...

Leiarane ligg kronologisk nedover denne sida. Fleire av dei har tidlaust innhald.

 

04 april 2016

Idrettens omerta - toppen av isfjellet

 

19 nov 2014

 

04 oktober 2014

 

02 april 2014

 

14 februar 2014

 

06 februar 2014

 

31 januar 2014

 

06 desember 2013

 

17 mai 2013

 

24 april 2013

 

 25 februar 2013

 

20 februar 2013

 

14 januar 2013

 

2012

04 desember 2012

  • Staten tapte - Norge vant

Les mer

 

26. november 2012

  • DS Donau - den mørkaste dagen

Les meir

 

20 november 2012

Dagbladet: Mobbing i ynkeleg redaksjon

Les meir

 

27. september 2012

Forkasteleg debatt om AUF-leiaren

Les meir

 

10 august 2012

Medias kjeldejakt i 22. juli-rapporten

Les meir

 

01 februar 2012

Høgdehus: Diskriminering står for fall?

Les meir

 

 05 januar 2012

Godt nytt år - til alle?

Les meir

 

15 desember 2011

Avslørt

Les meir

 

29 november 2011

Liten siger, godt prinsipp

Les meir

 

09 november 2011

Anna Lena Berglund er død

Les meir

 

04 oktober 2011

Kvifor tek ikkje forsvaret 22.juli-ansvar?

Les meir

07 september 2011

Erna blir dolka av Høgre-bastion

Les meir

19 august 2011 

Politifolk er menneske, menneske gjer feil

Les meir

02 august 2011

Ei rose til Johannes

Les meir

17 juni 2011

ULOBA - 20 års kamp for Frihet

Les mer

07 juni 2011

Krigsnasjonen Noreg: Vi lærer heller ikkje

Les meir

16 mai 2011

17. mai - kan hende neste år?

Les meir

04 mai 2011

Avgrensa aksjonar sparer liv

Les meir

02 mai 2011

Erstatning til skadde veteranar

Les meir

11 april 2011

Salto berga regjeringa

Les meir

07 april 2011

BPA: Arbeiderpartiet ved eit veiskilje

Les meir

23 mars 2011

  • Vestregionen; ordførarane tykkjest feilinformert

Les meir

21 februar 2011

  • Eit meningslaust hemntokt slær kontra

Les meir

01 februar 2011

  • Bunden til sentrum

Les meir

24 januar 2011

  • Ole Kopreitan er død

Les meir

14 januar 2011 

  • Marie Amelie; eit menneskerettsbrot i utvikling

Les meir

12 januar 2011

  • Partipisk mot funksjonshindra?

Les meir

03 januar 2011

  • Godt Nytt År?

Les meir

24 desember 2010

  • God Jul - til alle "svake grupper"

Les meir

10 desember 2010

  • Fokus fryktlause kvinner

Les meir

06 desember 2010

  • Sjukehuskrigen: Medan vi ventar på Katla

Les meir       Ordskifte

03 desember 2010

  • Kraftpriser: Fare for liv, helse og materielle verdier

Les mer

24 november 2010

  • Avretting av funksjonshindra, svekka ordlyd i FN-resolusjon

Les meir

16 november 2010

  • Framstegspartiet vil jamstelle TT-reisande

Les meir

12 november 2010

  • Færre terrorvåpen, men kanhende norsk dobbeltmoral

Les meir

08 november 2010

  • Skandaløst av Aftenposten

Les meir

04 november 2010

  • Ulovleg overvaking trugar vanlege folk

Les meir

25 oktober 2010

  • Sex, synd, skam og straff!

Les mer

18 oktober 2010

  • Framleis Apartheid for funksjonshindra

Les meir

11 oktober 2010

  • Statens høyringshelvete

Les meir

 

07 oktober 2010

  • Skatt, korrupsjon og bistand

Les meir

05 oktober 2010

  •  Omnipotens i Flyktninghjelpen

Les meir

16 september 2010

  • Tvilsam grunngjeving for deportasjon av serberar

Les meir

09 september 2010

  • Meir tvil i Treholtsaka

Les meir

31 august 2010

  • Solidaritet på vidvanke

Les meir

25 august 2010

  • Regjeringa kvitvaska eit menneskerettsbrot

Les meir

24 august 2010

  • Uhøyrt av Per Sandberg, men ... ?

