...

17. mai 2013

I dag står flaggstanga naken

av Terje Marøy

Enno eit år har fare forbi. Enno ein gong står flaggstanga naken, 17. mai. Slik ho gjorde i mang ein arbeidarheim før fagrørsla dreiv fram inkluderande reformer. Til dei kunne sjå at 17. mai og var for dei, ikkje berre for dei privilegerte. Frå fattige kår, men med fridom i hjartet, har eg hatt eit godt liv. Sutalaus barndom vart sutalaus ungdom, til sutalaus vaksen.

I mitt 53. år såg eg meg rundt. Fridom, for kven? Svaret er framleis, fridom for dei privilegerte. Gruppa frie er større. No er storparten i arbeider-rørsla og frie. God løn, skule til alle, godt om arbeid og god mat.

God mat. Eg minnest eit valordskifte, klistra sat me ved radioen. Far Einar, høyr Rune, han var ikkje berre dykkar far, lova billegare mat. - Skal det og gjelde laks til dei rike i Holmenkollen, spurte ordstyraren. - Det kan hende at ein arbeider og vil smake laks ein gong i blant, svarte han Einar. Slikt varma både hjarte og mage hjå ein svolten gutepjokk som aldri hadde smakt laks, men som elska både tørrfisk og fersk pal med lever.

Men fridom? Framleis er nokon utanfor, dei er berre nokre tusen sjeler. Men sidan dei frie har blitt så mange, og altfor mange av dei dreg opp stigen til fridomen etter seg, er vegen dit framleis skeivbygd og bratt. For dei siste legalsegregerte i samfunnet, funksjonshindra med assistansebehov.

Segregering - sørstatane.

Apartheid - Afrikas horn.

Uff, nei slikt likar me like lite som Valgjerd tykte om bombene ho slepte i hovudet på serbisk paria for 15 år sidan. I fleire krigar er norske ungdomar påført skade, nokre banesår, for andre sin fridom. Dei hardast skadde, om frå krig eller Utøya, segregering kan bli deira lagnad, om regjeringa får det som den vil.

Segregering. Nei, då er det betre å byte slike ord med "omsorg" eller "ta vare på". Aller best kjennest det med å ta vare på dei svake, for ikkje å snakke om dei svakaste av dei svake.

Fordomar. Ta vare på er ikkje synonymt med fridom. Svak, ikkje å kunne lyfte koppen - eller gå på eigne bein? Er det styrke, å kunne springe 60 meter eller hylle laget sitt på næraste skjenkestove? - Det verste du kan gjera mot eit menneske er å ta frå det ansvar og grunngi det med omsorg, sa hin Inge Lønning. Kvifor gjorde eg deg til ein politisk motstandar gjennom livet? Eg var svak, klarte ikkje skilje godt frå vondt i mi eiga venstrevridde verd, klarte ikkje å sjå at nokre kampar må kjempast fri for politiske fordomar. Fridom er ein slik kamp.

Svak. Kva med tankens kraft? Kva med fridomsynskets kraft til å sprenge grenser. Er svaret å byggje høgare murar, er solidaritet å slå ring om oss sjølve, slik at dei der ute framleis ikkje skal sleppe inn? Slikt skriv mange om, for dei som blir stogga ved grensa - eller kjeppjaga ut. I dag på 17. mai gjer eg ikkje det, eg skriv om vår eigen siste legalsegregerte minoritet, som blir aparthert frå grunnleggande borgarrettar, der fridomen er den største.

Kvart samfunn segregerer delar av folket sitt. Straffedømte blir stengt ute til straffa er sona, så blir dei slepte inn att. Alvorleg sinnssjuke blir segregert til dei ikkje lenger er ein fare for andre. Funksjonshindra med assistansebehov blir aldri slept inn at.

Jau, som andre segregerte gjer dei opprør. Men dei får ikkje teke seg til gatene, ikkje kan dei kaste stein, og ikkje kan dei ta til våpen. Ikkje ein gong når meir enn 1000 sleper seg til Oslo med sine krav, blir dei møtt med anna enn ein gjesp. Kven bryr seg, dei er berre så få - der nede kor stigen ein gong sto.

Som alle før dei må undertrykte sjølve slåss for sin fridom. Knapt 1000 av dei gjekk saman og sikra seg fridom gjennom sin eigen modell, sjølvstyrt (brukarstyrt) personleg assistanse BPA. Det er fridomsverktyet. I meir enn 25 år har desse slåss mot departement, KS, mektige kommunesamanslutningar og deler av fagrørsla. Fagrørsla? Ja, og det stikk i sjela til ein mann som har overlevd yrkeslivet, og heile tida vore fagorganisert. No har eg sett at og denne solidaritetsrørsla er seg sjølv nok, solidariteten skal helst brukast på oss sjølve. "Uten merknader," seier LO.

