...

05 februar 2014

Dagbladet vil ha rett til å lyge til skade for uskuldige

Til åtgaum frå pressemakta slåss Dagbladet for rett til å lyge, og rett til ansvarsfritt å mobbe einskildmenneske i dauden.

Av Terje Marøy

Dagbladet evnar ikkje, og ynskjer ikkje, å ta sjølvkritikk for overgrepet mot Erik Schjenken. Dei meiner at ei avis, i ytringsfridomens navn, både skal ha rett til å lyge om ein person og vera mikrofonstativ for samfunnsdebattantar som ytrer seg på usanne premiss, lagt av avisa sjølv.

Dette er Schjenken-saka, når ein blæs bort skodda. Saka blir prøvd i Høgsterett denne veka, etter at Dagbladet tapte både i tingretten og lagmannsretten.

 

Rett til å knuse

Dei tek ikkje inn over seg at usann informasjon, vinkla inn i usann samanhang er eigna til å drive ein person i dauden. Dei gjorde det med Tore Tønne, på eit grunnlag som smuldra opp i ettertid. Dei lukkast nesten med det same mot Erik Schjenken, på eit grunnlag som syner seg usant frå fyrste dag, og som vart forsterka ved at dei utan grunn stelte han opp som rasist, og blanda i hop med all slags styggedom, til og med nynazisme i biletbruk.

Neidå. Sjefredaktør John Arne Markussen, politisk redaktør Marie Simonsen, kommentator Trude Ringheim og fleire med dei i avisa er mot lygn og mobbing - når dette gjeld andre. Når dei sjølve blir tekne med rumpa bar, ropar dei høgt om at pressefridomen blir truga om offeret deira skulle vinne saka. Det verkar tarveleg når dei i same rom som offeret sitt, meiner at dei hadde rett til å handtere han som dei gjorde; les - mest drepe han med gifta si. Rovmobbing på arbeidsplassen er avskilsgrunn, sjølv om utsegnene er interne. Med kva rett, juridisk og etisk, meiner dei då at rovmobbing i riksdejkkande media skal vera greit?

Og kvifor blir dei forsvara i staden for sparka av ein redaktør, som stiller høgare krav til andre enn i si eiga verksemd.

 

Ugild (inhabil) hjelpar

Dagbladet-mobben får støtte for si framferd av sitt sakkunnige vitne Nils E. Øi, tidlegare generalsekretær i Norsk Redaktørforening. Avisa har sjølv inhabilitet som flaggsak, men let seg hjelpa av den mest inhabile pressemannen som fins i dette landet;  redaktøranes eigen tilsette organisasjonsmann. Rett nok er det ikkje habilitetsreglar for vitner, i motsetnad til sakkunnige. Men det hadde tent saka om ein nøytral medievitar hadde uttalt seg om dei pressefaglege sidene av saka og ein fellande dom.

 

Flisa og bjelken, enno ein gong

Øi og hylekoret i og utanfor Dagbladet tek feil. Det svekkjer ikkje ei fri presse om den freistar presentere sanning i reportasjar, kommentarar og debattinnlegg. Tvertimot, som Markussen sjølv sa i rom-kvinnesaka for eit tid sidan; sanninga er journalistikkens hovudoppgåve. Det seier han når lygna gir eit menneske betre skussmål enn fortent, derimot vil han sjølv ha rett til å lyge eit menneske til grunne. Til dette brukar han alle rettsmiddel og fleire millionar kroner.

Det var dette med Meisterens ord om bjelken i eige auge, og flisa i sin neste sitt.

 

Dagbladet slapp blodskuld

Nærast ei orsaking kom Ringheim i lagmannsretten då ho sa at med fasit i hand ville ho skrive annleis, men utfrå kva ho visste på tida ho skreiv, kunne ho stå inne for sitt bidrag - som ein del av kva eg kallar rovmobbing. Kva verd finn denne kvinna seg i? Om ikkje sambuaren hadde demontert hagla, ville Schjenken vore daud i dag. I staden for å rettferdiggjera seg sjølv, bør ho snarast sende sambuaren hans ein blome, som hindra at ho no sit med blod på hendene. Nett det må dei leve med, dei mediemobbarane som samla dreiv Tore Tønne i dauden, på eit grunnlag som smuldra heilt bort. Men då var han borte, ein lagnad som nær råka Schjenken før grunnlaget for mobbinga vart tilbakevist.

I lagmannsretten  forsvarte Marie Simonsen mobbinga med at ein kommentator må kunne ta opp rørsler i mediebiltetet, utan sjølv å kjenne heile kildetilfanget. Men det gir ikkje henne rett til å forsterke mobbinga utan atterhald. Når eg som utanforståande ser både lygn og misforståingar nærast dagleg i ulike media, og i Dagbladet, bør ho vite betre enn å bruke avisoppslag som grunnlag for dei skarpaste kommentarane, utan å kontrollere kjeldematerialet sjølv.

 

Kva kjeldene kan vise

Mobben hevdar at det fins hopetal kjelder i denne saka. Her fell det journalistfaglege handverket. Mange kan ha sett ei handling, og tolka denne. Kjeldekritikk er derimot å vurdere om deira observasjonar gir grunnlag for journalistens eiga framstelling.

