...

 Schibsted-redaktør med skylappar

 

 Tidligere VG-redaktør Bernt Olufsen blandar snørr og bart

 

Tidlegare sjefsredaktør i VG Bernt Olufsens kommentar om Schjenken-dommen i VG 29.4. er er trist lesing.

- Ein knusande dom over Erik Schjenken, får han seg til å meine om domen der Dagbladet er dømt til å betale mannen 200.000 kroner, pluss begge partars sakskostnader, til saman mellom 2-3 millionar kroner. Olufsens åtak blir stygt, når han veit at mannen han sparkar på, alt er knust. Han er svært sjuk etter å ha blitt mobba i eit samla medielandskap.

 

Forstår lite

Olufsen har mist hovudpunktet. Erik Schjenkens handlemåte var ikkje oppe til doms, og difor kunne han heller ikkje dømast. Om dette hadde vore rettsleg tema, ville og saksopplegget vore eit heilt anna. Kritikken av avgjerda hans har han sjølv slutta seg til. Hans faglege integritet derimot fekk det beste skussmål- - Ein av dei beste ambulansesjåførane vi hadde, var karakteristikken frå lækjarane i retten. Feil gjer alle, og VG. Ein treng ikkje gå lenger enn til Olufsens eigen kommentar for å syne det.

Saka handla derimot om at media hadde knust mannen på usakleg grunnlag, og berre om det. Retten fann at det hadde skjedd.

 

Mobbing ikkje verneverdig

Meiningsdanninga skal vera fri, hevdar Olufsen, men det er heller ikkje saka. Skal ein derimot prenta sine meiningar i riksdekkande media, bør ein i det minste ha eit faktgrunnlag. Har ein ikkje det, må media finne seg i å stå til ansvar for sitt skadeverk, slik ein kvar borgar eller verksemd må gjera om dei utan fakta mobbar eller ytrar seg til skade for ein annan. Olufsen gjer seg til talsmann for eit privilegium, retten til fritt å fantasere til skade for einskildmenneske. I andre samanhangar enn media sjølve kallast slikt mobbing. Vaksenmobbing er ikkje eit verneverdig journalistisk prinsipp.

 

Braut pressefaglege prinsipp

Mediadekkjinga i denne saka skar skeivt, fordi redaktørane braut vanlege pressefaglege prinsipp. Når helsestyresmakter etter medieoppslaga fekk panikk og brukte rasisme-omgrepet mot Schjenken, skulle han og andre aviser stogga. Dei skulle forstått at dette er særleg øydeleggjande omtale om den ikkje er sann. I staden for å bygge under sensasjonsjournalistikk, skulle Olufsen og hans kollegaer vurdert om det helsestyresmaktene hadde grunnlag for rasisme-påstanden. Heller ikkje det ovstore kjeldetilfanget hadde kunnskap til å meine slikt om ein mann dei ikkje kjente. Medias jobb er å kontrollere kjeldene, ikkje låne ut tastaturet til dei.

Korkje Dagbladet eller Norsk Redaktørforening meiner i dag at Schjenken er rasist. Dei erkjenner at han heller ikkje var det då saka eksploderte. Då skulle dei korkje prenta slikt, eller laga eit slikt inntrykk.

 

Tagale vitner

I denne saka fins tallause tagale vitne, frå alle samfunnslag, frå ulike etniske grupper. Det er dei tusental som kan takke Erik Schjenken for liv og helse, både i Noreg og i krigssoner der regjeringa sender soldatar. I Afghanistan vart han heidra for brubyggingstiltak. I ein annan samanhang ville han vore ein kvardagshelt. Istaden vart han knust. Norske media lukkast der Taliban feila.

Ei ulukkeleg hending blant tusentals vellukka skal ikkje gi grunnlag for korkje VG eller Olufsen til å sparke vidare på ein liggjande mann. Om sjølve saka er dette å konkludere: Dagbladet tapte, Schjenken og ærleg journalistikk vann.

 

Terje Marøy
Dagleg leiar Stigmavakta

Innlegget er tidlegare prenta i VG

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no