...

All makt korrumperer, og mediemakt, om den ikkje møtest med motmakt

 

Dagbladet vs Schjenken

Med presseetikk frå gapestokk til galge

 

Foto Kathrine Geard


- Det er ei ulykke for journalistikken om Dagbladet blir dømt, sa Nils E. Øy i lagmannsretten då han forskotterte korleis dommarane burde dømme.
- Med presseetikken som Øy trekkjer opp, går moderne journalistikk frå gapestokk til galge, profeterer eg.


Av Terje Marøy - Stigmavakta


Nils A. Øy er overtygd om at Erik Schjenken ikkje er rasist, men det var og det einaste han gav Schjenken i sitt vitnemål. - Dagbladet rører seg på grensa i mange saker, men ikkje i denne, forsikra Øy i lagmannsretten tysdag (5.mars 2013). Både reportasjar og kommentarar låg etter hans syn innanfor det som var presseetisk forsvarleg. Han forsikra retten om at Dagbladet korkje var først, størst eller verst i si dekning av saka.

Sakas prinsipielle kjerne

Skal media ansvarsfritt få brette ut feilinformasjon om ein person i ei endelaus rekkje artiklar, som til slutt påfører den omtalte alvorleg sjukdom eller død.

Dagbladets ynskje om rett til å publisere falske opplysningar står mot menneskerett til privatlivets fred og individets integritet. Presseetikk er ein etisk dispensasjon. Dommen skal setje grenser for kor langt dispensasjonen rekk i høve til kryssande retts- og verdinormer.

 

Tett binding

Eg tek atterhald for at eg ikkje har lest vitneerklæringa hans. Difor vurderer eg hans syn ut frå det som kom fram munnleg i retten. Dagbladet førte han som sakkunnig vitne, som ikkje må forvekslast med sakkunnig. Ein sakkunnig skal ikkje stå partane nær. Øy er generalsekretær i Norsk redaktørforening, som er interesseorganisasjonen til norske redaktørar, inkludert redaktørane i Dagbladet.

Sjølv skulle eg helst ha sett at retten hadde vore sett med gilde (habile) sakkunnige.

 

Bakteppet lagt på Schjenken

Nils E. Øy og dei røynde kommentatorane Trude Ringheim og Marie Heiberg Simonsen peika på at bakteppet for rasistvinkelen ikkje berre var denne eine saka, men institusjonell rasisme på mange plan i fleire etatar, Obiola-saka i Trondheim om ein mann som døydde etter hardhendt pågriping, brannar på asylmottak, frikjenninga av Vigrids rasismeutsegner, og mykje anna som dreiv fram eit offentleg ordskifte om rasisme. Alt dette var med på å gi Schjenken-saka merksemda den fekk.

 

Etisk karikatur

Her,og akkurat her, er det at presseetikken blir framstilt som ein karikatur på etikk, avslørt av høgt akta pressefolk sjølve. Schjenken blir caset, individualiseringa, av temaet rasisme. Slikt blir ei alt for tung bør for eit einskild menneske. Her blir menneskets tålegrense utfordra på sitt mest ekstreme; media gir frå seg kontrollen på verknaden ordet har på den einskilde utpeikte. Ikkje berre det, dei set seg i arrogansens høgstol og vurderer ikkje ein gong kva verknad orda vil få.

Om Øy har rett i at andre var like ille som Dagbladet, må den personlege påkjenninga for Erik Schjenken multipliserast med ein X-faktor = samla medietrykk. Det skulle skjerpa Dagbladets aktsemd, ikkje brukast som bortforklaring.

Difor formuleringa, frå gapestokk til galge. Med eit slikt syn let medias fremste folk flaks - uflaks styre om ordet skal drepe eller ikkje. For Schjenken hadde ikkje noko med sakene i bakteppet å gjera. Dessutan, om andre var like ille som Dagbladet, rører ikkje det ved Schjenken rett til å prøve den eine, Dagbladet, i retten.

Devaluert presseetikk

Etikk spring ut or den gyldne regel, som har ei aktiv og passiv form. Den er uttrykt gjennom fleire tusen år gamle religiøse, filosofiske og seinare humanistiske tradisjonar.

Aktivt; du skal gjera mot din neste som du vil han skal gjera mot deg.

Passivt; du skal ikkje gjera mot din neste som du vil at han ikkje skal gjera mot deg.

Slikt er lite å lage sensasjonspresse av. Nett difor er det avgjerande at pressa i alle høve tek sin restetikk på alvor. Det er dette den pressetiske debatten hoppar over, kor skal ein setje dei lågare etiske grensene som ein ikkje bør krysse.

Pressa er lite audmjuke i høve til den etiske dispensasjonen samfunnet gir prentefridomen.

Terje Marøy

 

Teieplikta

Øy meinte at saka ikkje hadde fått slikt omfang, om ikkje Ullevåls pressekonferanse uttrykte at Ali Fara hadde fått rett behandling. I detaljane avviste sjukehuset og ambulanselækjaren spørsmål av omsyn til teieplikta. Journalistane oppfatta dette som bortforklaring, og at dei ville feie kritikk under teppet. Øy kalla slikt eit typisk maktgrep, og hevda at dette omsynet ikkje kunne stogge mediekjøret.

