...

 03 august 2010

Yesh Gvul - det går ei grense

 

Dagens gjestar er dei israelske jødane Ofer Neiman og Peretz Kidron. Dei representerer organisasjonen Yesh Gvul - som betyr; "det går ei grense".

Eg møtte grunnleggjarane av Yesh Gvul i Jerusalem på slutten av 80-tallet. Då var eg sjølv i opprør mot norske styresmakter, som aktivt ville hindra informasjon frå nordmenn i FN-teneste om krigsbrotsverk.

Organisasjonen starta som ein protest mot krigsbrotsverk under Libanon-felttoget i 1982, som kulminerte med massakrane i Sabra og Shatilla.

Medlemmene i denne organisasjonen er ikkje pasifistar. Dei vil ikkje kvie seg for å gå i strid for staten Israels tryggleik. Men sjølv i krig skal det gå ei grense, basert på humanistiske prinsipp nedfelt i krigens folkerett (kor genevekonvensjonane er sentrale). Dei protesterer mot krigsbrotsverk, daglege provokasjonar og ein endelaus okkupasjon av dei palestinske områda.

Difor seier dei NEI til okkupasjonstjeneste i dei israelske styrkane.

Dei var den gongen verdas einaste organisasjon for militærnekting på anna enn pasifistisk grunnlag, som heller ikkje er lovleg i Norge. Ved at dei har slått ein kile i det dogmatiske verdigrunnlaget for israels militærstyrkar, har dei blitt lagt for hat i breide lag av folket. Fleire av medlemmene har også sona i fengsel for sine meiningars skuld, og dei blir stigmatisert av maktmiljøa i landet.

Men dei hevdar sjølv at Israel aldri kan oppnå fred ved å undertrykkje sine naboar. Det er ikkje vanskelig å følgje dei i dette. Men i mediebildet er det konfrontasjonane, dei uforsonlige på begge sider, som rår grunnen.

I Norge gis det skattelette for å støtte ulovlige busetjingar, eller krigsbrotsverk på Vestbreidda. Sjølv om dei raudgrøne i 2005 lovde å endre dette, står ordninga framleis ved lag. Vit då at organisasjonar som Yesh Gvul og andre menneskerettsgrupper nyttar sine ressursar til fredsarbeid, sjølv om du ikke får skattelette for å støtte dei.

Engelsk

Dissidentar i alle land opplever at deira utsegner granskast med milimetermål, for å finne element som kan dras ut av sin samanheng for å diskredittere dei. Sidan Stigmavakta ikkje har ressursar til ei profesjonell oversetjing, har eg vald å publisere innlegget på engelsk, som Yesh Gvul for høvet har nytta.

***

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no