...

PRESSEETIKK prolog

Artikkelen kan mot kildehenvisning benyttes vederlagsfritt av bloggere og andre medier. Om du finnhan interessant, del han med dine vener og uvener

Stigmavakta


 

Dagbladet fekk førsterett til hovudartikkelen her, og svarer slik:

Mange takk for innlegg.
Vi har stor pågang, og mottar hver dag opp mot 100 debattinnlegg. Vi kan ikke trykke alle, og denne gangen fant vi dessverre ikke plass til ditt bidrag.
Med vennlig hilsen
Dagbladets debattredaksjon



Grunn presseetisk debatt

Dagsrevyens overtramp om ei fengsla rom-kvinne har utløyst ein etikk-debatt i norske medier. Denne debatten er for viktig til at premissa skal leggjast av media, overgriparen, åleine. Men, etikkdebatt utan kvantumsdebatt pirkar berre i etikkens overflate.

Av Terje Marøy

NRK rota det til for seg sjølv då dei laga ei tårevåt soge om ei fengsla rom-kvinne, utan å nevne at ho faktisk var dømt for medverknad til valdtekt av si 11-årige dotter. Dottera, no 15, lever i løynd i Sverige.

Med rette vart NRK sterkt kritisert i mange medier, og i sine eigne kanalar. Ein knakande god kommentar av Dagbladets kommentator Andreas Wiese oppsummerer saka i etisk samanhang. Når eg likevel ikkje let meg bergtaka av artikkelen, skuldast det at den er for smal, og den rettar brodden mot NRK åleine, "den andre".

For meir enn noko speglar artikkelen Dagbladets eigen devaluerte etikk. Samfunnet har gjennom vern om prentefridom gitt dispensasjon frå etikkens grunnreglar, som den gyldne regel. Nett difor bør vi kunne krevje at pressa i alle høve vernar om rest-etikken.

Devaluert presseetikk

Etikk spring ut or den gyldne regel, som har ei aktiv og passiv form. Den er uttrykt gjennom fleire tusen år gamle religiøse, filosofiske og seinare humanistiske tradisjonar.

Aktivt; du skal gjera mot din neste som du vil han skal gjera mot deg.

Passivt; du skal ikkje gjera mot din neste som du vil at han ikkje skal gjera mot deg.

Slikt er lite å lage sensasjonspresse av. Nett difor er det avgjerande at pressa i alle høve tek sin restetikk på alvor. Det er dette den pressetiske debatten hoppar over, kor skal ein setje dei lågare etiske grensene som ein ikkje bør krysse.

Pressa er lite audmjuke i høve til den etiske dispensasjonen samfunnet gir prentefridomen.

 

Brutalt medietrykk

Elles er eg tvilande til kor djupt Wiese-kommentaren er meint. Wiese er same mannen som forsvarte mediedekninga i Rune Øygard-saka, 610.000 treff på Google. Saka er alvorleg, men dekninga er ei tilleggsstraff som utfordrar mannens tålegrense. Vi treng ikkje fleire mediesaker med prov for at tålegrensa vart overskriden.

Wiese har og vore tagal i avisas råkøyr mot Petar Vukicevic, Erik Schenken, Jan Birger Medhaug, Manuela Ramin-Osmundsen, Tore Tønne, Anne Alstad, Kjersti Bergstø og mange fleire. Nokre heilt skuldlause, andre med ein tabbe i sekken. Sams er ein medial gapestokk med smørjer ute av ein kvar proporsjon. Vi veit at medieofre kan ha gjort ein tabbe,slik vi alle gjer, det fylgjer av å vera menneske. Men dekninga seier ingenting om kven desse menneska verkeleg er/var. Sjølv har eg gjort så mange tabbar i eit levd liv, at eg i dagens medielandskap ikkje ein gong vil stå på botnen av ei kommuneliste, slik eg jamnt har fått tilbod om både frå SV og Raudt. Dei er for små til at dei tåler å råkast av mine feil.

Om verksemder er det like ille. Fakta og lygn sausast saman i ei smørje som har lite med sanninga å gjere. Teknikken er propaganda. Ein tek eitt element ut av sin samanhang, set det inn i ei anna rame, og køyrer saka i det uendelege til all truverde er borte for dei som råkast. Vi som har lest vår Goebbels, kjenner teknikkane når media hyler i kor.

Sjølv om ulike tilsyn og alternative kjelder avslører redaksjonelt falskneri, lever saka vidare på redaksjonens nettsider, og blir tekne fram kvar gong eit liknande tema er oppe. Kva i all verda har ikkje-saka om Medhaug i ei dekning av Øygard å gjere (TV2 mfl)? Saka vart lagt bort, ikkje berre på grunn av "bevisets stilling", men for at inkje straffbart fanst.