Kjeldene kjente ikkje Schjenken. Det fins ingen rasismehistorikk på han eller miljøet rundt han. Då kan ein heller ikkje setje ein fagleg tabbe, av eit slag som det fins hundrevis av kvart år, i ei sydande rasismegryte. Dagbladets fremja hat og ringeakt mot eit einskild menneske. Om dei hadde gjort tilsvarande mot ei gruppe, ville dei sjølve vore skuldige i rasisme.

Eit tema i retten har vore kor ille dei ulike utsegnene kunne tolkast. Det fins fasit på dette i Dagbladet. Faktarubrikkane let lygnene leva i fleire veker, før dei etter kvart modererte seg noko. Det er ikkje grunn til å tru at den vanlege lesar skulle tolke artiklane mildare enn Dagbladets eigne tilsette som skreiv rubrikkane. Det ser ein og av debattinnlegga som kom frå lesarane, og kommentarar frå leiande politikarar som trudde lygnene.

 

Aldri kjeldegrunnlag

I sin prosedyre trekkjer advokat Carl Bore fram fire utsegner som kvar for seg er grovt injurierande. Det skjerpar krenkjinga at utsegnene blir sett i ein rasistisk samanhang. Eg vil tilføye at i ein profesjonell samanhang, blir og krenkjinga ekstra grov. Om ein ambulansemann dreg frå ein livlaus person, er det jamgodt med påstand om at han ville la ein svart mann døy, freistnad på manndråp i rasistisk samanhang. I ei riksdekkjande avis er vel dette nær det grovaste som tenkjast kan i norsk presse. Slik gjorde dei seg nær skuldig i eit mobbesjølvdrap.

Trude Ringheims poeng var at ho på tida ho skreiv hadde grunnlag for å skrive som ho gjorde. No skal eg ikkje trekkja fram hennar artikkel spesielt, sidan mobbinga vart driven fram av mange. Bore synte derimot at Dagbladet ikkje på noko tidspunkt hadde kjeldedekning for dei grøvste utsegnene.

 

"Tisset på seg"

Dette var ikkje sant, og Dagbladet visste det frå fyrste dag. I eit slikt høve ville det vore grovt aktlaust å dra frå pasienten, det er elementært, og utsagnet fekk alvorlege fylgjer for Schjenken både personleg og fagleg.Tvertimot pissa mannen på ein av ambulansefolka og deretter ambulansen. Det vart mistolka som viljestyrt i rus. Sjølv medisinske ekspertar hevdar at dette var uråd for Schjenken å forstå, som det og var for lækjarane på Oslo legevakt seinare.

Eg tek ikkje stilling til om denne lygna var aktlaus, forsettleg eller overlagt. Men at det står slik er i alle høve dårskap og dårleg kjeldekritikk.

 

"Livløs"

Ikkje på noko tidspunkt hadde Dagbladet grunnlag for å skrive dette. Tvert i mot, dei visste at mannen var medviten då ambulansen var der. I fagleg samanhang er det ekstra ille å bli skulda for å reise frå ein person som må ha livbergande førstehjelp for å berge livet.

Denne lygna var altså overlagt, eller rein dårskap.

 

"Bevistløs"

Det er overlagt lygn å hevde at mannen var medvitslaus då ambulansen drog. Han var oppegåande, som både kjeder og bilder synte. Eller skeibentane forstod ikkje kva dei dreiv med.

 

"Ikke undersøkt"

Han vart undersøkt etter standard prosedyre, og levert over til politiet som praksis er når ein pasient blir vurdert som ute av kontroll, med risiko for seg sjølv og andre. At vurderinga ikkje fanga opp den faktiske skaden endrar ikkje på dette, skaden vart heller ikkje oppdaga på lækjarvakta - før tilstanden forverre seg ein times tid seinare.

Denne lygna er truleg aktlaus, sidan korkje kjelder eller journalist kjenner prosedyra som vart fylgt.

 

Journalistikkens framtid

Dagbladet lukkast med å fjerne ein av dei beste ambulansefolka frå yrket sitt, på eit falsk grunnlag. Er dette verneverdig journalistikk?

Ytringsfridomen er ikkje absolutt. Kvar ein av oss risikerer rettsreaksjonar om vi utset vår neste for ringeakt i utrengsmål, og særleg når utsegnene er usanne. Skal det gjelde andre reglar for journalistar enn folk flest? Journalistar arbeider med ordet. Betre enn nokon andre veit folk som markussen, Trude Ringheim, Simonsen og hopen deira korleis ord og vendingar blir tolka og lesene både av offeret og omgangskrinsen hans.

Å innskjerpe for journalistar at dei kan stillast til ansvar for skadeverk, på same vis som andre, trugar på ingen måte journalistikken slik mediepampane hyler ut. Tvert om. Å innskjerpa aktsemd i høve til sanninga gir oss alle ein betre journalistikk - og media auka truverde.

***

vil mange hevde at eg i denne kommentaren er like ille som dagbladet. Ikkje heilt, vil eg meine. Der Dagbladets sterke meiningar byggjer på fiksjon om ein makteslaus person, byggjer eg på Dagbladets maktmiljøds utførte overgrep.

Stigmavaktas motto er; "Ingen skal dømast for sine feil, men for evna til å rette dei." Det gjeld og Dagbladet. Den dagen avisa utan atterhald ber Erik Schjenken om orsaking, skal eg for min part stryke denne artikkelen. Men sidan eg er ein inkjevetta i samfunnsdebatten, gir nok Dagbladet og tilsette seg katten i kva som står på stigmavkta.no.

***

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no