...

Leiar 24 april 2013

Erik Schjenken og journalistikken vann

Dagbladet tapte, og kollegaene deira skyr debatt

Samleside for tidlegare artikler om saka. Debatt om saka

 

Som i tingretten, tapte Dagbladet saka då dom vart kunngjort i Borgarting lagmannsrett 23. april. Sjølv om erstatningssummen vart lågare, må domen om mogeleg kjennast meir sviande. Tap i to rettsinstansar syner i alle høve at folkets vaktbikkjer ikkje vil ha sensasjon for ein kvar pris.

 

Medieoffersyndromet

Saka kasta og lys over eit nytt diagnosetrekk i psykiatrien; psykisk vald (mobbing) gjennom massiv presseomtale gir medieoffersyndromet. Dette er ei svært alvorleg liding, som i fleire saker har fått fatal utgang.

Dagbladet ser det som si oppgåve å utfordre einskildmennesket si tålegrensa, og meiner prentefridomen/mediemakta må gå framfor omsynet til den makteslause.

 

Inhabil sakkunnig

Fleire tungvektarar i norske media stør denne oppfatninga, mellom anna den røynde pressemannen Nils E. Øy både i retten og media. Han kan mykje om presse, men nett i denne saka er han den mest inhabile eksperten Dagbladet kunne finne. Han er tilsett av Dagbladets og andre redaktørar, som generalsekretær i Norsk Redaktørforening. Dagbladet, sjølv manisk oppteken av andre sin habilitet, stiller med den mest inhabile dei kan finne.

Øy hevdar mellom anna at andre var like ille som Dagbladet. Det kan godt hende, men kva rettsprinsipp skal frikjenne tjuven fordi andre har stole meir? Eg saknar logisk konsistens i hans offentlege og rettslege utgreiingar.

 

Sanning

Domen slær fast at pressa i alle høve må freiste å vera nær sanninga før dei gir seg ut på å knuse einskildmenneske. Sidan sanning er journalistikkens grunnstein, bør dette væra ei påminning. Ikkje minst sjefsredaktør Jon Arne Markussen gjekk høgt på bana med dette prinsippet då han ropte ut sin avsky over at NRK trakka feil i vinter.

Men desse to sakene er fundamentalt ulike. Rom-kvinna fekk betre omtale enn ho fortente. Dagbladet knuste Schjenken med usann omtale. Markussen krev rett for seg og sine til å knuse ein sårbar person med ei usann forteljing, medan kollegaer skal fordømast for å framsnakke på feil grunnlag.

Markussen er neppe heilt på høgde med sin Lukas 6:41-43 (versa om splinten i din brors auge og bjelken i ditt eige).

 

Amnesti for skadeverk

Saka syner og at norske redaktørar og kommentatorar gjerne diskuterer presseetikk på eigne premiss. Men deira eigne premiss er uetiske, og jamvel ulovlege, skyr dei unna. Dei, som profesjonelle, vil ha eit privilegium framfor andre menneske. Der du og eg må stå til ansvar for våre verbale skadeverk, vil pressa ha eit generelt amnesti.

Ein lov for Loke, ein annan for Tor - for ikkje å snakke om horkaren kong Salomo og Jørgen hattemakar. Då er det greitt at Dagbladet i alle høve får ein økonomisk smekk, 200.000 til Schjenken, ein million til advokaten hans og sikkert meir til Dagbladet som stilte med to advokatar = omtrent 2,5-3 millionar kroner.

Hugs dette, de redaktørar i mindre redaksjonar som vil kopiere Dagbladets etiske verdiar i artiklane dykkar!

Terje Marøy

Pensjonist og borgarrettsaktivist eremitus

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no