...

Medieoffersyndromet; frå gapestokk til galge

Av Terje Marøy

(Dagbladet og VG har fått artikkelen til gjennomsyn  før prenting, utan å kommentere den).

 

Ein inkjevetta som talar der andre teier. Andre enn eg skulle skrive desse orda, som ingen heller vil prente.

 

Når eg, ein inkjevetta, driv mediekritikk, kjenner eg meg som ein slags Don Quijote i kamp mot vindmøller. Eg har knapt ein Sancho Panza å stø meg på, berre eit lite skulert hovud med tankar forma av eit levd liv.

Eg ropar, men får ingen respons. Ikkje eg skulle skrive desse orda, men mediefolk sjølve, samfunnsvitarar, advokatar, lækjarmiljøa og kan hende profesjonelle kverulantar med akademiske grader.

 

Ein øydelagt kvardagshelt

I saka mot Erik Schjenken vitna spesialisten Øivind Ekeberg om medieoffersyndromet som i sin verste konsekvens gir alvorleg krigsskade. Posttraumatisk stressyndrom PTSD er skader ein knyter til krigsseglarar, krigsveteranar og nordsjødykkarar. Ekeberg kunne fortelje at Schjenken skåra 60 på ein 70-delt diagnoseskala for denne lidinga, etter at Dagbladet og resten av medienorge hadde harva over han. 20 er nok til å stille diagnosen.

Med 60 poeng, ekstremt høgt sjølv i krig, har ikkje eit menneske lenger kontroll over livet sitt. Det er rein skjær flaks om ein slik person overlever.

Er det verkeleg ei medieoppgåve å utfordre eit menneskes tålegrense?

Kvardagshelten Schjenken vart driven til si tålegrensa, han har sjølv fortalt om hagla mot munnen. Han hadde vigd livet sitt til livbergande førstehjelp, i Norge og dei stader i verda Stortinget sender unge borgarar til krigsområde. Også der var oppgåva å berge liv, norske som lokale. I Afghanistan fekk han til og med ein pris for brubyggingsarbeidet sitt, i fylgje rettsforhandlingane.

Dagbladet med fleire knekte han. Dei lukkast der Taliban feila.

Han gjorde ein tabbe under ei av sine tusentals utrykkingar. Tabba braut ikkje med regelverket, og den vart fanga opp av sikringsprosedyrane i måten ambulansetenesta i Oslo er organisert på.
Tabba var at utagerande handlingar hjå pasienten vart sett på som viljestyrt i staden for ein hjerneskade. Heller ikkje spesialistane på lækjarvakta såg alvoret i hjerneskaden før halv annan time etter innlegging.

 

All verdas skuld
Til denne tabba valde eit samla medienorge å legge all slags skuld på mannens akslar. Han vart knytt til institusjonell rasisme, høgreekstreme miljø og nynazisme. Dette er vrangverdiar som inga kjelde eller medium hadde noko sakleg grunn eller dokumentasjon for å leggje på Schjenken.
Likevel vart det gjort, og tunge maktmiljø i medienorge forsvarar at slikt kan gjerast. - Ein må kunne dekke det pågåande nyhendebildet med den informasjon ein har, sjølv om fakta kan endre seg over tid, hevda dei i retten. Men det var nett denne regelen Dagbladet og andre braut. Dei hadde kjeldedekning for ein stygg episode, men ikkje for dei langt verre spekulasjonane.

 

Kjeldekritikk
At kjelder hevdar rasisme, er ingen grunn til å prente slikt. Kjeldekritikk er ikkje berre å vurdere truverdet til kjeldene, men og om dei tolkar rett det dei meiner å ha sett. Ingen av kjeldene kjente mannen, han var anonym i samfunnsdebatten, og haldningane hans var ukjente.

- Men me kan ikkje sensurere utsegner frå statsrådar og kjende politikarar som kasta seg inn i ordskiftet, meinte både presseetikaren frå Norsk Redaktørforening, dagbladets redaktør og tilsette, og VGs tidlegare redaktør.

Feil. Redaktøransvaret er å kontrollere kjelder. Særleg viktig er dette i høve til politiske eller materialistiske maktmiljø. Maktmiljø kan påføre den einskilde særleg skade når falsk informasjon ligg i botnen, i dette høvet var usann mediespekulasjon rama politikarane hadde for sine utspel.
Om Dagbladet vinn juridisk, er det verkeleg grunn til å uroast over medias makt.

 

Dei tagale

I Noreg, Libanon og Afghanistan fins tusentals menneske som har mykje å takke Erik Schjenken for. Mange kan takke han for sjølve livet.

Desse vart aldri spurt då Dagbladet og andre media brennmerkte han. 

Kampanje-kommisjonærane i norsk presse har att mykje å lære: Du treng ikkje tru på det du les i eiga avis, ei heller det du les i din eigen artikkel.

