...

Kommentar: Fridom kostar - og kva så?

Politikarane fryktar utgiftene til borgarstyrt personleg assistanse - BPA. I eit vrangbygd samfunn er nett det argumentet utidig.

Av Terje Marøy

 

Ikkje noko nytt at styresmaktene er mindre opptekne av funksjonshindras fridom, enn kva dei kostar samfunnet. For 60 år sidan kosta kvar funksjonshindra den tyske arbeidar 50.000 Reichmarch. Løysinga kjenner vi. (Foto; Gedenkstädte Hadamar)

 

 

 

 

Under avspark for Mitt Liv-kampanjen meinte høgreleiar Erna Solberg at frykt for utgiftene var det største hinderet for lovfesta rett til Borgarstyrt personleg assistanse - BPA. Ho meinte at om ein la eit samla syn på plussar og minusar, var det lite truleg at dette reknestykket ville syne noko tung samfunnsbør.

Truleg har ho rett. Analyseselskapet ECON har synt fram fleire tunge plusspostar i eit samfunnsperspektiv. I denne kommentaren skal eg ikkje gå inn i desse premissa. I staden vil eg syne at det er i overkant ille å bruke økonomiske argument til å forsvare utestenging av funksjonshindra frå deltaking i eit pulserande samfunn. Like eins vil eg peike på løysingar som ikkje vil koste pengar, berre litt kreativ tenking - og kan hende nokre nye forskrifter.

Elles viser eg til Frihetsmanifest, som er skrive av Vibeke M. Melstrøm og underteikna. Melstrøm er leiar for BPA- og menneskerettslaget ULOBA, ein av dei tre organisasjonane bak Mitt Liv-kampanjen.

 

Vårt samfunn
Det fins ikkje noko ditt eller mitt samfunn. Noreg har vore eitt samla rike i meir enn 1100 år. Eg skal ikkje gå dit, men nøye meg med å reflektere over samfunnet som "vi som bygde landet" skipa til i etterkrigstida, eller førkrigsdtida om ein tek med at Noreg har vore i krigstilstand storparten av dei siste 20 åra.

Vi som bygde dette landet, bygde det feil. Vi var spreke og bygde for menneske som var like spreke som oss sjølve, utan omsyn til at alle slit med funksjonsnedsetjingar i deler av sitt liv. Nokre slit med slikt heile livet. Vi brukte billionar på å byggje dette diskriminerande samfunnet. Om vi no må bruke nokre milliardar for å bøte på dei grøvste syndene, så er det ein liten pris for fordums dårskap og likesæle.

 

Billionane
Eg kjenner ikkje til kor mange billionar det har kosta å byggje Norge. Men i hovedsak er desse pengane nytta til å byggje eit diskriminerande byggverk, som blir kalla verdas beste land å bu i. Jaudå, kan hende verdas beste for dei priviligerte mellom oss.

Utdanning
Vi feilbygde grunnskular, vidaregåande skular og høgskular for hundrevis av milliardar. Skulane har stengt og stenger framleis mange funksjonshindra unge ute frå utdanningsvegar som dei ville valgt etter evner og anlegg. Ingen funksjonshindra som er født i år 2010 eller tidlegare vil oppleve fritt skulevalg i si utdanningstid, men kan hende kan borna og barneborna våre velgje fritt i neste generasjon.

 

Arbeid
Mange funksjonshindra har likevel klart å røre seg over hindringane. Dei har kvalifisert seg til ei mengd ulike jobbar. Likevel slit dei med å sin fyrste jobb, 78 år etter at USA fekk sin første funksjonshindra president. Ikkje berre det. For å pynte på arbeidsløysetala, tel ikkje 90.000 arbeidsføre funksjonshindra med i statistikken. Den reelle arbeidsløysa er difor over dobbelt så stor som regjeringas skrytetal.

Ingen treng høgare utdanning for å havne på uføretrygd. Difor er det ikkje berre dyrt, men reint sagt stupid å hindre folk arbeid, når dei har klart å skaffe seg kompetanse. Kona kan ikkje lyfte ein kaffikopp. Med BPA kjem ho seg ut av senga om morgonen. I eit tilpassa bygg er einaste tilpassinga ho treng ein skrivepinne til eit par hundrelappar, og ein øyrepropp til telefonen. Utan BPA ville ho vore institusjonalisert, i beste fall i sin eigen heim. Med BPA leiar ho ei verksemd med om lag 5000 tilsette.