Ein etikkdebatt utan å ta for seg verknaden av eit samla medietrykk, pirkar berre i etikkens overflate. Overdriven mediedekning over tid gir alvorlege helseplager, (Erik Schenken), eller død, (Tore Tønne). I ettertid har Tønne-saka smuldra til ein bagatell, i verste fall liknande aktløyse som Magnus Stangeland vart frifunnen for.

"Media skriv gjerne om fjortisars nettmobbing, men let att augo for si eiga og langt verre mobbing i eit ope nettlandskap."

 

Motmakt

All makt, og mediemakt, korrumperer når den ikkje møtest med motmakt.

Dei fleste har vel sett det. Når media skriv om ting vi sjølve har god greie på, les vi mykje vrøvl. Likevel sluker vi oppslag vi ikkje kjenner djupnene i. Det får passere, fordi media sjølve redigerer både oppslag og tilsvar. Ansynes Dagbladet er mi eiga røynsle at dei og fjernar kritikk av kvaliteten på det redaksjonelle arbeidet frå kommentarfelta, medan all mogeleg anonymt grums som understør artiklane får stå.

Det verste er at tabloidjoutrnalistikkes manglande magemål trugar liv og helse. I tillegg set artiklar gjerne politisk dagsorde, der overflatiske journalistar sjølve legg premiss hinsides kjerna i saka, vinkelen treng ikkje ein gong vera spiss, den er kan hende berre ein korde i kaka, utan mål om å røre ved kjerna.

Den fjerde statsmakta, pressemakta, står utan motmakt.

  • Kor lenge skal folket la seg hundse utan å ta att?
  • Kvifor skal journalistar leve i ei skjerma boble, i skjørtekanten til ein redaktør som tek på seg ansvar og bortforlklarer det meste?

Sjølv har eg sikra domenet tilsvar.com for nett å kunne gi medieofre ein kanal for å opplyse det journalistane løyner, som kan balansere ei sak for einskildmenneske og verksemder, og avsløre propagandajournalistikk. Eg har ikkje lenger sjølv krafta som skal til for å drive eit slikt prosjekt, men frøet er i alle høve sådd.

Viktigare enn pressas jakt på dop og anna fusk i idretten, vil det vera å avsløre journalistar som fuskar for å sprite opp eigne artiklar når dei skal øydeleggje andre.

"Viktigare enn pressas jakt på dop og anna fusk i idretten, vil det vera å avsløre journalistar som fuskar for å sprite opp eigne artiklar når dei skal øydeleggje andre."

 

Mediemobbing

No stelte NRK seg lagleg til for hogg. Saka deira om rom-kvinna var stygg. Medievitarar veit og å fortelje at NRK toppar statistikken for fellingar i Pressens faglege utval (PFU).

Det seier lite. Mi røynsle er at tabloidene gjerne tek mindre saker og blæs dei opp. Det er gjerne ei kjerne av sanning, som gjer offeret makteslause mot råkjøret. Eit klassisk og brutalt mobbegrep er å gripe ein feil som er gjort, for å tyne den i det uendelege.

All meobbeforsking syner at det er eit samla trykk over tid som knekkjer.

"All meobbeforsking syner at det er eit samla trykk over tid som knekkjer."

Det er til dømes eit kvantesprang mellom å vera ugild (inhabil) og korrupt. Medan Aftenposten, NRK og Dagens Næringsliv går etter private og offentlege maktmiljø, som trugar samfunnsområde og samfunnsverdiar, leitar Dagbladet (og i nokon grad VG) etter småtteri og søkjer stadfesting gjennom einskildmenneskes undergang.

Denne strategien aukar salet, men er like fullt ein feig strategi. Kan hende dette feige utgangspunktet kan forklare skilnaden i klagesaker?

 

Kjeldekritikk

I fleire saker i ulike media, ser eg manglande kjeldekritikk når desse byggjer opp om journalistens eige syn. Dermed kan maktkjelder råke dei makteslause, gjerne indirekte, som var deira mål. Men kjeldekritikken blir også droppa der journalisten dekkjer ei god sak, som han og folk flest er einige i.

