...

 All makt korrumperer, og mediemakt, om den ikkje møtest med motmakt

 

 Foto; Kathrine Geard

 

Borgarting: Skal pressa ha rett til å trakassere?

Saka mellom Erik Schjenken og Dagbladet skal setje grense for presseetikken. Skal media kunne trakassere og mobbe folk til undergang? Skal profesjonelle skribentar sleppe ansvar for tilsvarande ytringar som lekfolk kan straffast eller dømast til erstatning for?

Av Terje Marøy

Andre artiklar om presseetikk; Grunn pressetisk debatt og Dagbladets perverterte Utopia

26.2.2013 startar Erik Schjenkens ankesak i Borgarting lagmannsrett. Ankande part er Dagbladet som ikkje godtok idømt erstatning i tingretten på 1 mill kroner for å ha hetsa Schjenken til varig sjukdom og tapt arbeidsevne.

Fleire mediefykar er i harnisk over domen, som etter deira meining trugar ytrings- og pressefridom. Det er i beste høve misforstått.

 

Trakassering og mobbing

Saka handlar tvert imot om trakassering. Skal pressa ha rett til å trakassere einskild-menneske hinsides eit kvart magemål, med sterkt krenkande karakteristikkar?

Ambulansesjåføren Erik Schjenken vedgår å ha vurdert situasjonen feil under utrykking då han ikkje tok med ein skadd mann. Seinare synte det seg at mannen var påført alvorleg hjerneskade, og han var alvorleg sjuk i lang tid. For dette fortente Schjenken fagleg kritikk, som han og fekk.

Men Dagbladet gjekk mykje lenger. Som moderne gapestokk og simpel mobbar dreiv dei saka fram til Schjenken sto att som sjølve riksrasisten. Dømt og fordømt av eit hylekor i media, som reiv med seg folk flest i ein medieskapt mobb.

Jaudå, eg vart sjølv riven med, i det eg trudde var kvalitetssikra reportasjar.

Dagbladet står fremst i rekkja mot mobbing, utført av andre. Sjølv har dei ei redaksjonell line som mobbar både i papirutgåva og på internett. Dei tok aldri eit oppgjør med ein jourbnalistikk som dreiv Tore Tønne i døden, og Erik Schjenken til sjukdom.

 

Fusk i innhald og konklusjon

I ettertid synte det seg at Dgabladet gjekk for langt. Dei viste bilete av ein liggjande skadd mann, medan Schjenken opplevde ein ståande mann. Dagbladet skreiv feil om handlingar kring den mørke mannen som kunne gitt symptom på hjerneskade.

På bakgrunn av sine eigne slumsete reportasjar, blei stigmaet forsterke gjennom fleire dømande kommentarar.

Men, avisa har ikkje dekning for å kalle han rasist. Mitt beste minne frå tingretten, var at den skadde tok Schjenken i handa og forlikte seg med han.

Slik forma avisa folkemeininga, og slik klarte dei å drive ein mann på kanten til sjølvmord. Hadde dei lukkast, som i Tønne-saka, hadde avisa truleg og sluppe frå Erik Schjenken utan å ta ansvar for sine grumsete metodar. Til all lukke klarte han seg, men saka har kosta han dyrt.

I dag er denne mannen ein skugge av seg sjølv. I fylgje ein dom i fjor er han tilkjent yrkesskadeserstatningetter mediekjøret.

 

Kommentatorar lurt

Ei spesiell side i saka er at Dagbladet og lurte seg sjølv trill rundt. Høgt vyrde kommentatorar meinte både dette og hint om saka, basert på reportasjar i eiga avis.

Ikkje minst Dagbladets eigen politiske redaktør har fått erfart at ho kan havne på viddene om ho ikkje driv streng kjeldekritikk på avisas eigne journalistar. Det dei skriv treng ikkje vere sant, fordi om det står på trykk i avisa.

 

Ikkje fritt fram

Ytringsfridomen står sterkt i Noreg. Likevel må vanlege folk, utan fagleg og etisk skulering, alltid stå ansvarlege for sine eigne ytringar. Trakasserer eller mobbar du dine medmenneske, kan du havne i erstatningsansvar, i grove tilfelle kan du straffast.

Elles i samfunnet stiller lov og rettspraksis strengare krav til profesjonelle aktørar enn til lekfolk. Dagbladet er ein mediegigant som betre enn dei fleste veit korleis dei skal ordleggje seg for å vri folkemeina i den retning som journalist og redaktør ynskjer.

Er det rimelig at slike profesjonelle skal få amnesti for ytringar som vi andre skal kunne dømast for. Sjølvsagt ikkje.

Denne domen skal trekkje ei grense, og vil truleg hamne i høgsterett.

 

God dom

To spørsmål er sentrale;

  •  skal pressa fritas for ytringsansvar
  • skal pressa fritt kunne drive ei sak hinsides grensene for trakassering og personforfylgjing.

Set domstolane same grense for profesjonelle pressefolk som for oss andre, får vi både ei betre og meir ansvasfull presse. Nytt nederlag for Dagbladet er ikkje berre til å leve med, det er til bate (fordel) for oss alle.

Dommen i tingretten var ein god dom for både pressa sjølv og samfunnet. Kjem lagmannsretten og høgsterett til det motsette, kan vi alle uroe oss over framtida.

***

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no