...

26 november 2012

DS Donau- den mørkaste dagen

26. november er den svartaste dagen i norsk historie. 532 jøder blei stuva saman og sendt til Auschwitz for å dø. Av over 700 deporterte jødar kom berre eit 30-tal frå hendingane i live.

Av Terje Marøy

 

 

Når eg seier at 26 november 1042 er ein svartare dag enn 9. april 1940, vil nok mange reagere. Det skuldast at vi var utan skuld i 9. april. 26. november er mange nordmenn medskuldige i. Vi har nett kjent kollektiv smerte over 22. juli i Oslo tingrett. Men vi har ikkje tatt inn over oss lidingane den 26. november. Legg ein til nokre hundre, er dei norske jødedrapa 10 gonger større i omfang enn 22. Juli. Samuel Steinmann er siste levande nordmann frå denne tida.

Eg nyttar omgrepet "dei norske" jødedrapa. Desse jødiske landsmennene våre vart i hovudsak gripne av norske polititenestemenn, mange av dei held fram i politiet etter krigen. Etter at norske nazistar hadde forsynt seg av godsakene, vart resten av dødsbua etter norske jødar selt på auksjonar. Mang ein jødisk eigd antikvitet er framleis å finne i norske heimar, heleri av eigedelar frå jødiske heimar.

 

Leopold Meyer Rothmanns (1917-1942)

 

Brydde seg lite

Jau då, det fanst mang ein nordmann som hjelpte jødar til å smette unna, men dagen er likevel beksvart i soga vår. Den syner kor ille det kan gå når folk flest bryr seg lite. Jøde var og er eit skjellsord, dei er ringe, vi er betre. Slik er også fyrste krinsen i vondskapens spiral, som etterkvart gjer det naturleg å trakassere andre menneske, og til slutt avlive dei; krek som dei er.

Eg trur ikkje på Gud, men eg trur på at menneske i seg sjølv kan skape underverk. I ein 5000-årig historie, der myter og fakta er ved i hop, att står eit bilete klårt. Det jødiske folket har overlevd pogromar og folkemord som i sum ville utslette dei fleste folkeslag. Folket er meir livskraftig i dag enn nokon gong i deira tid.

Men i historia ber dei med seg kollektive traumer, som alltid vil setje spor i menneske på flukt. Jødar kjenner muslimar, og veit dei må akte seg. Jødar kjenner og kristne, og veit at kristen-støtta fort kan snu. Kristne står for dei verste handlingane mot jødar.

I det jødiske traumet er også den norske jødesoga, frå reformasjonen, gjennom jødeparagraf og deportasjonar, og fram til i dag. Noko er framleis gale når ein jøde ikkje kan bera sin kippa gjennom Oslos gater.

 

 

 Under dekk var dei stuva saman

 

Vondskapens spiral

Korleis kunne nazistane omskape tyskarar til ein mobb, og nordmenn til likesæle? Kan hende ligg mykje av svaret i kyrkjas tvilsame lære gjennom århundra. Martin Luther sjølv var ein nådelaus antisemitt, som heller vil drikke av eit beger breddfullt av djevlar enn å dele drykken sin med ein jøde (Elling Tjønneland Dagbladet 3. og 4. september 1951). Den katolske kyrkja har og ein beksvart arv i høve til jøden.

I det høgkyrkjelege Tyskland kunne Josepf Goebbels i 1931 blåse nytt liv i antisemittismen ved å gi ut i Martin Luthers "Mot jødene og deira løgner" i nye opplag. Vondskapens spiral vart driven så mange tørn at utryddinga, den endelege løysinga, berre vart eit naturleg neste steg.

Nå du set deg hødt nok over ein annan, kan du ende med å finne naturleg å destruere han, eit slags skadedyr.

- Først funksjonshemmede, så jøder, så sigøynere; - et samfunn som støter ut enkelte grupper kan ende opp med ikke å ha plass for noen. (Tidligere menneskerettighetsdommer Hanne Sophie Greve).

Jødeparagrafen i grunnlova er berre eitt av ei lang rekke overgrep mot jødar i Noreg.

 

Kritikk av Israel

Eg har budd i Israel, og eg har vitja Vestbreidda og Gaza mange gonger. Det har gjort meg svært kritisk til måten Israel brukar makta si i området. Likevel, sjølv om mange, kan hende fleirtalet av jødar, støttar den uforsonlege lina til Israels regjering, kan ein ikkje hefte dette ved kvart individ eller jødar som gruppe.

