...

05 oktober 2010

Kommentar: Omnipotens i Flyktninghjelpen

Mange vil med rette undre seg over at eg, ein menneskerettsaktivist, i fleire artiklar har kritisert Flyktninghjelpen, sjølve fyrtårnet i norsk bistand. Det lettaste svaret er dette: Når ein av dei beste organisasjonane går seg vill i sitt eige sjølvbilete, kan kven som helst gjere det.

(Varslingsbrev er sendt Flyktninghjelpens styre. Det blir førebels ikkje publisert, men presse, politikere og byråkrati kan få det tilsendt etter ynskje).

Av Terje Marøy

 

Generalsekretær Elisabeth Rasmusson i Flyktninghjelpen vil ikkje gjere greie for organisasjonens pengebruk. (Foto Flyktninghjelpen/ukjend fotograf)

 

 

I ideelle organisasjonar har ein gjerne sams verdisyn, semje om strategi og ei sementert tru på at dei gjer det gode og rette for folk. Dei er hjelparen, ikkje svikaren. Difor blir det gjerne ilske når nokon pirkar i den polerte fasaden. Kritiske spørsmål blir feid unna som ein uting, eigen glans blir synt for verda. "Takk Gud for at eg ikkje er som han der," sa den stolte farisearen og sette augo i den fattige som knapt våga seg innom tempeldøra. Sjølvkritikk har tronge kår i sjølvgode miljø.

Eg er redd for at når denne organisasjonen tek brødet frå dei som treng det mest, kan andre synde på same vis. På hi sida er førebiletet. Gjer Flyktninghjelpen rett og skil for seg, vil det smitte på andre organisasjonar. Kanskje meir, det vil og påverke statane dei er inne i.

 

Evne til betring
Det fekk eg sjølv sjå eit døme på i Sierra Leone i 2004. Der hadde Flyktninghjelpen fått pengar frå Verdsbanken for å byggje 19 skular; i landet som i mange år vart rekna som verdas verste å bu i. Med ny kunnskap om tilrettelegging og universell utforming kunne eg på staden påvise feil i prosjektet, feil som var i strid med både dei norske og Verdsbanken sine reglar. Skulane var utforma på ein måte som kunne stengje funksjonshindra elevar ute. Den lokale leiinga tok dette opp med styremaktene i Sierra Leone, som etter kort tid sendte eit rundskriv til alle NGOar i landet med pålegg om at utviklingsprosjekt skulle vera tilrettelagt for alle, altså universelt utforma.

 

Omnipotens ...
... er eit fagord for sjølvgod/allmektig/ufeilbarleg.

Flyktninghjelpa har potensial til å skape endring. Men for å skape endring må dei og vera audmjuke for at sjølv dei beste kan feile. Eg fylgde opp saka i januar 2005 då eg var vel heime.

Stigmavaktas slagord er at ingen skal dømast for sine feil, men for evna til å bøte dei. Eg spurte dåverande generalsekretær Raymond Johansen om dei ville tilretteleggje andre prosjekt på same vis som i Sierra Leone. Korkje han eller informasjonssjefen hans, Petter Nome, ville svare på dette. Det undra meg, for mitt spørsmål hadde ikkje i seg kimen av kritikk. Eg ville berre sikre meg kunnskap om korleis Flyktninghjelpa ville te seg i andre samarbeidsland framover.

Eit par gonger i året har eg stilt dei same spørsmåla, men skiftande leiingar vil ikkje svare. Eg opplever dette som omnipotent leiarskap. Sjølvgode leiarar er seg sjølve nok. Dei sto på pinne for meg då eg i mange år skreiv eit 70-tall positive artiklar om arbeidet deira, artiklar som viste det gode Flyktninghjelpen driv med i tre av fire verdsdelar som dei arbeider i. Men å svare på spørsmål om eit strukturelt problem, det vil dei framleis ikkje.

Noverande generalsekretær Elisabeth Rasmusson og kommunikasjonssjef Rolf Vestvik har fått spørsmål to-tre gonger i året sidan dei vart tilsette, utan å svare. Leiinga for TV-aksjonen deira vil heller ikkje svare.

 

Tjuveri
I staden syner det seg at feltarbeidarane deira ikkje har fått melding om tilrettelegging, slik reglane for offentleg prosjektstøtte krev. Når prosjekta ikkje blir tilrettelagt for funsksjonshindra, er det ikkje berre eit regelbrot. Det er og misbruk som å ta frå dei fattigaste og gi til dei meir priviligerte. For sjølv i dei fattigaste samfunn er det prinsipielt slik som her heime, ein funksjonshindra slit med vanskar som folk utan funksjonsnedsetjingar slepp. Eit utilgjengeleg samfunn aukar problemet. Eit tilrettelagt samfunn minskar det.

Flyktninghjelpen er ingen privatfinansiert organisasjon. Storparten av pengane kjem frå Staten eller multilaterale organisasjonar (som Verdsbanken og andre). Difor bør dei ha plikt til å gjera greie for pengebruken. Så langt har eg ikkje funne slik informasjon, korkje i årsmeldingane eller i Flyktningregnskapet, som dei gir ut kvart år.

 

Arroganse ...
... er omnipotensens tvilling. Er ein fyrst på denne vegen, fråtek ein seg evna til kritisk syn på eiga verksemd.

Dei blanda seg inn i siste valgkamp med terningkast på dei ulike partia sine programformuleringar. Det er like seriøst som å gi stjerne til ein restaurant av å lese menyen, utan å smake retten. Raudt har ikkje mykje parlamentarisk røynsle å skryte av, men sjølv ikkje Erling Folkvords mest ihuga motstandarar vil hevde at Raudt står til karakter 2 av 6 i utviklingsspørsmål.