Avdelingsoverlækjar ved ambulanseteneste, dr. med Anne-Cathrine Braarud, hadde ein annan versjon. Teieplikta var av omsyn til Ali Farah som låg i koma, og ikkje hadde gitt lækjarane høve til å opplyse detaljar i sin tilstand. På presseorienteringa møtte ho stinn brakke, overfylt av journalistar, med særs aggressiv tone. Dei var massive i førehandsdømming av ambulansefolka og kravde deira avgang. Ho opplevde dei på jakt etter stadfesting av sitt syn i staden for å lytte til informasjon.

Ho etterlet seg eit inntrykk av pressefolk i ein mobb for å ta ambulansefolka. Så mykje for den balanserte journalistikken.

 

Men hovudpoenget er likevel; ...

... når så mange høgt akta pressefolk hyler i kor mot eitt einskild menneske - nåvel to menneske - bør etikken ligge i ryggmargen. Ein må stogge, sjå seg rundt og trekkje pusten før ein hiv seg over tastaturet.

Journalistar er merksame på mobbing på sosiale medier, mobbing på skule og i arbeidsliv, medan mobbing i flokk er greit innanfor presseetikken.

  • Kva slags presse og kva slag etikk er det dei får seg til å by fram i samfunnet dei er ein del av, og som dei skal spegle?

 

Dårleg kladd

Øy gir eit slags svar; journalistikk er historias kladdebok. Men det bør være måte på kva journalistar får seg til å føre inn på prent.

Ringheim og Simonsen vedgjekk at dei var noko uroa over at ambulansefolka ikkje fekk gi sin versjon. Ringheim gjekk lengst ved å erkjenne at ho i dag ikkje ville skrive som ho skreiv, men forsvarte sine harde ordvalg ut frå den kunnskapen ho hadde i august 2007.

 

Gilbert mot Braarud

Den kjende akuttmedisinaren Mads Gilbert gjekk svært langt i å kalle ambulansefolka uansvarlege, og han markerte avstand frå måten Braarud vurderte omstenda rundt Ali Fara. Tidvis var usemja temperert.

Men, som dommarane og påpeika, den disputten treff ikkje saka. Saka handlar ikkje om kvaliteten på tenesta dei utførte, men om pressedekninga.

  • Er det slik at ei feilvurdering i ei konkret sak skal vera nok til at to småfolk får heile rasismetemaet på sine akslar? Det er kva rettssaka handlar om.

Braarud kunne elles fortelje at Erik Schjenken var ein verdsett medarbeidar, oppteken av trivsel på arbeidsplassen og dyktig i jobben. Ho understreka og at den faglege vurderinga han gjorde av pasienten, var heilt i tråd med oppfatninga til lækjarane ved Oslo Legevakt, før tilstanden endra seg til det verre utover kvelden.

Fasit synte at pasienten hadde fått ein svært alvorleg hjerneskade, men det er heller ikkje tema i saka.

 

Etisk krise

Nils E. Øy har utan sjølv å vera klar over det avslørt ei etisk krise i norsk presse. Ekstra alvorleg er det at hans og leiande pressefolks etikksyn blir villeiande for nye generasjonar journalistar. Øy er og dosent ved journalistlina på Høgskulen i Volda, ved sidan av hovudstillinga i redaktørklubben. Det mest skræmande er det totale fråværet av psykososial refleksjon i hans og Dagbladets etikktilnærming.

VGs førre sjefsredaktør Bernt Olufsen presterte å hevde at ambulansefolka tok pressedekninga for personleg. Han for sin part ante ikkje kven Schjenken var før han tok til motmæle under fullt namn.

Kva for ei verd rører denne mannen seg rundt i?

Problemet er ikkje at Olufsen ikkje kjenner mannen, men at fagmiljøet, arbeidsplassen og nærmiljøet kjenner han. Der må han halde seg ståande med all Noregs rasisme på sine akslar. Eller det rasismetematiske nivået som kommentatorane bortforklarte si rolle med.

  • Ein kan ikkje vurdere presseetikk lausriven frå verknaden omtalen har på dei som omtalast. Eit slikt etikksyn er uetisk, det være seg innanfor eller utanfor pressa.

Inkje gale utan godt. No har i alle høve Schjenken lært litt om kva Jesus følte, då han måtte korsfestas for alle andre sine synder. Men kan hende hadde han sett seg best tent med å vera den røynsla forutan.

Eksperiment

Tvilar du på at pressetikken er lågare enn etikken?

Skriv eit A-4 ark med negativ informasjon om naboen. Skriv under med fullt namn. Legg det i postkassene i bustadfeltet og slå det opp på dei næraste oppslagstavlene. Vent, og sjå kva som hender.


PS!

Om eg er krass i denne kommentaren, så har eg lært i dag av Øy at det knapt fins etiske grenser for kva ein kan skrive i ein kommentar.

***

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no