2I.6.idium

http://stigmavakta.no/d4WATMZfO2I.6.idium

***

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no