...

Mediemobben ...

... påfører den skuldlause utåleleg smerte og skam. Den skuldige får ekstrem tilleggsstraff, og blir fråteken høvet for nøktern saksgang. Slik trakkar Dagbladet ideane bak heilt grunnleggjande menneskerettar under fot, som EMK § art 6 om rettferdig rettergang, og FNs menneskerettskonvensjon artikkel 5 om umenneskeleg eller nedverdigande handsaming.

Vicicevic-saka. Sjølv om det skulle syne seg at Dagbladet har rett i saka, har Petar Vucicevic ikkje gjort seg straffeskuldig i noko brotsverk. Han kan ha brote internreglane til arbeidsgjevar, og må i så fall ta ansvar for det. Dette er altså dimensjonen i noko som får 20-30 heilsider i Dagbladet, og truleg enno meir i tida som kjem. Til samanlikning har ikkje kampen mot segregering av funksjonshindra i Noreg blitt tilgodesett med ein einaste kommentar i Dagbladet dei 25 åra kampen har blitt ført, løysingane utvikla og om byråkratisk og politisk beinkrok som sementerer segregering av ein minoritet. Det seier litt om proporsjonane i den redaksjonelle prioriteringa i Dagbladet.

 ***

 

20 nov 2012

Dagbladet: Mobbing i ynkeleg redaksjon

Kvifor mobbar norske journalistar sitt publikum, på måtar som ville gitt avskil på eigen arbeidsplass?

 

Dagbladets redaktør John Arne Markussen tillet mobbeteknikkar i redaksjonen. Like eins VG-redaktør Torry Pedersen. Begge avisene tok fram storslegga og kravde ein LO-leiars avgang då ho vart skulda for mobbing.

 

 

 

Av Terje Marøy / Stigmavakta

 

I dag, 20.november 2012, er ein merkedag. Eg fhar fått fyrste alderstrygda mi. Eg har levd fram til ein monaleg alder, trass dårlege aldersgener i slekta.

Trygdelappen syner og at alderstrygda mi er om lag 100.000 kroner mindre enn om eg hadde dyrka feigskapen i meg. I Libanon var eg major i hovudkvarteret til FN sine fredsstyrkar. Det var ei anna tid. Den gongen skulle ein teie om krigsbrotsverk, i alle høve israelske. Eg braut direkte ordre om det og fekk avskil i unåde.

Eg minnest dagen for 25 år sidan, då eg såg meg i spegelen. No øydelegg du framtida di, sa eg åt meg sjølv. Eg hadde arbeidt i eit militært fagforbund, og var vel kjent med konsekvensen av ordrenekt. Det gjekk som eg rekna med. Etter den dagen har det berre vore strøarbeid å få. Du veit, når eg er i jobbintervju og seier at eg fekks avskil grunna protest mot mennesrettspraksis i Noreg og FN, bli vegen mot truverd heller bratt.

 

Kujonar i pressa
Sjølv har eg ikkje angra ein dag for at eg stod opp for dei verdiane eg trudde på. Dei siste vekene har eg lurt på kor det personlege motet i sensasjonspressa har blitt av. Gjennom fleire år har VG, og i enno større grad Dagbladet, opphøgd mobbing til ein integrert del av journalistikken.

Verre enn så. Etter at Dagbladet dreiv mobben mot Tore Tønne til han heiv seg utfor stupet, presterte Dagbladet å kvitvaske seg sjøl i en internrapport. Vilje til læring var fråverande. Då det viste seg at advokatfirmaet Bahr fekk eit mindre forelegg for brot på presisjonsreglane i rekneskapslova, presterte dåverande småredaktør Lars Helle å seie offentleg at bota synte det var rett av Dagbladet å køyre saka. Slik synte han for all verda at psykososial kompetanse er fråverande på redaktørnivå i Dagbladet. Det er styrets ansvar å syte for at redaktørane er kvalifisert, så Dagbladets styrt har svikta på dette punktet.

Eit forelegg til eit advokatfirma, skulle altså unnskylde mobbedrapet på ein som ikkje hadde noko med fakturaen å gjera. Det var aldri noko gale med fakturaen frå Tønne si hand.

 

Integritet

Det fins ikkje noko informasjonsomsyn som kan gir grunn til å knekkje det einskilde menneske i offentleg gapestokk. Kvifor er det ingen i desse høgt profilerte redaksjonane som takkar NEI til redaktørane sitt sensasjons- og opplagsjag på den einskilde manns og kvinnes ulukke. (Og for ikkje å generalisere, det fins sikkert nokre journalister som i protest eller sjølkritikk har teke ansvar).

Kva betyr vel nokre tital eller hundretal tusenlappar i høve til å miste sin integritet. Det er ikke farleg å stå opp for rett, faktisk er det ei god kjensle, kanhende den beste kjensla som fins.

Ein ny djevelens advokat som Helle varsla etter Tønne-saka, vart det aldri noko av. Denne skulle vurdere sensasjonssaker før dei blei prenta. Ein slepp ikkje ein festbrems inn på festen. I Dagbladet var dette heilt ukjent då eg i fjor spurte spurte kven fyren var.

