...

 

Forkasteleg debatt om AUF-leiaren

Eg ba den erfarne NRK-mannen Ole Torp avlyse debatten om Eskil Pedersens flukt frå Utøya. Ole Torp svarte kort: "Takk for henvendelse i kveld. Din henstilling er vanskelig å følge." Dette var ei feilvurdering av Torp. Det fins ikkje noko legitimt grunnlag for debatt om dette spørsmålet, slik advokat Brynjar Meling hevdar.

Ole Torp, Foto; Wikipedia/ukjend fotograf

 

Av Terje Marøy

Tidlegare fallskjermjeger og major

 

For dei nolevande generasjonane i Noreg vil 22. juli alltid vera eit ope sår. Ein skal ikkje mange ledd unna regjeringskvartalet eller Utøya før hendingane kjem svært nær.

 

Feilvurdering

Ole Torps avgjerd var ei feilvurdering. Ein bør forvente av ein av NRKs framste politiske journalistar at han vil noko med debattane sine. Å diskutere ei sak som ikkje tilfører noko anna enn pine, som ikkje har saksverdi, står for meg som underleg.

Ein debatt skal legge premiss for ein veg vidare. Debatt om det var rett av Eskil Pedersen å forlate Utøya kan aldri tilføre saka noko av verdi. Langs denne vegen fins berre smerte, for Eskil Pedersen, som for dei andre som heller ikkje gjorde noko for å stanse drapsmannen.

Debatten blir kalla legitim av advokat Brynjar Meling, som skyv overlevande og etterlatne framom seg. Det har vi berre hans ord for. Om han snakkar sant, så skal likevel ikkje ein bistandsadvokat vera mikrofonstativ. Han skal og råde sine klientar til å la eit vonlaust opplegg liggje.

Kan hende fins det omstende som bør forklarast, men ikkje i ein open debatt med synsing, og som fort sklir ut i personhets.

 

 

Advokat Brynjar Meling hissar til meiningslaus debatt. Foto; Dagbladet.no

 

Eskil Pedersens rolle

Pedersen er vald til leiar i AUF, Arbeiderpartiets Ungdomsfylking, eit ungdomsparti som skal lære seg politikk, og stimulere politikken med ungdommens friske augo. Ingen ungdomsleiar er førebudd på å stå midt i ei terrorhandling. Ingen av dei er klar til å leggje ein uvæpna taktikk for å drepe ein tungt væpna terrorist.

Dette er heller ikkje relevant kunnskap for eit ungdomsparti, men for forsvaret og politiet.

Om ungdomspartia hadde klart å rekruttere fleire spesialsoldatar, desse er også ungdomar, så kunne ein vente at dei gjekk til åtak på terroristen. Sjølv var eg berre 20 år då eg hadde gjennomført både befalskulen og fallskjermjegerskulen. Men AUF? Som gruppe var 22. hinsides alt dei har vore opptekne av i sine korte liv.

 

Fasit

Fasit syner at Gjørv-kommisjonen frikjenner Pedersen. Han gjorde som politiet rådde han til. Fasit syner og at han ikkje er ein militsleiar, som kan leie i strid. Men det kan heller ikkje Thorvald Stoltenberg, Grete Faremo eller Knut Storberget. Erna Solberg og Siv Jensen skal heller aldri stå i spissen for ein aksjon på bakken. Desse har politisk ansvar for rammene som blir lagt for politi og forsvar, men heller ikkje dei kunne handtert Utøya på ein fagleg god måte. Sikkert kkje andre partitoppar heller.

Heller ikkje dei andre ungdomspartia har leiarar med militærfagleg kompetanse. Det er ikkje difor dei skal leie ei politisk rørsle.

 

Psykologisk unntakstilstand

Ein kan alltid spørja seg kvifor folk ikkje gjer opprør framfor bøddelen. Utøya føyer seg inn i ei lang rekkje tilsvarande hendingar i historia. Jødar sto stille på kanten av massegraver og let seg skyte, utan motstand. Rwanda, Bosnia, Kambodsja - kva skjer inni hovudet på folk som veit dei skal dø?

Denne apatien og handlingslaminga kan ein undre seg over. For militærpsykologer er dette eit fagområde. Om ei lita gruppe på Utøya hadde klart å organisere seg, kunne dei drepe eller avvæpna Anders Behring Breivik. Men kven skal døy i forsøket? Når ein ikkje er trent for situasjonen, er sjansen liten for å handle rett. Og her vante ikkje berre treninga, men sjølve tanken om noko slikter så absurd, at ingen ville tenkje i slike baner.

 

Trening gir meistring

Min lærar i Krigshistorie, general Arne Dahl, fortalte om eit angrep på Vestfronten i første verdskrigen, 1914-18. Han var frivillig i ein engelsk bataljon. Kompaniet hans slo attende eit tysk åtak. Ein tysk maskingeværmann og ladaren hans reiste seg opp mindre enn 30 meter framom dei, ammunisjonsbeltet hekta seg i ei bus, og ein heil tropp opna eld. Likevel  kom begg to seg uskadde frå hendinga. Det syner at sjølv krigstrena soldatar har problem med å takle daudsredsle. Undersøkingar frå fleire krigar syner at berre 5-10 prosent av soldatane er i stand til å avfyre eld.