Ikkje minst råkar arrogansen dei tilsette, både i Norge og ute, som vitnar om at det er vanskeleg å ta opp saker internt. Kirkens Nødhjelp har fått tyn i pressa for dårleg arbeidsmiljø, og har truleg tatt grep. Så langt har Flyktninghjelpa gått klar.

 

Avstraffing
ILO-konvensjonane sikrar arbeidsfolk verda over mot utbytting. Desse reglane er deira menneskerettar. Det er sjølvsagt at Flyktninghjelpa, som driv rettsprosjekt i fleire land, må vera eit døme i slike saker. Eg snakkar ikkje her om at lokale arbeidarar tjener mindre enn deira europeiske "bossar". Nordmenn skal svare utgifter heime av inntekta ute. Ulike levekostnader gjer det rimelig med skilde løner.

Men rettstryggleiken skal vera den same. Kan du ikkje straffe ein kvit med eit verkemiddel, skal du heller ikkje straffe ein svart med dette. Kollektiv avstraffing, straff for hendingar andre har gjort, er forbode både etter ILO-konvensjonane og dei fleste statar sine eigne lover. Fyrste forbodet mot slikt kom i den norske gruvearbeidarlova midt på 1700-talet. I Flyktninghjelpa er dette innført for å disiplinere lokalt tilsette. Men kvite nordmenn slepp unna, som rett og skal vera.

Slik framferd utfordrar grensa til rasisme; sjølv meiner eg dette ligg langt over grensa. Mange har hevda at dei ikkje vågar å ta opp personalsaker av frykt for konsekvensane. Frykt-/krypkultur er som kreft i ein kvar organisasjon.

 

Bakar for smed
Ein lokal arbeidar i Sierra Leone hadde vore tilsett i prosjekt for krigsamputerte. Dette prosjektet gav Flyktninghjelpa stor internasjonal merksemd. Med stor personleg risiko hadde han leita opp mange av desse som framleis var gøymt i jungelen, med sterke traumer, og store fysiske skader.

Av uforståelege grunnar kutta Flyktninghjelpa ut dette prosjektet då media sprang av garde til andre konflikter og katastrofar. Men arbeidaren var ein dugande mann, som dei ville ha med vidare som lagersjef. Under teljinga oppdaga han manglar og ville ikkje overta før han kunne stå inne for tala. Nokre av manglane vart utbetra, men då han var på ferie, blei det sakna materiellet stole på ny.

Flyktninghjelpa meinte at han likevel sto ansvarleg for lageret og måtte erstatte tapet, sjølv om ein annan tilsett var mistenkt for tjuveriet. Han ville prøve saka si i norsk rett, men Flyktninghjelpa brukte makta si for å stogge han. Dei ville ikkje mekle. Då stevning var teken ut, nytta Flyktninghjelpa formalretten sin til å kreve garanti for sakskostnadene - 70.000 kroner, tilsvarande 10-15 årsløner i Sierra Leone. Utan slik garanti, måtte Oslo tingrett avvise saka.

Flyktninghjelpa sin HR-leiar sa at mannen vart handtert i tråd med reglar dei fylgde i alle land, reglar som altså bryt arbeidsfolks menneskerettar.

Korleis skal ein organisasjon som sjølv har menneskerettsbrot som personalreglement, vente at dei skal påverka andre til å fylgje menneskerettane?

Sidan Flyktninghjelpa hadde (har?) liten kunnskap om normale reglar i arbeidslivet, og dei ikkje såg ut til å læra av sine feil, varsla eg sjølv dei tilsette i organisasjonen om manglane. Vona var at dei då internt kunne ta eit oppgjer med leiinga i Oslo, både for å kvitte seg med mangelen, og for å sikre at Oslo-staben kunne gi betre råd neste gong problem oppsto i felt. For det er alltid utfordringar når kulturskilnader skal dra i flokk. Men dei utfordringane må løysast på ein etisk og juridisk bærekraftig måte.

Eg støtta arbeidaren i hans freistnad på å prøve saka si. Kan hende er det denne handlinga og internvarslinga som har fått Flyktninghjelpen til å gå i vranglås? Eg ser saka tvert imot som eit døme på ein organisasjon i utakt med dei humanitære verdiar som bistand må tuftast på.

 

Materielle verdiar
I saka spurde eg korleis dei kunne leggja lageransvar på ein mann som ikkje godtok teljinga og difor motsette seg å skrive under overtakingspapira. Svaret var at det normalt vart gjennomført ein overtakingsforretning, men at det slett ikkje var naudsynt.

Det tyder på sviktande profesjonalitet også i høve til dei materielle verdiar Flyktninghjelpa er tiltrudd. Men det er ei anna soge, som eg ikkje vil bruke krefter på.

 

Framover
Med ujamne mellomrom kjem eg til å utfordre Flyktninghjelpa til eg får svar.

I mellomtida vil eg laga eit oppsett til hjelp for journalistar, politikarar og andre som er interessert i norsk bistand. I ei rammesak under tekstbolken "Ideelle organisasjonar" vil eg liste opp organisasjonane som får statsstøtte, og be om svar på pengebruken i høve til det som særleg opptek meg, utvikling for funksjonshindra.

Der vil organisasjonane sjølve få inn sitt svar, så får media og andre prøve om svaret stemmer i felten.

***

Relaterte artiklar:

 

 

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no