Etter å ha brukt fleire billionar på å byggje eit utilgjengeleg næringsliv, er det berre småpengar som skal til for å opne arbeidslivet for alle.

 

Samferdsel
Å byggje vegar, jernbane, båthavner og flyplassar kostar meir enn flesk i den norske steinrøysa. Alt er bygd slik at store grupper blir hindra, ikkje berre definerte funksjonshindra. Framleis er det klatrestativ som må forserast for å kome inn på bussen, i staden for terskelfrie løysingar.

Billionar er brukt på dette, men dei priviligerte skrik ut sine protestar om det må brukast ei krone på betre materiell og lettare tilkomst for funksjonshindra. Og det er viljen det står på.

I San Franscisco er praktisk talt heile samfunnet tilgjengeleg. Mykje av kollektivtrafikken i det opne gatebildet går med trikk. Ein gimmick er at desse trikkane er av alle slag, dei eldste over hundre år gamle. Sjølv desse er gjort 100% tilgjengelege gjennom enkel ombygging. Likevel har norske transportørar kjøpt inn utilgjengeleg materiell til det siste, sjølv om universelt utforma løysingar har vore i standard produksjon dei siste 15-20 åra. Eg har norske verksemder mistenkt for å spesialtinga diskriminerande materiell.

I Norge blir utrangert materiell sett inn i skuletransport, med spesialdrosje for funksjonshindra. Første møte norske funksjonshindra born har med samfunnet, er altså at dei ikkje eingong får lov til å sitja i same bil som venene.

 

Sport/underhaldning
Kulturhus og sportsanlegg er bygd utan omsyn til funksjonshindra brukarar eller publikum. I Oslo Spektrum blir folk i rullestol plassert i rømningsvegane. Takk skaparen for at ingen så langt har ropt "brann". I nybygde Ski kinosenter vart kona og eg bortvist, fordi ein annan funksjonshindra framfor oss i køa hadde fått den einaste rullestolplassen. Ropar dei "brann" på Ski, stoggar rullestolen i ei bratt trapp i rømningsvegen.

Slik kan ein fortsetje i det uendelege. Uvettuge samfunnsbyggjarar har bygd for apartheid, utestenging av dei som har andre kroppslege eigenskapar enn fleirtalet.

 

Fritid
Stengde dører er det vanlege, om ein funksjonshindra vil delta sosialt, i organisasjonsliv, ta på seg politisk verv med obligatorisk møteverksemd, og mykje anna. Vår familie valde bort Øygarden kommune, der vi hentar fisken vår, fordi det ikkje var tilgjengelege båtplassar, som det i nabokommunen Radøy var flust av.

 

Grupper mot kvarandre
Menneske som treng tilpasningar og assistanse, blir definert i grupper, gjerne etter diagnose og/eller alder. Ein hersketeknikk er å setje desse gruppene mot kvarandre. Billegare medisin for ein kronikar, blir sett opp mot personleg assistanse til ein annan.

Betring for alle funksjonshindra, blir sett opp mot eldreomsorg. Her er eg freista til å vera ufin. Dei eldre har nytt det gode liv i eit diskriminerande samfunn, der dei sjølv har bygd stengslene. Om ein må setja tilretjelegging og praktisk assistanse for funksjonshindra opp mot eldreomsorg, er det truleg funksjonshindra sin tur no.

Men - dei gamle bygde landet slik dei gjorde fordi dei ikkje visste betre. La dei ha sjukeheimen sin i fred, hvis det er slik at dei vil bu på institusjon dei siste åra.

Kvifor ikkje sjå annleis på det. Statsfinansierte olympiske leikar eller EM i fotball må vike, fordi vi i denne perioden må ha på plass BPA for funksjonshindra. Sjølv om BPA kan vise seg å vera lønsamt, er det liten tvil om at det vil koste nokre milliardar fram til dei positive ringvirkningane syner seg.

Om ein treng nye kraftliner til Bergen, og sjøkabel blir fire gonger dyrare, kan det vera at sjøkabelen må vike, fordi ein må ruste opp samferdsla i landet til eit brukandes nivå for alle. Ein kan trekkje fra mange slike avgrensningar før ein set grupper mot kvarandre.

