...

Dagbladet vs Schjenken:

Salto av dagbladets redaktør

For få veker sidan, svinga redaktør John Arne Markussen storslegga då NRK løynde hovudpunktet i saka mot ei fengsla rom-kvinne. No står han sjølv på barrikaden og slåss for Dagbladet sin rett til å lyge.


Av Terje Marøy - Stigmavakta


Etter advokat Carl U. Bores dokumentgjennomgang, er det ikkje så mykje att av sakas påståtte presseprinsipielle sider.

Avisa hevdar at dei har rett til fritt å publisere utsegner frå publikum og makteliten i ein pågåande debatt. Gjennomgangen av artiklane i samanheng syner derimot at debattantane diskuterte på falske premiss som var lagt av Dagbladet sjølve. Rett til å prente falske opplysningar som knekkjer den vesle mann og kvinne er ein rett norsk presse kan leve godt utan.

 

Dagbladet var ikkje åleine ...

... i herva mot Erik Schjenken. Diverre var eg sjølv utanlands då debatten rasa, så eg har ikkje oversyn over stoda i andre medier, sidan dei mest øydeleggjande artiklane er fjerna frå nettet. Og godt er det.

 

Dagbladet legg falske premiss

Først fortel Dagbladet ei usann soge. Deretter får dei all slags maktmiljø og profesjonelle synsarar til å diskutere på desse falske premissa. Så samlast all kritikken, for personleg og institusjonell rasisme i eitt punkt; Erik Schjenken.

Han klarte ikkje å bera børa, og bukka under. I fullt alvor krev Dagbladet fridom til å publisere denne folkerefsen, sjølv om dei veit at kritikken er bygd på avisas falske sogeforteljing.
Skal vær varsam-plakaten og presseetikken ha noko meining, må ein på refleks stogge opp når ein ser at herva råkar så hardt. Dagbladet veit betre enn noko at folk tar sin død av mediemobbing. Det er ikkje avisas oppgåve å utfordre folks tålegrense, det vera seg med sanne eller usanne påstandar.

Med slik strategi blir presseplakatane uthola som skattelova etter maltraktering av skarpskodde skatteadvokatar, eller som ein sveitserost.

 

Markussens salto
For få veker sidan sto sjefsredaktør John Arne Markussen sjølv i fremste rekkje då NRK vart hundsa for ein hårreisande reportasje om ei rom-kvinne. Dei løynde at kvinna var dømt for medverknad til voldtekt av dottera, då dei skapte biletet av i uskuldig rettsforfylgt kvinne som berre ville heim att til borna sine i Romania.

No, når Dagbladet er avslørt, vil sama Markussen ha rettspraksis for at avisa risikofritt skal kunne lyge om sine offer, til dei blir øydelagde. Makan til etisk salto har eg tidlegare ikkje sett i norsk presse, og eg har lese Dagbladet og andre aviser i meir enn 55 år.

Sakkunnig eller sakkunnig vitne

Dagbladet vil føre den kjende medievitaren Nils E. Øy som sakkunnig vitne for å opplyse presseetiske vurderingar i saka. Utan at det har noko å seie for vitnemålet hans, ville han vore ugild (inhabil) som sakkunnig, sjølv om han utan tvil er fagleg kompetent.

Ein sakkunnig skal ikkje ha bindingar til partane, som Øy har i eigenskap av leiar for redaktørforeningen. Dagbladets redaktørar er mellom arbeidsgjevarane hans. Sakkunnige vitne er ikkje underlagt dei same strenge krava.

Hadde saka stått om viktige presseprinsipp, ville det nok vore best med gilde (habile) sakkunnige. 

 

Mads Gilbert misbrukt

Det fell for langt å gå i detalj om korleis Dagbladet vridde på sanninga for å få dei maktkommentarane som passa avisas frie dikting. Lat meg likevel trekkje fram Mads Gilbert som eg sjølv aktar høgt.

Han kom uvitande med i mobbinga av ambulansearbeidaren den 14.august 2007. Då hadde Dagbladet i over ei veke fyrt opp under ei forteljing om rasistisk behandling av ein mann som hadde symptom på alvorleg hjerneskade. Bileta viste ein tilsynelatande medvitslaus person liggjande på bakken, kombinert med avisas mange utsegner om at mannen hadde pissa på seg.

Gilbert: - Luftvegane må vera opne. Ali låg på ryggen og risikerte difor å få svikt i surstofftilgangen til den skadde hjernen sin, svelgje tunga si, og svelgje blod og oppkast.

Saka: Journalistane fortalte ikkje Gilbert at luftvegane var opne, og han ikkje låg på bakken. Han sto oppreist - både då ambulansen kom, og då den drog.

Gilbert: - Det at Ali tissa på seg sjølv og ambulansen, burde leida mistanken til hovudskade, fordi det ikkje er uvanleg når ein misser medvitet.

Saka: Ali pissa ikkje på seg sjølv, han pissa derimot på bil og folk på ein måte som ambulansearbeidarane (urett) trudde var viljestyrt. Han var ikkje medvitslaus.

Dette visste journalistane Ragnhild Avdem Fretland, Ida Giske og Dina Emelianov då dei skreiv artikkelen om Gilbert. Om dei ikkje hadde fylgt med i si eiga sak, så var det i alle høve deira plikt å sjekke fakta før dei innhenta kommentarar.

