...

Israel - eit levande demokrati?

Faximile VG.no

Tre år etter at Israel innførte blokaden mot palestinerne på Gazastripen, har 60 prosent av husholdningene for lite mat, ifølge Redd Barna.

LITE MAT: Israel blokkerer Gaza-stripen. Da må palestinerne smugle mat, her fisk, gjennom tunneler fra Egypt til Gaza. Foto: Reuters

 

Frå VG

2. juni 2010 skreiv VG:

"Israel er et levende demokrati," (Anonym leiar)

Sju centimeter unna på same side står dette:

"Konsentrasjonsleir

"...  Israel har i flere år gjort Gazastripen til en gedigen konsentrasjonsleir, der nøden og behovet for hjelp er skrikende. ... Man går milevidt over streken når man legger et helt sivilsamfunn i ruiner og myrder kvinner og barn, for deretter å stenge ute de nødvendige midlene til nødhjelp og gjennoppbygging." (VG-kommentator Olav Versto)

Desse to kommentarane kom etter bordinga av konvoien med naudhjelp til Israel, fordømt i store delar av verda, men støtta av USA. Det spesielle denne gongen er at demonstrantar utanfrå vart drepne og skadde. Slikt som skjer nær dagstøtt på okkupert Vestbreidda, og indirekte i Gaza der folk døyr på grunn av stor mangel på mat, medisin og husly.

 

Kva slags demokrati?

Dermed stiller VG seg om lag som folket. På eine sida dei som ser vona i Midt-Austens einaste demokrati. På hi sida dei som peikar på at den israelske statsmakta drep kvinner og born.

Versto seier det same som historikarar og Midt-Austen-kjennarar har hevda i årevis. Den såkalla demokratiske staten Israel har myrda kvinner og born i heile si levetid. Rett nok har mange israelarar blitt drepne i terroråtak, som respons på den israelske framferda. Men for kvar daud israelar finn ein 40-50 drepne palestinarar.

Israels mest ihuga vener i Norge fordømer kritikk, og viser til Kina og Saudi-Arabia, som ikkje vert fordømt på same måte. Dei har eit poeng. Både Kina og Saudi-Arabia er utan tvil røvarstatar, der opposisjonelle blir knust. Er du palestinar, vil du i israelske maktområder alltid vera annanrangs menneske. Som å vera svart i ein apartheidstat.

 

Utvegen til betre liv

Men det fins ein utveg: I Kina kan du bøye deg for makta og bli ein god kommunist. I Saudi-Arabia kan du bøye deg for makta og bli ein kongetru muslim. I Israel kan du bøye deg for makta, og konvertere til jødedom. Då får du det etter tilhøva greit.

Bøyer du deg ikkje, vil du i desse landa vera ein annanrangs borgar, der dine individuelle menneskerettar blir truga kvar einaste dag. 

Kva demokrati er det som brukar drap på sivile som politisk metode? Ser ein bak fasaden, er Israel vrengebildet på eit demokrati. Du har demokratiske rettar som jøde. Er du ikkje jøde, må du underkasta deg ideen om ein særjødisk stat for å drive politikk. Og jødar har ein dominerande stilling i heile maktapparatet; parlament og regjering, justisvesenet og militærmakta.

Når Israels vener ber naboane sjå til Israel for å lære demokrati, er det som å sjå seg rundt og be om meir av det samme som Midt-Austen slit alt for mykje med; vald mot sivile, terror og undertrykkjing.

Slikt er kristenfundamentalistane si oppfatning av demokrati. Eg deler ikkje den trua, og forlet henne for om lag 45 år sidan.

 

Skilnad

Like mykje som Israel med rette fengslar og dømer terroristar, burde israelske politikarar, politifolk og soldatar kunne dømast for sine brotsverk. Fyrst då kan ein snakke om at demokratiet har byrja spire i Israel.

Eg minnest ei hending frå den perioden eg vitja Gaza ofte og budde i Israel (1987-88). Det var intifada i dei okkuperte områda. Jerusalem Post, som på den tida var eit organ for demokratisk utvikling i landet, skreiv om rettsaka mot tre israelske soldatar.

Dei hadde brote seg inn i ein heim i FNs flyktningleir Jabalya, den største i Gaza den gongen. Dei stilte familien, mora og fleire mindreårige born, opp langs stoveveggen og drog fram familiefaren. Fyrst slo eine soldaten faren i golvet med geværkolben. Deretter vart han sparka og slegen. Til sist hoppa ein soldat på hovudet hans.

Skallebeinet braut saman. Blod og hjernemasse flaut ut over golvet. Faren døydde der, framfor augo på kone og born.

Eg reknar med at nokre av desse borna i dag hatar staten Israel, at dei gjerne vil drepe folk som tek seg til rette på besteforeldra sine åkrar innafor synsvidde frå Gaza, og som drap far den dagen, med dei middel dei rår over, kan hende terror. Om ikkje, har dei større moralsk tyngde enn ein kan fatte. Årsak og verknad heng saman, i Gaza som andre stader.

Brotsverket var så ille at heller ikkje statsterrororganisasjonen Israel Defence Forces IDF kunne la den passere. For handlinga hadde ikkje militær verdi. Domen var på fire til seks månaders fengsel. Om dei måtte sone domen, veit eg ikkje.

Ein palestinar i motsett situasjon, drap på ein jøde, ville fått livslang dom. 

Er domskilnad frå fire månader til livet ut for same brotsverk, etter kva slag menneske du drep, uttrykk for ei demokratisk dømande makt?

Liknande brotsverk er det hundrevis av, mange av dei omskrivne i små glimt også  VG opp gjennom åra.