Nordsjødykkarsaka er ei slik sak. Når hjerneskadde menneske blir utfordra på detaljar 30-40 år attende i tid, vil dei hugse feil. Somme kan til og med bløffe, i den gode saks teneste. Dei mange feila og manglande kjeldekritikken i dekninga av dykkarsaka, gav makta fritt spelerom både i politiske krinsar og i domstolane. Faktafeil kamuflerte dei grunnleggjande strukturelle manglane som skadde ei heil yrkesgruppe. Inga medeieverksemd har utfordra Staten, Statoil og fleire med dei på desse manglane, bortsett frå NRK på 70-talet (Bernt Eggen og Bjørn Nilsen; Det brutale oljeeventyret). På ny har dykkarane blitt ofra, denne gongen av ei velmeinande men ukunnig presse.

Manglande kjeldekritikk råkar og medias eigne tilsette. Fleire gonger har høgt vyrde kommentatorar havna i uføre fordi dei ikkje kontrollerte oppslag i eige organ som kommentarane bygde på. (Eks: Dagbladets Marie Simonsen i sakene om Erik Schenken (ambulansesjåføren som slett ikkje var rasist), og den usanne påstanden om at LO i taktfast kor kalla stortingsrepresentant AnetteTrettebergstuen ei hore).

"Fleire gonger har vyrde kommentatorar havna i uføre fordi dei ikkje kontrollerte oppslag i eige organ som kommentarane bygde på."

 

Døyr debatten?
No ligg ein fisketur, og motorhavari, mellom innleiinga og avsluttinga av denne artikkelen. Debatten har lagt seg. Om den held fram i løynda veit eg lite om. Men den er for viktig til at folket og samfunnet vi set pris på skal la debatten havarere.

***

Dette brevet er sendt i kopi til Presseforbundet og ansvarlige redaktører i Aftenposten, VG, Dagbladet, NRK og Vårt Land

***

Stigmavakta
http://stigmavakta.no
post@stigmavakta.no
Orgnr 994 115 227
Ellingsrudlia 27, 1400 Ski
Tlf: 917 02 481
Bank: 2050 29 73054


Gode A. Wiese


Du hadde en faglig gjennomarbeidet og svært god kommentar 25.1. om Dagsrevyens overtramp. Jeg støtter den fullt ut.

MEN: Jeg ser også at den med enda større treffsikkerhet beskriver Dagbladets redaksjonelle linje de seinere årene. Nettmobbing, trakassering, fordreininger og overlagt løgn er hva jeg som trofast Dagbladet-leser gjennom mer enn 50 år tidvis møter i spaltene, skrevet av ulike journalister, og noen journalist-torpedoer med sin egen agenda. Tidligere kunne jeg bruke Dagbladet som kilde, det kan jeg ikke lenger uten å ettergå artiklene. Jeg ser at til og med avisas egne kommentatorer kan komme ut og kjøre når de kommenterer med utgangspunkt i avisens egne reportasjer, (eks; Erik Sckenken, Anette Trettebergstuen).

Debatten om etikk i kjølvannet av NRK-skandalen er viktig, og alt for viktig til at brodden bare skal ramme NRK. Den er også for viktig til at media, overgriperen, skal legge premissene for denne debatten. Det har noe med habilitet, flis og bjelke å gjøre. Personlig savner jeg psykososial kompetanse i Dagbladets redaksjon (og andre redaksjoner), slik at virkningen på medieofferet kan vurderes før dere spiller opp hele batteriet. Det er alltid en fare ved å presse mennesker til deres tålegrense, uansett om de er skyldige eller ikke. En debatt uten å vurdere virkningen av samlet medietrykk, bringer ikke media vesentlig videre i etisk retning.

All makt korrumperer, også mediemakt, om den ikke møtes med motmakt.

Jeg noterer meg at den interne hvitvaskingsrapporten etter Tore Tønnes selvmord, foreslo en djevelens advokat for å holde dere journalister i øra. Da jeg spurte etter fyren i fjor, hadde ingen hørt om ham. Jeg formoder at dere ikke ville ha en festbrems i redaksjonen.

Og hva uttalelser angår, så er det ikke bare NRK som ikke svarer. Når jeg stillere spørsmål ved bevisste fordreininger og forfalskninger i Dagbladet, eller andre spørsmål som f.eks om ytringsfrihet i idretten, er det helt tyst.

Jeg håper derfor at du, som gjennom din kommentar viser godt etisk skjønn overfor andre mediers overgrep, også bringer opp disse anførsler i Dagbladets interne etiske diskusjoner

Med denne forsiktige refleksjonen, eller kan hende grusomme salve, ønsker jeg deg og kopiadressatene en god dag!

Med vennlig hilsen

Terje Marøy - Stigmavakta
Pensjonist og borgerretighetsaktivist

Hva er Stigmavakta? http://stigmavakta.no/d4WzUhlnI3s.6.idium
Hvem er jeg? http://uter.idium.no/tema6650.tmp/hXGXBngBjG4V.6.idium

 

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no