...

11 oktober 2010

Statens høyringshelvete

Utgreiingar og høyringar er ein del av demokratiet. Men når utgreiarar ikkje ser dei sentrale problemstillingane og høyringsinstansane synsar om det dei uttalar seg om, er det fare på ferde. Særleg hvis styresmaktene freistar å gjere alle til lags.

Her kommentarer eg BPA-høyringa og Særfrådrags-høyringa. (Artikkelen held fram under biletet).

Av Terje Marøy

 

Who was Ed Roberts?

Ed Roberts (1939-1995) was an international leader and educator in the independent living and disability rights movements. He fought throughout his life to enable all persons with disabilities to fully participate in society. Ed was a true pioneer: he was the first student with significant disabilities to attend UC Berkeley. He was a founder of UC's Physically Disabled Students Program, which became the model for Berkeley's Center for Independent Living (CIL) and over 400 independent living centers across the country. He was one of the early directors of CIL. He was the first California State Director of Rehabilitation with a disability; he was awarded a MacArthur fellowship; and he was co-founder and President of the World Institute on Disability.

 

Inga reform blir vedteke eller sett ut i live utan høyring. Slik må det vere. Det gamle munnhellet, "den som har skoen på, veit kor han trykkjer", gjeld dei fleste områda i livet. Problem blir det der alle andre skal meine noko om kor min eller din sko trykkjer. Eg skal nemne to høyringar som begge illustrerer høyringar på ville vegar.

 

BPA - borgarstyrt personeg assistanse

Bakgrunn

Borgarstyrt personleg assistanse - BPA - er ei ordning som er heilt naudsynt for å sleppe fri funksjonshindra med assistansebehov. Ordninga er tufta på independent living-ideologien, som har røtene sine i den amerikanske borgarrettskampen på 50-60-talet. Æra for rørsla er tilskriven Ed Roberts som etter poliomyelitt trong maskinell pustehjelp heile livet. Han vart nekta høgre utdanning, fordi samfunnet ikkje var til for slike som han. Novel, for å gjere historia kort, han slåss seg til utdanning ved universitetet i Berkely, same universitet som kronprinsen vår gjekk på. Sidan vart han øvste leiar for kontoret som avslo studiesøknaden hans. Rørsla han skipa har spreidd seg kloden rundt, mellom anna til ULOBA og ENIL.

ULOBA vart skipa i 1991 av fem funksjonshindra personar. Dei gjennomførde prøveprosjekt, delte erfaringane med helsestyremaktene, og dreiv slik fram ordninga i Noreg. Funksjonshindra sjølv vil at ordninga skal vera eit fridomsverkty, som gir funksjonshindra høve til å utdanne seg, til å arbeide, til å leve sosialt, til å vera aktive samfunnsborgarar på lik linje med resten av innbyggjarane i landet.

Slik det er tenkt i dei internasjonale konvensjonane som Noreg har slutta seg til, alle er født med same verdi og same rett. (Sjå teksta "Skapt i Guds bilde" på stigmavakta.no's framside).

BPA handlar altså om fridom, ikkje om at ein funksjonshindra sjølv skal avgjere kor tid ho/han vil ha golvet vaska.

 

Høyringsvara

På frilansoppdrag for ULOBA spurde eg i 2005 alle parti på Stortinget pluss Raudt om dei støtta ein lovfesta rett til BPA. Alle var samde om at dette måtte på plass. Erna Solberg var kommunalminister og reiste saka, som dei raud-grøne arva.

I 2006 inviterte regjeringa til høyring om lovreforma. 70 prosent av høyringssvara var positive. Men tunge miljø var negative. Vestfold gav samla svar for 12 kommunar (12K), som alle viste seg å vera sterkt mot sjølvstyring av personleg assistanse. Kommunane som hadde ordninga elles i landet, var derimot stort sett positive. Men deira oppfatning av kva BPA skal vera, synte seg i ettertid å sprike i alle retningar, frå borgarstyring i funksjonshindras oppfatning av ordninga, til sjølvstyring begrensa til tradisjonelle heimehjelpsoppgåver. Det siste opnar ikkje samfunnet, slik funksjonshindra ynskjer og krev, mellom anna gjennom Mitt Liv-kampanjen.