Les meir

17 august 2010

  • Skulestart - vaksenlivet byrjar

Les meir

05 august 2010

  • Tortur - ein strategisk boomerang

Les meir

03 august 2010

  • Yesh Gvul - det går ei grense

Les meir

15. juli 2010

  • Fleire lovbrot mot familien Navrud

Les meir

18. juni 2010

  • Afghanistan: Respektlaust av regjeringa

Les meir 

3. juni 2010

Israel - eit levande demokrati?

Les meir

18. mai 2010

Neste år - 17. mai

Les meir

6. mai 2010

Frida flyttar heim - men kvifor slapp media henne?

Les meir

5. mai 2010

Fleire skadde i Afghanistan - kva ventar dei no?

Les meir

2. mai 2010

Siv Jensen rappa solidariteten

Les meir

 

30.april 2010

Internettet gir ytringsfridom og ytringsrett

Jau då, i Noreg har vi stort sett både ytringsfridom og ytringsrett. Men framleis er redaktørane  suverene til å gi eller nekte oss ein talarstol. Og finn vi ein slik talarstol, så er det mange å dele han med. Redaktørane porsjonerer ut taletida etter eige hovud.

Redaktørane sine hovud er slett ikkje alltid som mitt. Difor opplever eg som dei fleste at vi får ytre oss i små porsjonar, og langt frå i slik monn som ein har på hjartet, eller i hovudet.

Dei siste 22 åra har eg vore frilansjournalist. For ti år sidan vart eg kvitt kvar einaste artikkel eg skreiv. For fem år sidan omlag halvparten. No kan det gå månader mellom kvart napp.

Mange gonger har eg gjort media oppmerksom på urovekkjande saker som dei sjølve har utvikla vidare. Etterkvart har heller ikkje slike tips blitt noko av. Redaktørane no er ofte dei som gjekk i skulen samstundes med borna mine. Kan hende skriv eg dårlegare. Kan hende passar ikkje tankane mine i tida. Når sjølv kjære gamle Klassekampen oftast er stengt for meg, så er valet enkelt:

Anten grev eg meg ned og ventar på siste reis, eller eg gjer noko med det.

Ein talarstol

Gjennom Stigmavakta får eg ein talarstol som eg sjølv rår over. Mitt evangelium er det gamle klassiske: Fridom, likskap og brorskap, ikkje berre for dei få, men og for Chiarra på framsida, og dei vener eg har fått i mogen alder, som er annleis utanpå enn festflokken eg heldt meg til i unge år. Likeverd er ikkje ein floskel utan innhald som før, for eg har sett at alle har same verde. Det gjeld berre å sjå mennesket, innanfor det ytre skalet. Der finn ein det vakre, det kjenslevare, det levande.

 BERSANI_RAMPONI_2099.jpg

Kan hende får eg ikkje mange i tale, men det får heller ikkje presteskapet i ein middels norsk kyrkjelyd. Men nokon vil nok lese det eg skriv. Vona er at medier med meir slagkraft enn Stigmavakta.no kan utvikle nokre av sakene våre vidare.

Samstundes vil eg snylta på andre medier. Dei har ofte gripande og gode oppslag om skeive forhold i samfunnet vårt. Men dei nøyer seg med nyhendeoppslaget. Dei underliggjande maktstrukturane som gjer overgrepa mogeleg, let dei fare. Dei vil eg gripe.

Eg er ingen nøytral åskodar i samfunnet. Stigmavakta vil ha ein agenda, ei meining i sakene vi skriv om. Tekstboksar med navn som "Apartheid på norsk" og "Olje og skam" syner at eg har sett, kontrollert og gjort meg opp ei meining som eg flaggar.