Herskarar har til alle tider vore tjent med gruppetenking. Det gir grunnlag for eigen maktbase i majoriteten, framfor rettstenking for alle. Dei kallar det gjerne demokrati, sjølv om minoritetane blir undertrykt.

 

Nytenking
Kva er vitsen med tilgjengeleg materiell, når haldeplassane er utilgjengelege har eg høyrt fleire i kollektivtransporten seie. Vitsen er at tilgjengeleg materiell tvingar fram tilgjengelege stoppestader. Diskriminering blir synelggjort, og det synlege gjer ein noko med.

Vi har ikkje heimel for å bruke samksjonar for å tvinge fram endringar, seier kommunebyråkratane. Men dei har god tilgang til stortingspolitikarar, som kan vedta naudsynte lov forskriftsendringar, som:

Vilkår for skjenkeløyve, er at restauranten blir gjort tilgjengeleg innan X år eller ved eigarskifte. Etter kort tid vil det vera ei mengd tilgjengelege utestader å velgja mellom.

Nye drosjeløyve skal ha tilgjengeleg materiell, og gamle løyver skal kjøpa tilgjengeleg ved bilskifte. Lange TT-køer blir borte, og ein kan leve spontant.

Byggjeforbod i 100 metersbeltet i strandsona blir brote stadig vekk, ofte av gode grunnar. Men skal nokon utvikle eller byggje på vår felles almennrett, kan ein stille universell utforming som motkrav.

Denne lista kan gjerast uendeleg, av gode tiltak som ikkje vil koste noko. Eit godt døme er desse fæle kjuøpesentra som sikrar norske konsumentar eit tilfang av butikkar tilpassa mange gonger Noregs folkegrunnlag. Nær alle er fullt ut tilgjengelege, for at ein skal kome fram med handle- og barnevogn. Så enkelt er dette. Byggjer ein lettvint for folk flest, er det og lettvint for funksjonshindra. Det som eller trengs, er nokre leidelinjer for synshindra og nokre lyssignal for høringshindra menneske.

 

Mainz ...
... er eit gamalt tysk kulutrelt hovudsete ved Rhinen. Slike byar har ei freda kjerne, bygd på ei tid der dei fleste funksjonshindra døydde etter få år, og resten vart stua bort.

Dei tilsette ei funksjonshindra kvinne for åtte-ti år sidan, som skulle sjå på universell utforming av bybiletet. Ho trong to år for å endre det meste i positiv lei. Norske kommunar bør koste på seg studieturar til Mainz.

 

BPA
Men vi må leve med det samfunnet vi har til det er ombygd. Då er BPA heilt avgjerande for å stige over hindringane i vårt feilbygde samfunn. Sjølv om eit tilrettelagt samfunn vil minske behovet for BPA, er det nokon som alltid må ha ei slik ordning.

Retten til fridom er lovfesta i internasjonale konvensjoner, vår eigen konstitusjon og menneskerettslova, forankra i FN, Europarådet, Regjeringa og Stortinget. Det er eit rettssvik å leggje retten til fridom for funklsjonshindra i hendene på tilfeldige kommunetilsette, som gjerne let salderinga av budsjettet prioriterast framom grunnleggjande menneskerett.

Menneskerett er likerett i samfunnet. Utan likerett er vi ikkje eit demokratisk samfunn. Dette er det overordna omsynet som må takast i spørsmålet om lovfesta rett til BPA. Difor blir diskusjonen om kroner og ører meiningslaus.

Ein tek ikkje retten til grunnskule frå borna, og yrkesutdanning og arbeid for vaksne, fordi det er dyrt. Då skal ein heller ikkje hindre fridomsverkty for funksjonshindra, her med BPA som fremste døme.

 

Eit reknestykke
Eg har fleire gonger tidlegare nemnt 50-årslaget til ein ven vinteren 2010. Fem i festlyden hadde BPA, som dei nytta til å skaffe seg arbeid. Skattelista synte at samla innbetalt skatt og det staten sparte i uføretrygd berre for desse fem var 2,4 mill kroner i 2008. På 30 år blir dette 72 millionar kroner.

Rett nok kostar assistansen noko, men ein kan ikkje som 12K i Vestfold presentere utgiftene utan å trekkje inn slike plussverdiar. Om styremaktene i heile teke har mage til å snakke om desse små utgiftene, i lys av billionsluket som er omskrive ovanfor.

***

Sjå meir om soga og tankar kring ho.

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no