Tønne er ikkje åleine. Dagbladet har utvikla seg til eit statssubsidiert mobbeorgan. Om subsidiane i form av momsfritak får eg ta ein Sigbjørn Obstfelder, - eg undrast om eg har havna på feil klode, (fritt etter hugsen).

Kvifor sette ikkje Dagbladets journalistkorps foten ned i denne truleg verste og fleire andre mobbesaker? Kor mange saker som har enda i dauden veit eg ikkje. I fylgje sjølvmordsenteret i Oslo, har det ikkje vore forska på dette. (Artikkelen held fra nedanfor ramma).

NOKRE MOBBESAKER

Børsdirektør Erik Jarve begikk selvmord etter massive beskyldninger om sammenblanding av egen og børsens økonomi. Tyngden i beskyldningene er ikke avklart, siden hans død satte stopp for videre undersøkelser.

Helsedirektør Anne Alstad ble presset til å gå av for at Helsedirektoratet skulle få arbeidsro. Fasit; ingenting å klandre Alstad for.

KrF-poilitiker Jan Birger Medhaugs karriere ble lagt i grus, etter at særlig Dagbladet kjørte en kampanje mot ham. Fasit; ingenting klanderverdig ved Medhaug.

Dagbladet drev tidligere helseminister Tore Tønne i døden, for en sak som etter hans død smuldret til nesten ingenting. Muligens var han en del av rotet rundt politikernes etterlønnsordninger, som har vist seg uklare, som rammet en lang rekke stortingsrepresentanter og statsråder, og som Magnus Stangeland ble frifunnet for. Den mye omtalte fakturaen på Tore Tønnes suksesshonorar var i sin skjønneste orden, men mellomfakturaen mellom advokatfirmaet Bahr og Røkke brøt presiseringsreglene i regnskapsloven. Men det forholdet var Tønne uvedkommende. Dagbladet har fortsatt ikke offentlig bedt familien Tønne om unnskyldning. Tvert imot har de levert sin interne hvitvaskingsrapport som er noe av det mest ufølsomme og ondsinnede jeg noensinne har sett, og som er blottet for psykosoial innsikt. Medforfatter Lars Helle ble ny redaktør i Dagbladet, og er nok noe av forklaringen på Dagbladets etiske forvitring de senere år.

ERSTATNING
Ambulansesjåfør Erik Schenken er påført varig sykdom etter vedvarende mobbing i Dagbladet. Hans skade er godkjent av retten som yrkesskade. I en annen sak er Dagbladet er dømt til å betale ham en million kroner i erstatning for usanne reportasjer og kommentarer. I den saken mener bloggeren/kommentatoren George Goolding at Dagbladet forsøkte å forklare seg falsk i retten.

Denne saka vil avgjøre om norsk presse i likhet med alle andre skal stå ansvarlig for usann negativ omtale som påfører folk skade.

 

 

Ny spalte
Eg vil no opna ei ny spalte "Mediemobbing" under Medier på stigmavakta.no. Der vil eg halde eit kritisk auge på Dagbladet, og andre medier som driv uetisk. At råkjøret mot Petar Vucicevic blir fyrste oppslaget er reint tilfeldig, sidan den er dagsaktuell denne veka. No er råkjøret retta mot han.

Mobbing handlar mindre om redaksjonen har sakleg rett eller ikkje, men meir om omfang. Min mentor i faget mobbing var den gamle verksemdslækjaren Bjørnar Brændeland i dåverande Kreditkassen. Han sa det slik: "Grev du etter møkk, finn du møkk, om kvar einaste ein av oss. Men dette seier ingenting om kven vi er."

 

Tanken skal vera fri for straff

Menneske har kvar og ein sterke og svake sider. Vi har ei privat og ei offentleg sfære. Vi kan tenkje det vonde og likevel gjera rett. Vi kan late oss freista, men vi kan ombestemme oss. Eg skal ikkje granske tanke, ord og handling hjå Vucicevic. Det er arbeidsgjevaren/friidrettsforbundet si oppgåve.

 

SAKENS RAMME

  • Saken dreier seg om brevveksling for ti år siden mellom Petar Vucicevic og en bekjent/kamerat i Serbia.
  • Forholdet er ikke straffbart etter idrettens strafferegler, (som i seg sjøl kan være ulovlige, men det er en annen sak).
  • Forholdet er muligens etisk klanderverdig. Men den vurderingen kan ikke løsrives fra at vi alle har en helt annen tone og kommunikasjonsform med venner, enn i offentlig sammenheng. Vi diskuterer temaer langt friere i en slik setting. Alle har vi private handlinger på samvittigheten, som ville vært uspiselige i jobbsammenheng eller i det offentlige rom.
  • Privat post på avveie er resultat av en opprivende familiekonflikt.
  • Under mediekjør er det vanskelig å holde saklig fokus og uttale seg klokt i enhver situasjon. Uheldige utspill i en slik setting, må håndteres med forsiktighet.
  • Og om man lar seg friste, er det et langt steg fra det straffefrie ønsket og forbelsen, til den straffbare handling. Mellom ligger elementet ombestemmelse, som kvalifiserer til straffefrihet. Det må idretten som samfunnet ta inn over seg, også i dopingsaker.
  • Om han har dopet sine utøvere, har han brutt et sentralt punkt i arbeidsvilkårene. Fortsatt har han ikke gjort noe kriminelt, men kan bli oppsagt. Selv i dette tilfellet kan ikke det uproporsjonale mediekjøret forsvares, etter noen som helst etisk standard.