Terje Marøy

Gapestokk blir galge
Kva lagmannsretten seier til dette, får me vite om kort tid. Men eg er skremt over at sterke og profesjonelle mediekrefter vil ha privilegium som ville fått konsekvensar for andre i samfunnet. Skal verkeleg dei profesjonelle ha fritak for ytringar som amatørar kan straffast eller krevjast oppreising for?

Mobbing, som Schjenken-saka er eit døme på, blir ikkje betre av at den går føre seg i eit konstruert mediebilete. Mobbing i eit riksmedium er langt meir alvorleg enn fjortis-mobbinga på nye plattformar, som dei same bladfykane fordømer på det sterkaste.

Er det verkeleg verneverdig at medias gapestokk skal byggjast om til galge? Fleire som er råka av medieoffersyndromet har teke livet sitt.

NRK vart nyleg hudfletta av redaktørar for å ha framsnakke ei romkvinne utan å nemne skuggesida hennar. Langt verre er å spreie usanne spekulasjonar som legg liv og arbeid i grus. Eg minnest noko om flis og bjelke i augo.

 

Skuldige medieoffer

Bortsett frå ein fagleg tabbe, var Erik Schjenken uskuldig. Ordførar Rune Øygard er derimot dømt for åtferda si mot ei ung jente. Berre i VG talde eg over 80 nettartiklar første vika av rettssaka, aukande til rundt 200 etter kvart. I tillegg kom massiv dekning i papiravisa og andre media.
Øygard verna seg mot dette ved ikkje å lese aviser. Det var bra.

Sjølvsagt skal ei slik hending dekkjast, men også den med måte. Domstolen skal straffe, media har inkje truverdig motiv for den massive dekninga denne saka fekk. Kvar einskild artikkel treng ikkje vera feil, det er mengda som bryt ned mennesket.

Slikt er vel kjent frå all mobbeforsking. Eit lyte eller handling blir drege ut av alle proporsjonar, til menneske sjølv er knekt. Korleis det går med Øygard vil tida vise, men media har utfordra tålegrensa hans.

- Øygard brukte sjølv media til å forsvare seg før saka, hevdar VG. At media slurva med kjeldekritikken før saka, skal då ikkje vera noko argument for at han skal vera fritt vilt seinare.
Dekninga hadde vore alvorstung nok med dei daglege og gode kommentarane, som Jorunn Stølan i VG og Inge D. Hansen i Aftenposten var døme på. Hylekoret i fleire redaksjonar tilførte ikkje saka noko nytt. Når tilfanget av nytt tørkar, skjer og medietabbar. Til sist valde VG å skade jenta dei brukte til å legitimere herva. (Eg vil ikkje bera olje til elden, så eg har teke dette direkte med redaktøren). Men kven skal verne jenta om Rune Øygard blir frikjent i saka? Det er då ho verkeleg treng nokon nær. VG? Neppe etter at nyhendeverdien er borte.

 

Tek ofte feil

Media har korkje etterforskings- eller domskompetanse. Spekulasjonar og usanne opplysningar har øydelagt liv og karrierar. Anne Alstad var skuldlaus, men måtte gå som helsedirektør for å gi direktoratet arbeidsro. Jan Birger Medhaug var og skuldlaus, men fekk sin politiske karriere gruslagt etter grunnlause påstandar om valdtekt. Bortlagt av politiet som inkje straffbart. Manuela Ramin Osmundsen, ei drivande dyktig kvinne, vart hundsa for ei mindre habilitetssak. Bakgrunnen for at ho ville byte ut eit ombod er framleis ukjent. Tore Tønne, skuldlaus i herva han blei tillagt. Kan hende aktlaus i ei etterlønsak som andre har blitt frikjent for. Den mykje omtalte fakturaen hefta inkje frå Tønnes hand. Meklar- og suksesshonorar ligg innanfor heilt vanleg forretningsdrift.

Var desse og fleire saker verdt konsekvensane?

Rekkja kan gjerast lang. Eg ser at media vrøvlar i sakar eg kjenner godt, andre har sikkert røynt det same. Kva er då grunnen til at vi trur på det som vert skrive i andre saker? Publikum må og bera skuld for at vi ikkje reiser oss mot ei presse utan etisk magemål.

 

Skadeleg privilegium
Temaet kokar ned til dette: Skal maktmiljøa norsk presse vera ei skjerma næring? Skal media ha rett til å mobbe, spekulere og jamvel lyge offentleg på eit vis som ville fått alvorlege fylgjer for ikkje-profesjonelle meiningsberarar? Eg trur korkje folk flest, prente- eller ytringsfridom er tent med det. Ein pressestrategi som drep i utrengsmål er lite verdt, for andre enn aksjonærane.

Skriv eg, ein inkjevetta i samfunnsdebatten, der dei andre teier.

***

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no