Sjølvsagt skal dei kritiserte få kome til orde. Men eg stiller same provkrav til tilsvaret som i den publiserte artikkelen dei vil svare på. Makta får ikkje lyge her, slik dei ofte får lov til i dei store hastverksredaksjonane når dei svarer på kritikk. Ofte gløymer redaksjonane at tilsvarsretten ikkje gir rett  til å pynte på sanninga.

Eit døme: Ei kvinne varsla leiinga om økonomisk utruskap på arbeidsplassen sin. Då vart ho trakassert. I si naud gjekk ho til Dagens Næringsliv som slo saka stort opp på bakgrunn av dokumentasjonen i saka. Leidaren i verksemda fekk plass til å skrive at ho laug, sjølv om gode Kåre  Valebrokks folk visste at prova hennar heldt vatn. Slik vart kvinna og eit offer for ein redaksjon som let tilsvarsretten stå over sanninga. Skam til skade kallast slikt.

Slikt kan og hende her, men då som tabbe, ikkje som medvite redaksjonelt val.

Rett og vrangt

Kvifor akkurat Stigmavakta? Navnet fekk eg av ein nettdebattant då eg slo i hel nokre timar på ein internettkafe før leggjetid i den fattige bydelen Aberdeen i Sierra Leones hovudstad Freetown i 2004. Så tanken på denne nettstaden har mogna ei tid.

Gjennom eit rikt levd liv har eg vore så heldig å sjå vrangsida av samfunnet vårt. Den sida som er stuva bort når fasaden skal skina, og makt og folk sola seg i glansen. Vrangsida er ikkje like fin. Der ser du dei forenkla løysingane som er tredd ned over hovudet på folk som ikkje blir høyrd. Der andre enn den det gjeld finn ut kva som er bra for deg. Ofte blir overgrepa gjort i beste meining, fordi det er slik andre meiner du bør ha det og takke til. Her finn eg folk som har det vondt, i eit samfunn som andre seier er verdas beste å leve i.

Stortingsrepresentant Inge Lønning seier i boka Folk (redigert av Ann Kristin Krokan, illustrert av Morten Krogvold og utgjeven av ULOBA): "Det verste du kan gjøre mot et menneske er å frata det ansvar og begrunne det med omsorg."

Tidlegare menneskerettighetsdommer Hanne Sophie Greve seier: "Samfunnet skal tilpasses mennesket, ikke omvendt." 

Menneskerettsaktivisten Adolf Ratzka seier det slik: "Eg er eksperten på korleis eg vil leve mitt eige liv."

"Formyndarstaten", fnys høgresida og vil avvikle detaljreguleringane. Eg sjølv, oftast plassert i SV sin velgjarflokk, er ikkje like kategorisk. Men i den raudgrøne tida vi er inne i, må eg titt sjå til Raudt, eller Høgre og FrP på hi sida, for å finne den naudsynte respekta for det einskilde menneske. Kan hende har dei rett som seier at det er meir som samlar enn skiljer folk i landet vårt.

No vel. Eg kan ikkje gripe tak i all urett. Men eg vil syne fram ein flik av vrangsida. Eg eg vil syne fram nokre få av dei ansvarlege. Når eg ser løysingar eg sjølv trur på, vil dei bli delt med makthavarane. Og eg vil varsle om systemsvikt. Etter kvart er vona at ordet eg kan bytast med vi, fleire som grev.

Makteslaus?

Når eg sjølv kjenner avmakt, trøyster eg meg med Margaret Mead: "Tvil aldri på at ei lita gruppe medvitne og ihuga borgarar kan endre verda. For til alle tider er det nettopp dei som har gjort akkurat det."

Rett skrudd?

Mange vil hevda at eg er ein underleg skrue. For 30-40 år sidan ville eg kan hende blitt arg. No må eg nok gi dei rett.

Ski, 30.04.2010 - Terje Marøy

...