 

Religion

Opprettinga av staten Israel i 1948 var ei sekulær, ikkje-religiøs avgjerd. Men den amerikanske og kristenfundamentalistiske blinde støtta Israel er basert på religiøs overtru om at jødar er særleg utvalde av Gud, og har evig rett til Israels jord etter lovnad frå Gud. Mange jødar, men ikkje alle, stør og ei slik oppfatning.

Indremisjonen, pinserørsla og andre fundamentalistiske sekter åtvarer mot falske profetar i endetida. Men dei gløymer å sjå seg i spegelen.

Bibelen seier ingenting om at jødane skal ha eigedomsretten til Israels land. Tvertimot, fyrste Mosebok gjev to utsegner om dette, som tvertimot slår fast at jødar ikkje skal ha særrett til landet. Både til Abraham og barnebarnet Jakob (han som tok navnet Israel), vart det sagt at deira etterkommarar skulle bli ei mengd folkeslag, som skulle ha rett til riket. Jødar etter Juda er berre ein tolvdel av Jakobs/Israels ætt.

Det som vert kalla Guds klåre ord, seier altså det motsette av forkynninga. For å kome fram til si tru, må forkynnarane tolka Guds klåre ord inn i ei mengd uklare utsegn for å meisle fram eit grunnlag for si (van)tru.

Stammesamfunna sto sterkt på Abrahams og Jakobs tid. Jakob fekk etter bibelsoga 12 søner, som kvar for seg fekk ei mengd etterkomarar. Dei skal likevel ha hatt innbyrdes god kontakt til kong Salomo av Judas ætt blei ein slave av "kjødets lyst". Ikkje berre dronninga av Saba fekk hygge seg med denne virile diktarkongen, med dei mange pronografiske tekstane i diktinga si. Han skal ha hatt 300 koner, og 700 medkoner, ein flokk som det tok tre år å kome innom, om han skulle ha ei kvar natt. Fleire av dei skal ha drive med avgudsdyrking, som han ikkje rydda opp i. Dermed braut ti av ættene med Juda-ætta og mingla seg med andre folkeslag i områda. Alle i området kan truleg påberope seg slektskap med Abraham, også utanom ættegreina Ismail, Jakobs onkel.

Skulle eit syndefall for 3000 år sidan gje politiske fordelar i dag for ætta etter syndaren?

I motsetnad til dei falske profetane si lære, er beste tolking av skrifta at ættene etter Abraham og Israel skulle bli mangfoldige, og leve saman i området. Eller på nypolitisk, eit grunnlag for demokrati og like rettar for alle innbyggjarar i landet.

 

Farleg

Kristenfolkets oppfatning er farleg. Dei stør eit israel som dei meiner skal styre mot stupet, tett inntil avgrunnen, slik at berre nokre få jødar overlever. Dei skal så ta imot Kristus som sin frelsar.

Det er som ein må klype seg i armen. Kort tid etter holocaust ropar dei halleluja til ny jødeutrydding, avløyst av ein kristen-"gud" som frelsar nokre få av dei, medan resten etter utryddinga skal brenna i helvete.

Dei ynskjer meir djevelskap over jødar i  Guds navn enn over dei hata palestinararane som dei kritiserar i sterke ordelag. 

No går det ein reklame på den kristne kanalen Visjon Norge, som oppmodar kristne til å støtte israelske krigsbrotsverk i Samaria med pengar til jødiske okkupantar. Enkelte organisasjonar får til og med skattefritak frå den raudgrøne regjeringa for å finansiere slike krigsbrotsverk.

Med slike vener treng ikkje Israel fleire fiendar. 

 

Jødar i Israel

Mange ortodokse jødar ser det annleis. Det jødiske riket er av åndeleg natur, med Jerusalem som senter for religiøs inspirasjon. Landet og politikken set dei i ein sekulær samanhang utanom  gudstrua si. Eit slikt syn er uproblematisk og har i seg spiren til ei betre framtid for alle.

Men for eit politisk leiarskap utan demokratisk tradisjon er det viktig å dyrka oppfatninga av jødar som Guds utvalde, for å sikre støtte frå særleg USA. 

Noko av det mest interassenta frå tida i Israel var å sjå den interne jødiske debatten i Israel, frå dei despotiske kreftene til dei medmenneskelege. Debatten om Israels politikk var breidare enn mellom tilhengjarar og motstandarar av israels politikk her heime, slik den er spreidd mellom kristenfundamentalistar og Framstegspartiet på ein fløy og Palestinakomiteen på den andre.

Diverre blir progressive krefter i Israel oversett, til fordel for ekstremistar på begge sider i debatten, og til skade for demokratiske krefter i landet og til sist til skade for Israel sjølv.

 

Boikott

Etter massakren på fredsdemonstrantar denne veka, kjem forslag om boikott fram att. Sjølv er eg tvilar i dette spørsmålet. Boikott er kollektiv straff, som råkar skuldige som uskuldige. Eg er mot kollektiv straff.

Derimot kritiserer eg utanriksminister Jonars Gahr Støre for å ta for lett på krigsbrotsverk. Nei til boikott er hans mantra. Men han vil ikkje rettleia tvilarar som meg.

30. april spurde eg om korleis han vil sikre at norske forbrukarar ikkje kjøper varer produsert på okkupert mark. Tre purringar er sendt. Korkje han eller embetsverket har så langt svart. Eg purrarpå ny i dag.

Kjøp av produkt frå dei okkuperte områda er kvitvasking av krigsbrotverk. Det er eit heilt anna spørsmål enn boikott, men Gahr Støre har ikkje stilt krav kring dette til norske importørar som Norgesgruppen, som no diskuterer spørsmålet internt. Coop har derimot sett i verk eigne tiltak.

Boikott er eit politisk spørsmål. Kvitvasking er eit brotsverk som utanrriksministeren ikkje kan vri seg unna.

***

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no