Terrorkamp er eit fag, med både teoretiske og praktiske tilnærmingar. For å leie eit spesiallag på skarve åtte mann, var det i mi tid naudsynt med befalskule fyrst og fallskjermjegerskulen etterpå. Dei to åra inneheld rundt 5-6000 timar trening av ymse slag. (Sjølv valde eg Krigsskolen og vart dermed ikkje ein del av spesialkommandoen). Alt 22.juli tenkte eg, kvifor gjorde dei ikkje dette og kvifor gjorde dei ikkje hint, men eg måtte innsjå; dei unge hadde ikkje føresetnad for å gjera noko som helst.

Politiets beredskapstropp har ei liknande tilnærming, fyrst Politihøgskulen, sidan politierfaring, og til sist testing og trening før dei blir overført Beredskapstroppen. Vegen for dei er enda lengre enn i Forsvaret. Eg var sjølv med på å plukke ut og trene folk folk til dei fyrste beredskapstroppane midt på 70-tallet. Den gongen var det München-massakren som utløyste ynskjet om ei handlekraftig eining i politiet.

Korkje Eskil Pedersen, andre deltakarar på Utøya, eller andre ungdomspolitikarar har snev av den kompetanse som kunne snudd hendingane på Utøya. Då bør diskusjon om einskildpersonar og kva dei ikkje gjorde, eller ikkje gjorde, leggjast daud.

 

Trygging framover

Ein legitim debatt er derimot debatten om korleis ein skal tryggje samfunnet framover, og samling av ungdomar. Eg trur ikkje vi ynskjer ei framtid der ungdomspolitikarar skal ha antiterrortrening.

Men nettdebattane på ulike nettstader både i og utanfor Norge syner ein latent fare. Behring Breivik har mange sympatisørar. I deira skrudde verdsoppfatning er han ein helt og eit førebilete. Dei løyner ikkje ein gong ynskjet sitt om å halde fram der han stogga.

Kan hende er ikkje politiske ungdomsleirar lenger ein ufarleg tumleplass for leik, spirande politikk og politikarar. Kan hende er dei, etter terror-suksessen av til ein tilrekneleg drapsmann, blitt eit sannsynleg terrormål også i framtida. Eg veit ikkje, men det fins ansvarlege politiske styresmakter og fagetatar som ikkje kan la dette spørsmålet kvile.

Kanhende må ein i framtida på diskret vis sende eit lag spesialsoldater på leir, for å vera førebudd på det utenkjelege. Det kan i så fall leggjast inn som frivillig teneste i samband med repetisjonsøving eller i påvente av nye utanlandsoppdrag.

Og tanken er vond, for den råkar oss som foreldre og besteforeldre på vårt mest såre, våre uskuldige som me vil verne. Sjølve uskulda vart drepen 22. juli.

 

Nye Utøya

Ungdom er framtid og framtidsvon. Fleire pårørande er forståeleg nok kritisk til at dans og latter skal innta Utøya att. Eg er ikkje samd i det. Eg trur at beste måten å heidre ideane dei unge døde bar med seg, er å ta øya tilbake. Utøya er engasjement, og engasjementet skal leva. 

Det ligg så mykje av grunnlaget for nyare norsk soge på staden, at dette ikkje skal leggjast daudt av ein terrorist.

Sjølv så grufulle hendingane var der ute, er dei ikkje uvanlege i verda vår. Alt denne veka står ein mann tiltala for 25 gonger så mange drap som på Utøya. Verda er mange gonger ein forferdeleg stad å vera. Men ein kan ikkje leggje verda brakk.

Det ligg i menneskets natur å byggje opp att det øydelagde. Ein har gode minner, sorg - og nytt pågangsmot. Nett det å ikkje la seg knekkje er av dei beste eigenskapane mennesket ber med seg. Det er både livets og daudens gang.

 

Kva gjorde NRK?

Heilt sidan 22. juli har eg lurt på kvifor ikkje NRKs helikopter blei brukt til observasjonspost eller frakt av politifolk. Om dette seier krigkastingsjef Hans-Tore Bjerkås:

Kringkastingssjef Hans Tore Bjerkaas (NRK)

"Det er riktig at et helikopter som var leid inn av vår nyhetsredaksjon fløy over Utøya 22.juli på bakgrunn av tips om at det hadde vært skyting der. Men på dette tidspunktet visste verken NRK eller andre medier hvor alvorlig situasjonen var, eller at det faktisk pågikk en massakre på øya. Politiet hadde heller ikke stengt luftrommet over øya, slik vanlig praksis er ved dramatiske hendelser. Vårt team visste derfor ikke hva slags bilder de satt med før de kom tilbake til redaksjonen langt senere.
Det kom aldri noen henvendelse til NRK om å avgi helikopteret til politiets bruk. Om en slik henvendelse hadde kommet, ville vi naturligvis etterkommet den øyeblikkelig.
Til informasjon er det for øvrig slik at 22.juli-kommisjonen har fastslått at vårt nyhetshelikopter fløy inn over Utøya kun et par minutter før politiet ankom i båt og pågrep gjerningsmannen."

Eg seier meg nøgd med svaret. Kringkastingssjefen er klår på at journalistikken må vike for samfunnsoppgåvene i ein skyting pågår-situasjon. Eg vil likevel peike på at ein ikkje bør vente på å bli kontakta av politiet. I staden bør media sjølve informere om at dei har ein slik ressurs på staden. Politifolk, som andre i krisehandtering, tenkjer automatisk på kva dei sjølve rår over.

Terje Marøy

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no