Framlegget har fint namn; rett til BPA. Ein bil heiter framleis bil om skrur hjula av han, men sjåføren mislikar farta.

Lovframlegget vil effektivt stenge døra til funksjonshindras fridom. Ikkje heilt, forresten. Eit vindauga står på gløtt, for dei rikaste funksjonshindra som kan nyte ein bit av arbeidarborgarskapets godar. Fridomsverktøyet BPA blir eit klassedelt gode når arbeidarrørslas eiga regjering får bygd det om. Klasseskilje, innført av min eigen klasse.

Funksjonshindras BPA-løysing gav 99 prosent nøgde brukarar. Alt medan dette er eit rasjoneringsgode, før arbeidsplassar og infrastruktur er tilrettelagt, har mottakarane redusert arbeidsløysa si frå 100 til 75 prosent. Noko å byggje på? Nei seier regjeringa, noko å rive ned.

Medan du og eg kan nyte fridomen i dag, som vi vil - eg til å skrive desse orda, er dei segregerte låst. Nokre kan, etter søknad, juble til barnetoget. Andre fekk ikkje svar. Medan du og eg kan flyte fritt gjennom EØS, både 17. mai og andre dagar, vil ikkje denne regjeringa at dei segregerte, der ute ein stad, skal få flyte fritt over kommunegrensa. Og får du lov til å flyte, så har regjeringa med støtte frå fagrørsla, sett opp nye og høge hinder som i alle høve vil stogge dei fattige i flokken.

Til hausten, kan hende vil 9000-års natta gå inn i ein streif av sol. No ja, sikkert ikkje, men kan hende skimten av ein morgongry?

Dei tagale, Aftenposten, Dagbladet, VG, NRK, TV2, Drammens Tidende, Klassekampen, næringsavisene og pengeblada, kristen-avisene, fagrørsla sine blad, og alle dei andre. Deira likesæle er grunnen til at segregeringstilhengjarar slepp unna med sine ilske og hatefulle åtak på segregerte blant oss.

Nordsjødykkarane veit kva det er å stå opp mot eit vrangt og vondt samfunn. Dei er førebels einaste gruppe som har støtta desse i høyringsrunden.

Medan du og eg har vår fridom rotfesta i overnasjonale konvensjonar, grunnloven og norsk borgarrettslovverk, er dei segregerte sin fridom lagt til moderne "sunnhets"-lovar, 100 år etter at kvinner vart mentalt friske nok til å stemme ved val, og 26 år etter at homofili vart av-diagnostisert. Din og min fridom er verna av institusjonane; FN, menneskerettsdomstolen EMD, Stortinget, Regjeringa og domstolane. Dei segregerte sin fridom er delegert til ein vilkårleg saksarbeidar i ein vilkårleg kommune. Fridomen heng ikkje på lov, men på postnummer.

Difor står flaggstanga mi naken, som i fjor - og året før. Men neste år, kan hende 17. mai?

 

 

I dag står flaggstangen naken blant Eidsvolls grønnende trær.
Men nettopp i denne timen vet vi hva frihet er.
Det stiger en sang over landet, seirende i sitt språk,
skjønt hvisket med lukkede leber under de fremmedes åk.

Det fødtes i oss en visshet: Frihet og liv er ett,
så enkelt, så uunnværlig som menneskets åndedrett.
Vi følte da trelldommen truet at lungene gispet i nød
som i en sunken u-båt... Vi vil ikke dø en slik død!

Verre en brennende byer er den krig som ingen kan se,
som legger et giftig slimslør på bjerker og jord og sne.
Med angiverangst og terror besmittet de våre hjem.
Vi hadde andre drømmer, og kan ikke glemme dem.

Langsomt ble landet vårt eget med grøde av hav og jord,
og slitet skapte en ømhet, en svakhet for liv som gror.
Vi fulgte ikke med tiden, vi bygde på fred, som i tross,
og de hvis dåd er ruiner har grunn til å håne oss.

Nå slåss vi for rett til å puste.  Vi vet det må demre en dag
da nordmenn forenes i samme befriede åndedrag.
Vi skiltes fra våre sydpå, fra bleke utslitte menn.
Til dere er gitt et løfte; at vi skal komme igjen.

Her skal vi minnes de døde som ga sitt liv for vår fred,
soldaten i blod på sneen, sjømannen som gikk ned,
Vi er så få her i landet, hver fallen er bror og venn.
Vi har de døde med oss den dag vi kommer igjen.

Nordahl Grieg

 

***

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no