 

Men arbeidsgjevaren får ikkje arbeidsro ro. I dag hadde både VG og Dagbladet fem heilsider om mannen. Totalt har han så langt tålt eit 20-tal sider berre i Dagbladet, og berre redaktør John Arne Markussen veit kor strek skal setjast.

Vucicevic er ikkje mistenkt for noko brotsverk. Saka handlar om han har hatt god moral, og om han kan ha brote dopingreglane. Til samanlikning hadde Dagbladet i dag ei halv side om Høgsteretts plenumssak om innvandrarborn, som slest for livet sitt. VG nemnte ikkje den saka med eitt ord (så langt eg såg). Vucicevic har for lenge sidan passert oppslaga om krigsbrotsveksaka mot ein mann frå Rwanda i førre månad, skulda i Oslo tingrett for 15 gonger så mange drap som Anders Behring Breivik.

Mobbing handlar ikkje minst om proporsjonar.

 

Dobbeltrolle
Eg skal ikkje her gå inn på den einskilde journalist. Men eg må nevne kommentarane til Esten O. Sæther, kan hende den mest profilerte sportskommentatoren i landet. Eg har sjølv hatt stor glede av kommentarane hans sidan han skreiv sine fyrste for to-tre tiår sidan.

Likevel, når ordet doping blir nemnt, verkar det som om han trekkjer nissehuva ned over øyro og svekker vidsynet med skylappar. Han skriv i avisa om ein arbeidskollega før saka er avgjort av arbeidsgjevaren.

 

Esten O Sæther har vore djupt illojal i denne saka, hinsides det arbeidslivet kan godta.

 

Om han hadde handtert ein kollega i Dagbladet slik, ville han fått avskil på flekken. Det same ville dei andre i mediemobben fått. Idrettens verdigrunnlag er i utgangspunkt svakare enn samfunnsnorma. Likevel, norsk idrett kan ikkje leva med at kolleger handterer kvarandre på denne måten. Esten O Sæther bør velgja om han ville vera skribent og uttale seg fritt i pressa, eller om han framleis vil vera trenar for futsallandslaget og teie om personalkonflikter under utgreiing. Den framste talsmannen for etikk i norsk idrett, skal ikkje sjølv ha fritak for grunnleggjande moralske og etiske normer.

Sæther kan godt ha rett. Men det er både juridisk og etisk ugreit at tilsette heng kvarandre ut i media, så lenge ei personalsak er under utgreiing, Det har eg sagt frå både til Sæther og Fotballforbundet.

Etikaren blir i denne saka teken bukselaus.  Utan ære må han gjerne utpeike andre som ærelause og feige.

Sæther og høgdehuset

I eit tiår har Esten O. Sæther støtta det særnorske forbodet mot høgdehus, som han hevdar er ei etisk gråsone. Dette diskriminerer fattige idrettsungdomar, ved at dei blir nekta å konkurrere med same fysiologiske vilkår som rike norske idrettsmiljø og utlendingar. Sementert ujamn rett er beksvart etikk.

Samstundes ser eg ingen protest i Dagbladet eller andre idrettsmiljø når idrettsfolk etter konkurranse pustar rein oksygen. Det tilsvarar ein oksygenmanipulasjon som er meir enn fire gonger så stor som høgdehuset. Nytta er kjappare utskifting av slagg i blodbana og betre restitusjon.

Det set kan hende Sæthers skylappar i eit vist perspektiv. Rett skal vera rett, sjølv om eg ser på oksygenpusting som uproblematisk, kan Sæther vera usamd. I så høve vil det truleg kome fram i ein kommentar.

Tema

Presseetikk

Presseetisk kan ein spørje seg om kva etikk som opnar for at utsegner som ville gitt avskil internt, skal vera greie nok å utsetje publikum for. Både Dagbladet og VG er i reportasje- og leiarartiklar opptekne av ungdoms mobbing på sosiale medier. Men si eiga mobbing på dei største internettplattformane bryr dei lite. Enno ein gong ser ein sanninga i meisterens ord; - du ser flisa i auget til bror din, men bjelken i ditt eige blir du ikkje var.


Om mediemobbing

I ein eigen artikkel skal eg syne korleis Dagbladet, og i nokon grad VG, byggjer opp sine avsløringar med etisk forkastelege metodar. Sjølv om eg er pensjonist, er dagane fulle av alle slag oppgåver, så eg må oppdatere nettsida mi når eg får tid.

De får stikke innom frå tid til annan og sjå etter.

***

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no