Det er eit alvorleg varsko når så mange i ulike miljø i vår tid blandar jøde og politikk.

Ein nordmann i det mossaiske trussamfunn har like lite ansvar for overgrep i Gaza, som ein norsk offiser hadde for krigføringa i Vietnam. Ansvaret ligg på den einskilde. Frå generalen som gir ein urett ordre, til fotsoldaten som med vilje ikkje skil mellom soldat og sivil.

Overgrep eller offer har svært lite med ulike religionar å gjera, men mykje med kven som har makta. Det har vi tallause eksempel på, i moderne tid frå holocaust og fram til i dag. I Kosovo dreiv serbarar etnisk reinsing då dei hadde makt, og kosovoalbanarane dreiv fram sine overgrep når dei med NATOs hjelp fekk overtaket. Dei siste åra har NATOs prioritet vore å verne serbiske miljø mot kosovoalbanske overgrep.

No har Israel makta i israelske og palestinske område. I den konflikta står eg på palestinarane si side. Men alle vi som engasjerer oss for deira sak, må vera klår over at menneskerettsstoda neppe blir betre om makta snur.

Balanse og minoritetsrespekt er utfordringa for ein varig fred.

Mykje av det beste forsonings- og menneskerettsarbeidet i området blir dessutan halde i live av jødiske grupper. Desse spring ut av både tradisjonelle freds- og menneskerettsgrupper og dei militære styrkane.

 

Eg, ein antisemitt?
Eg er av same sort som sendte seks millionar jødar i gasskammer, freste Dagens legendariske israelsven Arthur Berg mot meg vinteren 1988. Mange med han har sagt liknande om meg, og eg har vorte truga på livet, truleg av kristenfundamentalistar. Verkeleg vondt vil det treffe om ein moderat jøde kallar meg antisemitt.

Novel, karakteristikkar lever sitt eige liv. For meg er seks millionar eit tal, som teiknar ei mengd menneske. Men eg fattar ikkje holocaust ved å sjå på mengda. Eg måtte inn i mengda for å finne holocausts vondskap. Der fann eg Isak, med vesle Rebekka ved hand. For ho var han det trygge, for han var ho alt. Brotverket var kva tidlegare vanlege menneske fekk seg til å gjera med desse to. Holocaust var same brotsverket om att og om att til ragnarok var nesten var fullført.

 

Oskar Schindler

Om talet på avretta jødar var 5,8 millionar, vil eg glede meg over dei 200.000 enkeltmenneske som fekk leve. Om talet var 6,2 millionar vil eg syrgje over dei 200.000 ekstra enkeltmenneske som heller ikkje fekk leva sitt liv.

I ein slik samanheng, der enkeltmenneske i mengda blir sett, ein for ein, blir og holocaust-nektarane sin tal-manipulasjon uinteressant.

Oskar Schindler er mitt førebilete. Han var ikkje nokon edel person, krigsprofitør med fleire feil og nokre gode sider. Då hendingane ikkje var til å leve med, freista han å gjera noko for dei som var rundt seg. Med smarte triks, pønska ut av jødiske hjelparar, klarte han å berge om lag 1100 jødar. Han var eit menneske, som med alle sine feil og manglar, likevel sto opp når det gjaldt.

Mi og di oppgåve er som Schindlers, å stå opp for rett der vi er når urett trugar, utan omsyn til om den truga er jøde, kristen, muslim, sikh, andre grupper, homofil, funksjonshindra eller ateist. Det er ein lærdom vi er pliktige til å ta inn over oss etter 26. november.

 

Orsak (unnskyld)

Samuel Steinmann klarar ikkje å hate

I dag kom politidirektøren med ei offisiell orsaking for overgrepa politiet utførte. Det var seint, men rett. Berre ein av dei overlevande fekk oppleva orsakinga, Samuel Steinmann.

Men det er større kraft i Samuels eigen bodskap; - eg klarar ikkje å hate, fortel han som har kjent på eigen kropp og i eiga sjel det verst tenkelege av menneskeleg vondskap.

Kyrkja har vedkjent sitt svik. Det er ikkje ei orsaking, men i mine øyro står ei vedkjenning sterkare. Ei vedkjenning pliktar til historisk grep, for ikkje å gjera feila om att.

Aldri meir 26. novembar!

 

 

 

 

 

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no