 

Fridom er Mitt Liv-kampanjens hovedtema

 

Juks

12K juksar med talmaterialet sitt. Dei skræmer med reine utgiftstal, der premissa ikkje kjem klårt fram. Verre er det at dei ikkje tek med pluss-postane i reknestykket sitt. Kommunenes sentralforbund - KS - vil gjerne ha BPA, men avgrensa til 20 timar i veka. Mange kommunar nektar sine innbyggjarar med BPA å flekse med ordninga, slik at dei i planlegginga ikkje kan leggje inn periodar med auka assistanse, som til dømes ferie, kulturarrangement og mykje anna som folk utan assistansebehov tek som sjølvsagte goder.

Analyseselskapet ECON syner at kvar fjerde funksjonshindra har nytta BPA til å skaffe seg inntektsgjevande arbeid, som både reduserer Statens utgift til uføretrygd og gir kommunane skatteinngang. Slett ikkje alle med BPA vil kunne ta seg arbeid. For mange må samfunnet gjerast meir tilgjengeleg før slikt kjem på tale. Men ECON syner og at mange nære familiemedlemer kan frigjere seg frå assistanseoppgåver og sjølve ta seg arbeid når slektningen får BPA. Dette er og rekna på av ECON, men er ikkje ein gong vurdert av 12K og KS.

 

Fridom

Ordet Fridom, og verdien av dette omgrepet, er ikkje nemnt i dei kritiske høyringssvara. Difor spør eg 12K og KS, som representantar for dei kritiske:

  • Korleis vil de sikre funksjonshindra fridom til å delta aktivt i samfunnet, når de ikkje vil gje, eller sterkt avgrensa, sjølvstyrt personleg assistanse BPA til menneske med assistansebehov?

Svara blir kunngjort når eg får dei.

 

Kokte bort

Det blei for vanskeleg for regjeringa å handtere motsetnadene. I staden for å innføre Fridom for alle, vart saka lagt bort. No kjem ho opp att i samhandlingsreforma, kor ho slett ikkje høyrer heime. Personleg praktisk assistanse har ingenting med helse og sjukdom å gjere. Men i desse dagar kjem i alle høve eit nytt framlegg på høyring. Så får ein sjå om dette kjem funksjonshindra i møte på ein måte som sikrar menneskeverd og grunnleggjande menneskerettar.

 

Framlegg om å skrote særfrådraget

Her skal eg avgrense meg til yrkesaktive med særfrådrag. Løyser saka seg for dei, blir ho samstundes løyst for folk med trygderett. Anna vil stride mot diskrimineringslova. (Artikkelen held fram nedanfor utvalspresentasjonen).

 

Arbeidsgruppa som vil skrote Særfrådraget:

Finansdepartementet
Avdelingsdirektør Knut Erik Omholt (leiar)
Lovrådgjevar Hege E. Gahr
Spesialrådgjevar Årstein Risan
Seniorrådgjevar Andreas Tveitereid til 1. september 2009, deretter
Seniorrådgjevar Merete Onshus


Arbeidsdepartementet
Seniorrådgjevar Bent-Ole Grooss til 16. desember 2009, deretter
Seniorrådgjevar Katrine Stensholt


Helse- og omsorgsdepartementet

Avdelingsdirektør Cecilie Mo Batalden (vil ikkje skrote frådraget).


Helsedirektoratet
Rådgjevar Per Øivind Gaardsrud (vil ikkje skrote frådraget).


Skattedirektoratet

Seniorskattejurist Heidi Skevik

 

 

 

Bakgrunn

Det er dyrt å vera kronisk sjuk eller funksjonshindra i dette landet. Mykje av desse utgiftene må den einskilde betale sjølv. Særfrådraget har til no sikra at han/ho i ettertid får refundert opp mot 30 øre for kvar krone vedkomande har betalt, gjennom særfrådrag.

Stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter (FrP) tok opp spørsmål om særfrådrag i 2008. Bakgrunnen var at frådraget sprikte frå kemnar til kemnar. Dåverande finansminister Kristin Halvorsen settei januar 2009 ned eit utval for å samordna eit nytt regelverk. Utvalet sine framlegg har no vore på høyring, og Finansdepartementet arbeider med saka vidare.

Skatt høyrer først og fremst saman med inntekt. Difor er det heilt uforståeleg at utvalet ikkje har sett på kvifor nokre funksjonshindra har høgare inntekt, og dermed større krone-føremon av frådraget.

I staden slengjer dei ut ein irrelevant påstand om at dei med størst inntekt har størst frådrag, som om det skulle vera usosialt. Difor vil dei fordele frådraget på generelle helseformål for dei som i dag har frådrag.

 

Høyringa

Denne irrelevante påstanden blir slukt av dei fleste høyringsinstansane, både dei som vil skrote frådraget og dei som vil halde på det. Ser ein på fagrørsla, spriker uttalingane. Nokre fagforbund stør framlegga, andre vil halde på ordninga i reformert utgåve.

Alle skattefrådrag gir størst føremon for dei som tjener mest. Ein funksjonshindra arbeidar med inntekt på ein halv million, har større skattefrådrag ein funksjonshindra på minste uføretrygdesats.

Men dette gjeld ikkje berre for funksjonshindra. Ein direktør med multimillionvilla i Holmenkollen og store lån, har mykje større føremon av rentefrådraget enn den fattige åleinemora på Grønland (Oslo), som må låne på to-roms-husværet sitt for å finansiere skuleturen eller skulebøkene til ungdomen i familien. Men ingen tenkjer på å skrote rentefrådraget av den grunn.

 

Skroting

Difor fins det berre ein ærefull utgang for regjeringa i denne saka. Dei må skrote utgreiinga. Dermed fell og høyringssvara frå dei som har synsa om noko dei ikkje har peiling på.

Kona er i fullt arbeid og har særfrådrag. Som mange andre er mykje av frådraget hennar knytt til arbeidet. Berre eigenbetlinga for den personlege assistansen ho må ha for å kunne arbeide, kostar bortimot 60.000 i året, som ho i dag får frådrag for, og difor i røynda blir redusert til ei ekstrautgift på 40.000. Fleire andre postar er og knytt til arbeidet hennar. 

Mange funksjonshindra i arbeid har frådrag ut over 100.000 kroner. Det betyr at dei må tjene 100.000 meir enn trygda for at dei økonomisk skal kome betre ut enn om dei sat heime. Mange klarer ikkje det. Likevel er det å kome seg ut, og nyte eit nettverk og kollegieum, ein livskvalitet som får mange til å sjå bort frå inntektsbortfall for nett å kome seg i arbeid.

Det verkar dårleg med honnørord om inkluderande arbeidsliv, når regjeringas utval no vil leggja ei ekstra bør på funksjonshindra arbeidarar.

 

Skatteskjerping

For mange funksjonshindra arbeidstakarar (og uføretrygda) vil skatteskjerpinga liggje frå 20.000 til over 50.000 kroner kvart år. På 25 år, som er huslånetida, vil tala for desse vera over 500.000 til 1.250.000 kroner. Desse pengane ville vore gode å ha for til dømes å betale på eit bustadlån.

Verd å merke seg er at milliardærane har fått freding mot skatteskjerpe til etter neste stortingsval.

 

Kor skoen trykkjer?

Rett ille går det når betrevitarar ikkje ein gong tek seg tid til å spørje før dei vil selgje nye sko.

Difor er det greit å vise til at dei som kjenner til funksjonshindras levekår i utvalet, gjekk inn for å halde på særfradraget. Dei argumenterte nettopp med at skroting råkar einskildmenneske ekstra hardt, og mange av dei vil ikkje ha særleg nytte av dei føreslegne omfordelingane.

 

***

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no