Dei misbrukte antirasisten Gilbert til å rette rasisme-stigmaet mot ein kollega. Han gjekk i same fella som mange har erfart dei seinare åra, han trudde truleg at Dagbladet hadde dekning for premissa dei la i utspørjinga si. Folk bør drive kjeldekritikk på journalistar før dei svarar Dagbladet, for Schjenken-saka er ikkje eineståande i avisa.

 

Kor er prinsippet?

Dagbladet og advokatane deira påstår at saka står om viktige presseprinsipielle spørsmål, retten til å publisere meiningar i ein pågåande debatt. Ei mengd døme som ovanfor er ein raud tråd i saka. - Vi kan då ikkje drive sensur av statsrådar, hevdar krinsen kring Dagbladet.

Det er nett der, kor makt og opinion møtest i eitt punkt, hjå den utpeikte, at pressa skal kjenne sitt ansvar på det sterkaste. Syte for at både det som skrivst er rett, og at dosen er til å leve med. Der svikta Dagbladet Schjenken og sine eigne ideal.

Presseprinsippa dei slåss for blir redusert til ynskje om ein simpel rett til å mobbe eit menneske til undergang. Fleire redaktørar, no John Arne Markussen, slåss ikkkje for viktige prinsipp, men uverdige for eit privilegium. Dei som er profesjonelle ordgytarar, skal fritakast for erstatnings- og straffeansvar som lekfolk ikkje slepp unna når dei lyg i det offentlege rom til skade for ein person eller verksemd.

Frå slums til lygn

Ofte er øydeleggjande journalistikk slumsete og aktlaus. Når feil ikkje blir korrigert, lever dei sitt eige liv. Når dei resikrulerast i faktaboksar, gong på gong, endrar journalistikken seg frå slums til lygn.


Får Dagbladet medhald, skipar dei ny og farleg rettsstode. Ynskjer vi eit slikt samfunn?

 

Ein etisk refleksjon ...
... er denne. Om Markussen eller andre i redaksjonen nyttar same taktikk internt i redaksjonen for å støyte ut ein medarbeidar, utløyser trakasseringa straffe- og erstatningsansvar. Kor er etikken i at dei likevel skal handtere utanforståande slik

 

Dagbladets sjel
Denne saka kan ikkje Dagbladet vinne, same kva resultatet blir. Dei har øydelagt eit menneske på sjølvkonstruerte falske premiss.

Einaste heiderlege i denne situasjon, er at John Arne Markussen kastar korta og ber Erik Schjenken om orsaking, og avgrensar saka til erstatningas storleik. Då kan begge starte rehabiliteringa. Schjenken for helsa si. Dagbladet det tunge interne arbeidet med å læra sine journalistar og kommentatorar til fyrst og framst å  leggje vekt på sanninga i stoffproduksjonen.
Sjølv er eg mest uroa over at Schjenken-herva er i tråd med dei siste ti åras journalistiske line i Dagbladet. I mange saker har eg sett avisa skape sensasjon av overdriving, skeivvinklar og direkte lygn. Slik riv dei og ned truverdet som er bygd gjennom 164 år i avisas historie.

Korleis stå mot torpedo-journalistikk?

1. Kontroller om journalistens premiss er korrekt. Kjeldene må sjølv drive kjeldekritikk på media.
2. Snakk og skriv sant. Opplys samanhengen i høve til den problemstillinga du blir presentert.
3. Svar berre skriftleg i vanskelege saker, då har du prov om journalisten vrir utsegna di.
4. Krev balansert tilsvar, slik at misforståingar kan opplysast samstundes
5. Er du misnøgd med avisas sensur av tilsvaret ditt, publiser din eigen fullversjon på andre nettstader, som du kan syne andre medieverksemder og opinionen. Vis til denne i dine kommentarar til skeivframstelte artiklar.
6. Hugs. Avisa har plikt til å skrive sant. Godta ikkje at lygn blir publisert sjølv om du blir gitt tilsvarsrett.

7. Still journalist og redaktør til ansvar om dei driv usant skadeverk. Det er oppdragande og kan gi betre journalistikk.

 

Dei ansvarlege for mobbinga av Erik Schjenken i Dagbladet:

Både kjende og ukjende medarbeidarar deltok i mobbinga av Erik Schjenken. Mange av dei er tungvektarar i norsk presse. I seg sjølv illustrerer dette kor farleg det når pressa spring i flokk, utan å ta seg tid til å trekkje pusten.

  • Aasheim, Anne
  • Emelianov, Dima
  • Fretland, Ragnhild Avdem
  • Holth Johansen, Anders
  • Giske, Ida
  • Karlsen, Kirsten
  • Lode, Veslemøy
  • Ringheim, Trude
  • Raaum, Peter
  • Simonsen, Marie
  • Teimansen, Even
  • Thorenfeldt, Gunnar
  • Throndsen, Jane

Til desse kjem kommentarar frå fagmiljø, politisk miljø og antirasismerørsla, sams for dei var at dei blei presentert falske premiss før dei uttala seg. Nokre av redaktørane kan ha vore på ferie, og slik delegert ansvaret til vikarar.

Det er uforståeleg at det i ein slik flokk ikkje var nokon som stogga opplegget.

 

***

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no