...

31.01.2014

ORD ER MAKT

Gjennom historia har funksjonshindra blitt omtalt med ord og uttrykk som kan trakkar folk ned i skiten. Det undrar meg at ein vidgjeten filolog står framst i hopen som hånar opprøret mot dette.

Av Terje Marøy

Les og:

De vanskelige ordene

Kjerring, soper, neger, krøpling

Språk til besvær I

Språk til besvær II

 

Funksjonshindra menneske protesterer mot ord og vendingar som er lite eigna til å teikne bilete av det likeverdige og mangfaldige menneske (VG 25. jan 14). Ei eiga orliste freistar å finne ord og vendingar som ikkje teiknar det historiske vrengebiletet av folk med ei eller fleire funksjonsnedsetjingar. Det får språkvitaren Sylfest Lomheim til å raljere: Meiningsterror, udemokratisk, diktatorisk og ikkje verdig eit sivilisert språksamfunn, meiner han.

Verdig? Invalid, les ugyldig eller verdilaus, er det verdig omtale av andre? Eg undrast kva boble filologen og hans like oppheld seg i.

 

Språkutvikling

Lomheim veit at språket utviklar seg, også omtalen av vår siste legalsegregerte minoritet, funksjonshindra. Idiot er ikkje lenger brukt i dagleg tale. Men i min ungdom, då funksjonshindra framleis kunne plasserast i privat slaveri, kunne ein høyre utsegner som: Idioten arbeider godt, men invaliden sende eg attende.

Språk byggjer haldningar, haldningar skipar åtferd. Vårt språk om funksjonshindra er diagnose- og fordomsbasert. Haldningane bryt ned grunnleggjande borgarrettar. Fleirtalet av oss har dessa rettane nedfelt i internasjonale konvensjonar og norske lover, verna av institusjonar som FN, Stortinget, Regjeringa og domstolane. Funksjonshindra med assistansebehov sin rett til utdanning og arbeid er derimot delegert til underordna saksutgreiar i kommunen, basert på uklare formuleringar i helselovene.

 

Ord diskriminerer

Funksjonsfrisk peikar på at dei andre er sjuke. Homofile var og sjuke fram til 1977. Trur verkeleg Lomheim og hans like at homofile ville opplevd jamstelling og ikkje-diskriminering om deira orientering framleis hadde vore sjukdomsstempla? Ordet homoseksuell brukast ikkje. Seksualiteten er lite eigna til å teikne det mangfaldig samansette heile menneske.

I min ungdom fans lausungar, som leid for foreldras synder. For syndig var slikt. I religiøs språkdrakt var skilte kvinner som gifta seg opp att horer. Like eins kvinner som hadde sex utanom ekteskapet. Men ein imam som kalla norske kvinner horer 40 år seinare vart tynt i alle media. Trur Lomheim at borns og kvinners rettar hadde utvikla seg sunt med slike stempel?

 

Sjuke haldningar

Unge soldatar vart spurt om gjera FN- eller NATO-teneste under andre himmelstråk. Nordsjødykkarar vart sendt til djupner dei ikkje kom heilskinna frå. Når så lagnaden treff dei tungt, opplever dei fordomane. Har dei eit praktisk assistansebehov i ein kommune rundt Drammen, må dei søkje kommunen om lov til å krysse kommunegrensa. Dei er sjuke, må vite, og kommunen skal kontrollere levemåten deira. Bent Høie meiner det er opp til kommunen om ein veteran skal kunne reise nokre styrkande veker utanlands, fordi helsetilstanden ikkje kan garanterast der.

Funksjonshindra i fullt arbeid, må årleg få lov av kommunen til å halde fram i arbeid. I Trondheim, og truleg mange andre stader, har ein innført avgrensing i retten til å være med på kongressar og fagsamlingar i utlandet. Arbeidaren er sjuk må vite, sjølv om han ikkje har hatt ein dags sjukefråvær dei siste ti åra.

Kven er sjukast og er mest risikoutsett når han rører seg i samfunnet; ein frisk funksjonshindra etter nakkebrot, eller ein med alvorleg hjerteliding? Den eine skal isolerast/apartherast, den hin har full fridom og alle rettar. Giss kven?

 

Sjukeleggjort

Funksjonshindra har sjølve utvikla fridomsverktyet brukar-/borgarstyrtstyrt personleg assistanse BPA. Alt før ordninga er rettsfesta, og samfunnet gjort tilgjengeleg, har den redusert arbeidsløysa i gruppa med 25 prosent. Fleire er i utdanning. Helse- og sosialdepartementet ynskjer å avvikle denne ordninga, har kuppa namnet og sett det på eit segreringsframlegg i staden. Framlegget vil effektivt sende funksjonshindra attende til heim eller institusjon om det blir vedtatt av nytt regime.

Offshoredykkerunionen ODU, Veteranorganisasjonen SIOPS, Noregs Idrettsforbund (paralympisk idrett), ULOBA, Frambu, og fleire med kjennskap til funksjonshindras sterke sider, har protestert kraftig mot framlegget.

Dette kunne aldri fått passere om ikkje funksjonshindra var sjukeleggjort, ikkje minst gjennom eit fordomsfullt språk, som og får redaktørar til å prioritere ned saka.

***

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no