...

10 august 2012

Medias kjeldejakt i 22. juli-rapporten

For pressa er kjeldevernet heilag. Men når 22. juli-kommisjonen vil verna kjeldene på same vis, blir det rabalder. Dette syner at fleire redaktørar ikkje har noko rotfesta oppfatning av kjeldevernet.

 

Av Terje Marøy

(Tidlegare fallskjermjeger/major)

 

Pressas kjeldevern står sterkt i norsk og internasjonal rett. Medias rett til å verne kjeldene sine blir sett på som eit viktig vern om demokratiet. Det skal sikre at maktmiljøas maktmisbruk blir opplyst utan at represaliar kan rettast mot varslaren.

Sjølv i saker der medias einaste ambisjon er ein god "story", er kjeldevernet heilag.

 

Kopi: VG-oppslag

22. juli-kommisjonen vil holde kilder hemmelige

**Redaktørforeningen: - Ubegripelig og håpløst
**Høyesterettsadvokat: - Bør praktisere åpenhet

ORDKNAPP: Kommisjonsleder Alexandra Bech Gjørv holder fast

ved at offentligheten ikke trenger å vite om alle 22. juli-

kommisjonen har snakket med. Foto: Jørgen Braastad / VG

 

Kvifor kjeldevern

22. juil er noko langt meir enn ei vanleg avissak. Her er involverte folk bedt om å vera opne om sine røynsler rundt hendingane. Ikkje minst er dei bedne om å vera opne om eigne feil og mistak. I ei slik sak er dette ei stor påkjenning.

Så langt ser det ut til at kommisjonen har lukkast i sitt forsett, å få tjenestemenn og -kvinner til å vera opne om eiga og andre si rolle. Dette er heilt avgjerande for å få det beste grunnlaget for analyse og utbetring av manglar.

Ville 22. juli-kommisjonen klart dette utan at dei lovde kjeldevern? Eg vonar det, men kan ikkje vera sikker.

 

Gapestokk

Kjeldevern skal og vera vern mot pressa. Pressa har dei siste ti-åra i stigande grad utvikla seg til ein gapestokk, der særleg Dagbladet, men og andre, hengjer ut folk på svakt eller inkje grunnlag. Uthenginga mister alle proporsjonar.

Eg ser for meg tjenestemann/-kvinne NN som tar sjølvkritikk for sin innsats. Alt same dag som rapporten blir lagt fram, ville vedkomande truleg hengje på nettet. Kan hende under overskrift, som "Nils Nilsen tilstår å ha gjort alvorlege feil ved Utøya".

Fleire saker syner at avisene manglar disiplin i jag etter sensasjon. 22. juli eignar seg ikkje for sensasjon, men for ettertanke, opplysning og handling. Manglande kjeldevern kunne bremse ein slik prosess.

 

Manglar tillit

Med denne kommentaren syner eg manglande tillit til fleire norske redaktørar. Det er rett. I alt for mange saker som eg sjølv kjenner godt, ser eg at overflatiske journalistar vrøvlar, til stor skade for dei som råkast. Dei spissar vinklane så kraftig at dei bommar på sjølve kjerna.

Ansvarslause er dei og. Ser ein på saker som har herja spaltene dei siste åra, blir ein skremt. Fasit i ettertid syner at grunnlaget for oppslaga manglar, noko dei same redaktørane er svært så stille om.

  • Helsedirektør Anne Alstad vart hudfletta i fleire veker. Fasit, som ikkje fekk merksemd; ho var inkje å klandre.
  • KrF-politikaren Jan Birger Medhaug fekk si politiske karriere gruslagt etter at media i fleire veker skulda han for valdtektsforsøk. Fasit frå politiet; inkje straffabart hendt.
  • Erik Schenken, skulda for å vera sjølver landsrasisten. Fasit, ikkje sant. Han er tilkjent erstatning frå Dagbladet, som i presse- og ytringsfridomens navn har anka. Dei ynskjer lovfesta rett til å lyge og mobbe folk.
  • Tore Tønne si sak enda tragisk, han tok livet sitt etter eit mediekjør ute av ein kvar proporsjon. I verste fall havna han i ei liknande herve kring ei uklare etterlønsordning, som den Magnus Stangeland er frifunnen for. Mellom Kjell Inge Røkke og Tore Tønne var ein grei avtale, like eins var fakturaen frå Tønne i tråd med avtalen. Derimot vart ein tredjepart, advokatfirmaet Bahr, bøtelagt for brot på presisjonsreglane i rekneskapslova, altså Tønne uvedkomande.

Slik kan ein sjå korleis medier er villige til å øydelegge folk for ei overskrift og ein følgjetong si skuld. Ein legg og merke til at media løyner skandalar i eigne rekkjer, både av seksuell og økonomisk karakter.

 

Mobbing

- Grev ein etter møkk vil ein finne møkk, om alle. Men det seier inkje om kva slags menneske personen er, sa min tidlegare mentor om mobbing, dr Bjørnar Brændeland. Møkkagraving er ein brutal mobbeteknikkk, som diverre pregar mange så kalla gravande journalister.

Det media sjølv i særtilfelle kallar "overeksponert", er i samfunnet elles mobbing og straffbart.

Sist av alt treng vi mobbing i evaluering av 22. juli. Det er viktig at pressa er kritisk i prosessen rundt 22. juli, men pressas mobbeteknikkar bør både samfunnet og einskildpersonar sparast for.

***


 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no